Kurshaldar Juan Gutiérrez-Maupomé og biblioteksjefane i Fyresdal og Tokke, Liv Blørstad Kiland og Benedikte Nes, inviterer til skriveverkstad.
Kurshaldar Juan Gutiérrez-Maupomé og biblioteksjefane i Fyresdal og Tokke, Liv Blørstad Kiland og Benedikte Nes, inviterer til skriveverkstad.

Inviterer til kurs i kreativ skriving

Biblioteka i Fyresdal og Tokke har gått saman om ein skriveverkstad der dei inviterer folk flest over 16 år til innføring i forteljarteknikk og kreativ skriving.

– Me utvikla ideen saman med høgskulelektor og omsetjar Juan Gutièrrez-Maupomé, som bur i Tokke, fortel biblioteksjefane i Fyresdal og Tokke, Liv Blørstad Kiland og Benedikte Nes.

Full utteljing

Nasjonalbiblioteket utlyser kvart år midlar til ymse prosjekt. Sist haust søkte Nes om midlar til samarbeidsprosjektet, og svaret var positivt.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me søkte om 80 000 kroner, og jammen fekk me heile søknadsbeløpet. Det er me verkeleg glade for, smiler Nes, som førte søknaden i pennen.

Planen er å tilby gratis kurs i skrivekunst for alle innbyggjarar i dei to kommunane. Både forteljarteknikk og litterære verkemiddel står på timeplanen.

– Kurset eller skriveverkstaden er ope for alle over 16 år, men me vil leggje vekt på å rekruttere flyktningar som er busette i kommunane. For dei blir det samstundes språkpraksis og ein del av integreringsprosessen, ikkje minst fordi dei skal inngå i blanda grupper med både norske og framandspråklege deltakarar, fortel Nes.

Tolv veker

Skriveverkstaden er tenkt å gå over tolv veker, parallelt i båe kommunane, med start i veke ti.

– Me ser føre oss to timar kvar gong. I Fyresdal blir det kvar onsdag, medan det blir kvar tysdag i Tokke. Me tek sjølvsagt pause når det er ferietid, til dømes påske, smiler Kiland.

Biblioteksjefane seier at dersom nokon har sjølvskrivne dikt eller historier liggjande i skuffar og skåp, er det berre å ta dei med på skriveverkstaden.

– Då kan me saman sjå på det dei har skrive og vurdere det om dei vil, seier dei.

I april i år er det 200 år sidan forfattaren og journalisten Aasmund Olavsson Vinje blei fødd. Det passar godt for prosjektet.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det passar veldig bra sidan me kjem til å ha søkjeljoset på skrivekunst og lokale litterære tradisjonar, seier biblioteksjefen i Tokke.

På ekskursjon

Som ein del av kurset er det planlagt to turar. Dei skal vitje diktarheimen Midtbø i Vinje, med omvising og foredrag av Hilde Vesaas, barnebarnet til Haldis og Tarjei Vesaas. Samstundes vil dei vitje Vinjestoga, heimen til A. O. Vinje. Den andre turen går til Oslo der dei skal vitje Ibsenmuseet, Litteraturhuset og Forfattarforeininga med ein norsk forfattar som omvisar.

– I tillegg håpar me å få besøk av ein eller to forfattarar, og helst nokon lokale, smiler Nes.

– Alle har noko å fortelje

Det er Gutiérrez-Maupomé som er kurshaldar. Han ser fram til å kome i gang.

– Alle har noko å fortelje, alle har ein historie. På skriveverkstaden har du høve til å utvikle din eigen stil og røyst. Du kan utvikle dine eigne tekstar. Det som også er fint er at du ikkje behøver å vere forfattar for å bli med, men det er sjølvsagt ein fordel om du er glad i å skrive, seier han.

Gratis og krev ikkje forkunnskap

Biblioteksjefane er spente på kor mange som har lyst til å bli med på kurset som altså er heilt gratis for deltakarane.

– Me håpar folk tek mot til seg og blir med. Dette er uformelt og spennande, og krev ikkje forkunnskap. Kanskje kan det inspirere nokon til å ta pennen fatt. Deltakarane får stor fridom med tanke på kva dei eventuelt vil skrive. Me håpar flest mogleg tek kontakt med oss og melder seg på, seier biblioteksjefane.