Irmelin (15) fekk Drømmestipendet
Irmelin Gunnes Trøite frå Bøgrend i Vinje er blant dei 100 i heile landet som får Drømmestipendet på 10 000 kroner.
Norsk kulturskuleråd og Norsk Tipping deler til saman ut stipend på ein million kroner, og 100 talentfulle kulturutøvarar får 10 000 kroner kvar. Irmelin Gunnes Trøite fekk det synlege beviset på kommunestyremøtet i Vinje torsdag.
Trøite har vokse opp med musikk. Ho trekkjer fram faren som ein musikalsk inspirasjon.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Mitt fyrste instrument var trommer. Då eg fekk piano var det kjærleik ved fyrste blikk. Eg har no spela piano i fem år og får undervising i kulturskulen, seier Trøite om seg sjølv på heimesida til Drømmestipendet.
Ho legg til at ho også spelar gitar.
Tre finalebillettar
15-åringen frå Bøgrend er med i to band: 4Use, som var nominert til stipend i 2016, og Rubber Ducks. Sistnemnde er med i forjupingsprogrammet til kulturskulen i Vinje. Ho fokuserer mykje på UKM kvart år. Fyrste gongen ho deltok var med ei teikning som ho gjekk vidare med til fylkesmønstringa. Også i fjor gjekk ho vidare, då åleine på scena med songen «When We Were Young» av Adele. Og i år toppa ho alt. Trøite var med i tre innslag som alle gjekk til finalen i Porsgrunn. Ho har skrive alle dei tre låtane (to med band og ein åleine) som blei framført på Ælvespeilet.
Eg har stått på scene sidan eg var 10 år og komponera songar sidan eg var 13. Dei to siste åra har eg fått mange tilbod om spelejobbar rundt om i Vest-Telemark. Dette har vore viktig lærdom i den musikalske utviklinga mi, og eg gler meg alt til neste spelejobb, seier ho.
Vil glede andre
Trøite drøymer om å leve av musikken.
– Eg drøymer om å kunne bruke min eigen musikk til å glede andre, gje kjærleik og uttrykke det eg har på hjarta til andre, seier ho.
Ho vil bruke pengane på å investere i eit lite heimestudio.
– Eg lever i eitt med musikken. Det er her eg høyrer til, og det er her eg føler meg heime. Her er eg trygg og kan uttrykkje meg som den eg sjølv er, skriv ho.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det er 14. gong Norsk kulturskuleråd og Norsk Tipping deler ut stipend til barn og unge mellom 13 og 20 år. Målet er å gje mottakarane motivasjon til å utvikle seg vidare og få høve til å oppfylle kulturdraumane sine.