Trekkspelet Vegard Omdal fekk av far heldt i førti år. På femtiårsdagen fekk han eit nytt av gode vener.
Trekkspelet Vegard Omdal fekk av far heldt i førti år. På femtiårsdagen fekk han eit nytt av gode vener.

Ja-menneske og bygdemusikant

Det er ni år sidan Vegard Omdal (71) blei pensjonist, men han kviler ikkje noko særleg på laurbæra. Det har han for mange interesser til.

Denne føremiddagen er det uvanleg stille heime hjå Vegard Omdal. I stova, som han deler med kona Bibbi, smiler ljosleitte etterkomarar frå hyllene bak glas og ramme. Dei har fostra fem barn, og no har dei like mange barnebarn. Nok å fylle fritida med der, tenkjer kanskje du – men Vegard har alltid greidd å finne tid til lidenskapen sin – musikk. No har han fått fortent heider for det utrøyttelege og livslange engasjementet sitt som bygdemusikant. Over det flittig bruka pianoet heng heidersdiplomet, Vinje kommune sin kulturpris for 2016.

«Når ein programmerar seg inn på at det går bra, gjer det også det.»

Artikkelen held fram under annonsen.

«Det er nok mange som stiller seg bak avgjerda om at Vegard er verdig ein kulturpris», heitte det i grunngjevinga frå Vinje kommune. Det må kunne seiast å vera ein påstand fri for kontrovers. For så lenge Vegard har vore vinbyggje, har han vore trufast tonefylgje i kyrkja, til allsongstunder på eldresenteret, på 17. mai, skuleavslutningar og joletrefestar. Mellom anna. At han ikkje kan lese notar har aldri vore til hinder.

Lytte og lære utanåt

Då Vegard var 10 år gamal fekk han sitt fyrste trekkspel av faren. Det kosta han 400 kroner, ikkje langt frå ei månadsløn for ein lærar i 1956.

– Og han som korkje kunne eller var interessert i musikk, minnest Vegard.

I ein kjellar hjå bondeungdomslaget i Stavanger var tiåringen på trekkspelkurs fire kveldar.

– Etter fjerde gongen gret eg så hardt at eg fekk lov til å slutte. Og der slutta utdanninga mi innan musikk.

I likskap med dei andre gutane som voks opp på Våland song Vegard i Domkirkens guttekor i Stavanger. Då han blei vaksen nok gjekk han vidare til montettkoret. Her fekk han bryne seg på Bachs juleoratorium og Händels Messias, som koret framførte for fullsett domkyrkje, akkompagnert av symfoniorkester. Skrekkeleg moro, syntest Vegard, som blei heiltent på klassisk musikk – men notane kunne han for alt i verda ikkje forstå. Dei timelange verka måtte lærast utanåt.

– Det var litt murring i benkeradene blant dei som hadde skjønna at eg ikkje las notar, men så var det nokon i folkemusikkmiljøet som tok meg i forsvar«Er det nokon som kan notar då?» spurde dei.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sidan er det folkemusikkmetoden som har vore gjeldande: å lytte og lære utanåt.

Eple av gull i skåler av sylv

Med fersk mastergrad i sosial administrasjon og planlegging frå universitetet i Michigan, vende 26 år gamle Vegard Omdal heimatt til Noreg i 1972. Per brev frå Otto Hauglin hadde studenten fått tilbod om jobb ved Diakonhjemmets sosialskole. Kompetansen hans var sjeldan på denne tida, så Vegard naut av å vera ettertrakta i arbeidsmarknaden. Han valde å arbeide i Asker kommune nokre år, men tilbodet frå Diakonhjemmet stod ved lag, og i 1975 blei han leiar for sosialprosjektet deira i Vest-Telemark. Det skulle han aldri angre på.

Hausten 1976, under eitt av dei lange personalmøta på PPD fekk han tilsendt ein lapp av den unge og vakre miljøarbeidaren Bibbi Tveito. «Som eple av gull i skåler av sylv er eit ord talt i rette tid», skreiv ho.

– Ho må eg prate meir med, tenkte Vegard med eit flir, og som tenkt så gjort. Seks månader seinare var dei ektefolk – og etter fire år i Oslo, med ekteskapsinnkøyring utan alt for mange innspel frå slekta på galleriet, vende dei tilbake til Vinje for godt.

Mykje fridom, lite kritikk

Kontrasten frå livet i Oslo var stor. Vegard hadde arbeidd som leiar på ein institusjon for dauve med tilleggshandikap, med ansvar for 40 tilsette, 50 bebuarar og byggjeplaner for 30 millionar. No bestod kollegiet av éin annan. Skrekkeleg stille, synst Vegard.

Det skulle rett nok ikkje forbli så stille. Frå 1981 til 1994 voks familien frå to til sju medlemer. Vegard engasjerte seg samstundes i lokalpolitikken, og var innimellom organist og aktiv i kulturlivet i Vinje på mange frontar.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Å ha fem ungar har sjølvsagt vore ei administrativ og praktisk utfordring. Veldig moro, men ein må vera klar over at det krev. Me er nok effektive, både Bibbi og eg, og me likar at det er innhald i dagane. Samspelet oss i mellom har i alle tider vore godt. Me har gjeve kvarandre mykje fridom, og lite kritikk og grenser.

