Investerer stort i sauedrift
På ein gard i Fardal i Fyresdal er det plan om å bruke 3,9 millionar kroner til å byggje fjøs for 300 vinterfôra sauer.
Guro Blessum Libjå og Jan Erik Blessum Johannessen kjøpte ein gard i Fardal i 2011, og byrja med 30 vinterfôra sauer i det gamle fjøset. No har talet auka til 110 sauer.
– Det er sauer over alt. Kvart ledige rom er fullt av dyr, smiler ekteparet.
Artikkelen held fram under annonsen.
Båe er i heiltidsjobbar utanfor garden, men tanken er at Johannessen skal trappe ned og bli meir og meir bonde. Det er søkt Innovasjon Noreg om tilskot til å byggje nytt sauefjøs til 3,9 millionar kroner. Håpet er opp mot millionen i tilskot, i tillegg til ein søknad som skal gå til Fyresdal kommune. Vidare skal det vere ein god del eigeninnsats på byggjeprosjektet, og det må takast opp lån.
– Det er ei heftig investering?
– Ja, men skal ein drive med dette kan ein ikkje halde på som i dag, svarar Libjå.
Sauetalle i trillebår
I tillegg er det bruka bortimot ein million kroner til å stelle opp våningshuset.
– Det er moro å ha fått fram den gamle stilen på huset utvendig, seier ekteparet.
– Det blir ei greie å få liv att i grenda og på gardane. Det er absolutt viktig, legg Libjå til om det å investere på eigedomen.
Med tida kjem nok ektemannen til å bli heiltidsbonde.
– Me må vel satse på det. Det er artig å drive med dyr, noko eg har vore interessert i sidan eg var gutunge, seier Johannessen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Han er oppteken av at sauedrifta skal vere så lettvinn som mogleg. Det skal ikkje vere slik som i vinter der det tre gonger i fleire rom er tatt ut sauetalle ved hjelp av trillebår.
I det nye fjøset skal det vere ein møkkakjellar med blautgjødsel som ein kan pumpe over til møkkaspreiaren.
– Det er mykje verdi i blautgjødsel i forhold til talle. Det luktar litt då, men …, humrar Johannessen.
Godt miljø
Ekteparet har ikkje problem med å få tak i nok beite, og er alt med i Vestheia beitelag. Om det knip har garden også eige beite til sauene.
Både Libjå og Johannessen har registrert at det er ein positiv trend i sauehaldet i Fyresdal.
– Det er viktig å framsnakke sauehaldet, for dette er det triveleg å drive med, seier Libjå.
Noko anna som gler henne er at ein har fått eit godt miljø kring det å ha gjetarbikkjer.
– Så det er mange gode gjetarbikkjer i kommunen?
Artikkelen held fram under annonsen.
– No hjelper det fælt, ja, svarar Libjå.
Sjølv har ho og ektemannen to sauebikkjer.
– Eg hadde aldri kunne drive med sauer om me ikkje hadde hatt bikkje, seier Libjå.
Langt fleire sauer
– Så lenge eg har jobba her har eg aldri sendt så mange søknader til Innovasjon Noreg på ein gong.
Dette seier ein smilande landbruksrådgjevar Elin Skålid i Fyresdal kommune. Fem søknader på same tid er heilt uvanleg. I samband med generasjonsskifte på ein husdyrfri gard, er planen for ein fyresdøl å byrje med 130 vinterfôra sauer i fyrste omgang. Ein annan person i Fyresdal vil byrje med mjølkekyr, fyrst 20 og så er planen å auke til 40.
I tillegg kjem søknadene frå gardane Tortveit og Songedalstveiten som gjeld satsing på telemarkskyr, og Fardals-bruket som skal få nytt sauefjøs til 3,9 millionar kroner.
– Drift av storfe i Fyresdal ligg på same nivå. Nokon sluttar og andre byrjar, seier Skålid.
Men sauetalet er i ferd med å auke monaleg i kommunen. For fem år sidan var talet på vinterfôra sauer under 900. I fjor var det kome opp i 1250, eit tal som vil kome godt over 1500 sidan det er to bruk som planlegg å ha mange sauer.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det er optimisme i sauenæringa, og det bidreg Fyresdal sau og geit til. Der er det godt miljø med fagpåfyll og sosialt samvær, seier Skålid.