Isslottet kan verte signalbygg i Åmot
Isslottet er eit sentralt element i vinnarutkastet frå Arken Arkitektkontor i Skien om framtidig utforming av Åmot nord. Juryen meiner Isslottet appellerar ved å spele på identitet. Bygget kombinerer ein bruksfunksjon med å tene som eit landemerke.
Plan- og miljøutvalet i Vinje er samde om at skiensarkitektanes framlegg «Et ikke helt tilfeldig møte» gjev eit best heilskapleg grep for å utvikle den gamle tettstadkjernen i Åmot.
Etter plan- og miljøutvalets oppfatning er vinnarutkastet mest realistisk å arbeide vidare med. Politikarane meiner ein no har eit godt utgangspunkt for å gje eit svar i høve til saknet av det gamle hjartet i Åmot, og gje området kring hotelltomta og kroa form og puls.
Artikkelen held fram under annonsen.
Plan- og økonomisjef Jan Myrekrok seier at plan- og miljøutvalet ynskte ei rask framdrift på det vidare planleggingsarbeidet. Rådmannen vil fremje eiga sak knytt til oppstart og framdrift av arbeidet med reguleringsplan for området.
Hovudattraksjon
Isslottet er hovudattraksjonen, og bygget er tenkt plassert i krysset E 134 og rv 37 (Raulandsvegen). I omtala av dei tri innkomne arkitektframlegga, vert ideen om eit isslott karakterisert som eit flott bygg med assosiasjonar til Vinje-kulturen, men utan å vere spektakulær. Bygget kan gje plass til både turistinformasjon og møtesal. Arkitektane ser for seg ei torgløysing med uteareal og festivalområde kring isslottet.
Plankontoret Hallvar Homme, som har gått gjennom dei tri innkomne framlegga i Idékonkurransen om Åmot nord, meiner isslottet er eit bygg som speler på eit spesifikt tema. Plasseringa vil vekke assosiasjonar mellom Vesaas og Vinje for eit breidt publikum. Samstundes er isslottet utforma på ein slik måte ein ikkje vil vente seg i Vinje, og vil dermed utgjere ei overrasking.
Skysstasjon
Vinnerutkastet har også framlegg om å reetablere ein overnattingsstad i området. Det er to alternativ; på nordsida av handlegata ved avkøyringa frå Raulandsvegen eller nord for bussterminalen. Det er skissert høvesvis 10 og 22 rom. Kroa eller skysstasjonen som arkitektane har lagt inn som eige bygg, er nemnt som resepsjon og serviceanlegg for overnattingsverksemda.
Skysstasjonen har areal til publikumsretta funksjonar som no er lokalisert til rutebilstasjonen på Åmothaugen. Det er ikkje sett av plass til verkstadareal, men ein vil kunne ha godslager for bilrutene.
Elles er det sett av parkering for ekspressbussane ved skysstasjonen, medan Telemark Bilruters noverande anlegg er tenkt gjort om til handelsverksemd i idéskissa.
Utgangspunkt
Framlegget tek i hovudsak utgangspunkt i den eksisterande situasjonen i gamle Åmotvegen med Vinjebue og Gruten som sentrale og strukturerande bygningar. Vinje kro, ambulansestasjonen, Gruten og Vinjebue skal vere bygningar som vert ståande.
Elles har planen kombinerte forretnings- og bustadhus i fleire etasjar. Desse husa er teikna inn mellom parkeringsplassen foran kroa og gamle Åmotveg og på tomta til Kårsteinhuset.
Artikkelen held fram under annonsen.
Kryssing av E 134
Vinnarutkastet ser for seg etablering av ein gangakse over E 134 frå hotelltomta til Åmothaugen. I fylgje kommentarane frå Hallvard Homme har ikkje vinnarutkastet eit godt alternativ for å knytte Åmot nord saman med Åmothaugen.
Eit anna av framlegga «Origami» har løyst kryssinga av E 134 på ein måte plan- og miljøutvalet fann spennande. Her tenkjer arkitektane seg ei gangbru i svak vertikal boge frå Åmothaugen til hotelltomta. Gangbana haldast oppe gjennom eit stålrøyr. Stålrøyret kan utformast til å vere ein gangbar tunnel med ei utstilling om kraftutbygginga som er ein sentral del av utviklinga både i Vinje kommune og i Åmot. Inspirasjonen er henta frå vassrøyr til kraftanlegg.