Mantraet «det går bra det, veit du» har nok også vore eit nyttig verktøy.

– Ja, eg har alltid trudd veldig på det. Når ein program- merar seg inn på at det går bra, gjer det også det. Det hende nok at eg var i tvil av og til, for me hadde mange ballar i lufta då ungane var små. Dei lo litt av meg i politikken, for eg måtte ha ein pause frå det då me fekk tre ungar – og byrja att då me hadde fem. Då lura dei på om eg måtte lufte meg, flirer Vegard.

– Eg treivst i politikken, det var ein spennande måte å lære kommunen å kjenne på. Men enkelte utrivelege situasjonar kjem ein vel ikkje utanom. Me krangla og bråka i møta, og så var det kaffi etterpå.

Frå leiar i PPD til organist i Vinje

I 2000 fekk Vegard ein telefon frå kyrkjeverja i Vinje.

– Organisten har slutta, så no må du ta over, laud meldinga.

Vegard søkte permisjon frå leiarstillinga i Kviteseid PPD, og fekk den innvilga under føresetnad av at han spelte ein salme på pianoet i foajeen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg trur eg gjekk ned tretti lønstrinn eller noko slik, humrar Vegard.

Organistvikariatet skulle i grunnen berre vara i eitt år, til Vinje kommune fekk tak i ein «skikkeleg organist», i Vegard sine ord. Men han blei beden om å søkje då stillinga blei utlyst etter at vikariatet var omme, og fekk jobben i tøff konkurranse.

– Det var ville greier, og det blei litt bråk også. Det forstår eg. Der kom eg utan peiling og blei organist. Men det fungerte som gudstenestespel, og folk syntest eg var god å syngje til. Det er den beste komplimenten ein organist kan få, meiner Vegard.

Tre år seinare tenkte Vegard at han måtte byrje med «noko han kunne» att. Dei siste åra av arbeidslivet var han sosialog barnevernsleiar i Vinje, og på dagen då han var 62 gjekk han av med pensjon.

Einsamflygar i samspel

Sidan har dagane i stor grad vore fylte av musikk. Og då Vegard takka for kulturprisen siterte han Halldis Moren Vesaas: Meir enn du gav fekk du att. Spennvidda er noko av det artigaste, synest den glade bygdemusikanten.

– Eg har spela i gravferd hjå pinsevennene i Evangeliehuset, og for humanistane på Vinjehuset. Eg har akkompagnert songglade ungar på skuleog barnehageavslutningar, som skiftar tempo frå vers til vers. Og ei av dei sterkaste opplevingane eg har hatt gjennom musikken, er i eldreomsorga med demente. Når vindauget mot verda blir mindre og mindre, og av og til heilt tilgrodd, gjev musikken ein plattform for kommunikasjon der det elles er stengd. Når dei høyrer kjende tonar, nynnar dei med.

Fram til no har musikken i stor grad vore noko Vegard har hatt for seg sjølv. Det har aldri vore til hinder. På syttitalet kunne Vegard finne på å køyre åleine frå Vinje til Oslo berre for å få med seg ein jazzkonsert, for så å køyre heimatt på natta. Og for tre år sidan, då Bibbi var på handverkstur, tok Vegard Opelen fatt og køyrde åleine til Leipzig.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg høyrde fem Bach-konsertar, var på festival og køyrde heimatt. Det blei 250 mil på ei helg. Heilt topp, synest Vegard.

I Viseklubben har han fått brynt seg på eit ganske nytt konsept – samspel.

– I alle år har eg lent meg på å vera aleine og gjera som eg vil. No får eg streng beskjed om at eg må fylgje dei andre. Så som 70-åring må eg endeleg byrje å lære å spela litt skikkeleg.

Bård Bestum skal seie i frå

Tempo, positivitet og optimisme er ord som godt skildrar essensen av kulturprisvinnar Vegard Omdal. Det vi helst gå godt, og det skal helst gå fort. Og han omtalar sjølve seg som ein gamal mann, men kjenner seg ikkje slik. Dels innstilling og dels tilfeldig, meiner han.

– Min kjære bror, Einar, sprang maraton og var så sprek som berre det. Rett før jol i 96 blei han diagnostisert med hjernesvulst, og fem månader seinare døydde han. Det var berre oss to, og det kjendest så tilfeldig at dette råka han. Slike døme er det mange av. Så eg er forsiktig med å brife med god helse, men takknemleg for at det tilfeldigvis er slik for meg.

For nokre år sidan fekk Vegard konstatert «ein liten diabetes». Fastlegen gjorde han merksam på at ingen er «litt gravide», og at tilnamnet slik sett var litt tullete. Men han er fast bestemt på å la diagnosen bety minst mogleg i livet sitt. Rett nok har han kutta ned frå fire til ein sjokolade om dagen, men elles vil han ikkje slutte med korkje det eine eller det andre før han må.

– Inntil eg får signal om at det byrjar å røyne på held eg fram som før. Bård Bestum har lova å seie frå når eg byrjar å spela i vilska, smiler Vegard.