Eva Preede, planleggar i Statens vegvesen, orienterer Vest-Telemarkrådet om moglegheita for vegprosjekt i regionen.
Eva Preede, planleggar i Statens vegvesen, orienterer Vest-Telemarkrådet om moglegheita for vegprosjekt i regionen.

Ja til bom – nei til gang- og sykkelveg

I den såkalla moglegheitsstudien Vegvesenet har gjort for Vest-Telemarkrådet har dei bestemt ei prioriteringsrekkefølgje av vegprosjekt i regionen.

Tysdag førre veke møttest Vest-Telemarkrådet i Oslo. Mellom anna var to representantar frå Vegvesenet til stades for å vise og fortelje om funna dei har gjort i moglegheitsstudien for vidare vegprosjekt i Vest-Telemark. Byggeleiar i Statens vegvesen, Dag Rune Kvålen, har gått gjennom prosjekta og rekna ut kostnadar. Til saman vil det koste 1,3 milliardar kroner å gjennomføre alle saman.

Dei fire øvste prioriteringane i vidare vegarbeid slik Vegvesenet ser det er: 1. E134 Nordbygdi–Brunkeberg, 2. E134 Særensgrend–Bøgrend, 3. Rv41 Brunkeberg–Vrådal, Spjotsodd–Vrådal og Kviteseidkrysset og 4. E134 Høydalsmo–Breiland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kviteseid-ordførar Tarjei Gjelstad (Ap) gjorde det tydeleg at han såg det som vanskeleg å få gjennom eit vedtak i kommunestyret med denne rekkefølgja. Med stønad frå Vinje-ordførar Jon Rikard Kleven (Sp) og Vinje-rådmann Jan Myrekrok fekk han dytta Rv41 frå 3. til 2. plass på lista.

Men, det tenkte prosjektet på vegen mellom Brunkeberg og Vrådal inkluderer ikkje vidare arbeid med den ønskte gang- og sykkelvegen mellom Kviteseidkrysset og Kvitsund.

– Me har ikkje prioritert gang- og sykkelveg-prosjektet. Det er for få personar det blir viktig for. Slik har me tenkt akkurat no, seier Eva Preede, planleggar i Statens vegvesen.

Eva Preede og Karl Sandsmark i Statens vegvesen.
Eva Preede og Karl Sandsmark i Statens vegvesen.

Saman med sjefsingeniør Karl Sandsmark orienterte ho om funna deira. Ønsket om ein studie fekk rådet etter ein idéverkstad i Morgedal, der dei diskuterte kva behov dei har og kva prosjekt dei kan sette i gang og korleis dei skal prioritere. Det er trafikksikring, framkommelegheit og miljøbehov som står øvst på lista.

– Her får de forslaga me har til ein smart måte å gjera dette på. Denne studien legg grunnlag for politiske vedtak hjå dykk, seier Preede.

Bompengealternativa

– Det skjer ein del ting alt no med hjelp av dei statlege midlane me fekk sist. Betre vegar på Aust- og Vestlandet. Då vil kanskje fleire velje E134, seier Preede.

Dette er særleg aktuelt når det gjeld bompengealternativa dei har skissert. Bom er tenkt anten på E134 nord for Vinje eller ved Midtbø, på E134 mellom Nordbygdi og Brunkeberg eller på Rv. 41 i nærleiken av Kvitsund.

– Nytteprinsippet er noko som ikkje står i lova, men som er gjenteke i dei fire siste nasjonale transportplanane. Det skal vera samanheng mellom betaling og nytte. Den som betalar skal ha nytte av prosjektet. Det er føreslått at bomstasjonen blir plassert på kommunegrensa mellom Kviteseid og Seljord. Der går det 3400 køyretøy i løpet av eit døgn. 17 prosent er tunge. Nytteprinsippet er størst når me plasserer bomstasjonen der, så me har føreslege å prioritere eit prosjekt der. Der vil ein kunne tene inn om lag 300 millionar kroner over ein periode på 15 år. Truleg kan det også forsvare dei andre tiltaka i områda rundt. Det er også spela inn ein bomstasjon mellom Kvitsund og Sundet, men der er trafikken betydeleg mindre, seier Sandsmark.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det har kome fram at over førti prosent av trafikken på strekninga på E134 kjem frå Rv41, så den er betydeleg, seier Gjelstad.

– Ja, difor vil me tru at me kan forsvare tiltak på Rv41 med bomstasjon mellom kommunane, seier Sandsmark.

Ordførarane tok alle opp sine ulike bekymringar ved prioriteringsrekkefølga og bompengar. Dei varslar at dei vil ta opp sine respektive bekymringar i eigne kommunestyre. Kviteseidkleivane er det viktigaste for Kviteseid og Fyresdal, særleg med tanke på transport av tømmer, fisk og produkt frå Telemark kildevann.

I løpet av møtet var det også mykje snakk om statlege midlar til prosjekta. Møtedeltakarane var einige om at dei vil ha statleg stønad, men dei trur ikkje at dei burde krevje det.

– Staten må inn med pengar, men eg veit ikkje om det er lurt å sette det som eit krav. Då er eg redd dette hamnar nedst i bunken, seier Tokke-ordførar Jarand Felland (Sp).

– Ja, det blir feil rekkefølgje, seier Halvor Homme (Ap), ordførar i Nissedal.

– Me skal sjølvsagt jobbe for å få stønad, men me burde ikkje sette det som eit absolutt krav, seier Felland.

– Eg atterheld meg retten til å klage i ettertid viss det viser seg at me ikkje får statlege pengar, seier Erik Skjervagen (Ap), ordførar i Fyresdal.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me må vera forsiktige med dei kommunale vedtaka. Det er viktig at dei blir temmeleg like, for å seie det mildt, seier Børge Skårdal i Haukelivegen AS.

– Det ser ut som ein lang veg til mål finansieringsmessig. Eg håpar verkeleg me får med staten i tillegg. Det eg har snakka med ingeniør/prosjektleiar i Vegvesenet om er at me ligg på eit nivå der me ikkje skal sette plankrav. Me må starte med bompengepunktet, og jobbe langsmed med resten. Me må prøve å lempe det til så me får mest mogleg trafikksikker veg med dei kronene me har, seier Myrekrok.

– Meir frustrasjon enn glede

På Telemarkbenken seinare på dagen lufta politikarane sine tankar rundt prosjekta.

– Mange i transportkomiteen vil vera skeptiske til å utvatne dette her, med bom på E134 som gjev ringverknader økonomisk til Rv41. Det er ein forsømt riksveg. Det har den vore så lenge eg har drive med dette, seier Lene Vågslid.

– Det blir veldig feil å sette opp att ein bomring som har blitt fjerna før, sjølv om tanken bak er rett. Det må gjerast noko med Rv41, men då burde det vera med statlege kroner, seier Bård Hoksrud.

– Folk kan nok kome til å bli forbanna over å betale bompengar på ein veg som går til ein annan, seier Vågslid.

– Det er nok der usemja er i Vest-Telemark. Eg har tru på politikarane og regjeringa sine ønske om å løfte opp Rv41 og gjera den god. Og eg er redd ei blanding her kan skape meir frustrasjon enn glede, seier Homme.

line@vtb.no