Jacob var ein av 80 000
For å setje dyrsku-tala litt i perspektiv: Det bur om lag 14 000 menneske i heile Vest-Telemark. På den best besøkte dyrskudagen var 35 000 personar på innsida av portane. Totaltalet enda på 80 000.
Folket i Seljord, i Vest-Telemark, i Telemark og i store delar av Sør-Noreg er glade i Noregs største landbruksmesse. Mange travar trufast rundt på Dyrskuplassen både ein, to og tre dagar kvart år. I år enda det offisielle besøkstalet på 80 000.
Sjå fleire Dyrsku-bilde vedå klikke her.
Artikkelen held fram under annonsen.
Aldri før har så mange vore innom plassen ein fredag. 30 000 personar var innanfor portane i løpet av denne fredagen, og arrangørane kunne konstatere rekordbesøk. Laurdag var det også – som vanleg – veldig godt besøk, med 35 000. Sundag gjorde det kraftige regnvêret at det ikkje var så mange som våga seg ut, og besøkstalet enda på 15 000.
Besøkstala inkluderer alle som oppheld seg på plassen, altså er alle utstillarar, tilsette og dugnadsfolk medrekna. Yvonne Eilefstjønn i Dyrsku’n arrangement seier ho ikkje har dei konkrete tala for kor mange dette gjeld.
Mykje som skjer
Arrangørane er svært nøgde med årets Dyrsku, og gjer seg no klare for 150-årsjubileum neste år.
– Plassen handterte publikumsmengda fredag godt – folk var godt spreidde rundt omkring på alt som skjedde. Det er mykje av jobben vår heile året, å fortelje folk om alle dei ulike tinga som skjer rundt omkring på plassen, seier Eilefstjønn.
Ho fortel også at utstillarane melder om svært god omsetning i løpet av Dyrskuhelga.
Folkekultur og Knerten
Kultur frå scenen var eit satsingsområde i år, og fredag ettermiddag var 70 unge (og nokre få ikkje fullt så unge) folkemusikkutøvarar og folkedansarar frå Telemark på scenen i regi av Torgeir Straands «Til Telemark». Laurdag spela Valkyrien Allstars, og sundag var det barnedag med teater med Lillebror og Knerten – og 17 andre barneaktivitetar.
Tevlingresultat, husdyr
Kalvemønstring 5–10 år: Amalie Dyvik, Sandnes.
Artikkelen held fram under annonsen.
Kalvemønstring 10 år og oppover: Heidi Skårland, Bryne
Ungdom og geit: Øsmon Aarbakk og Jørgen Hauge.
Dyrsku-prisen geit: Geit nr. 4004 Kaisa frå Kåre Veslestaul, Øyfjell
Geit med høgste poengsum: Geit nr. 1029 Rosa frå Hege Gonsholt og Jon Olav Hauge, Arabygdi
Beste NRF-ku: Ku nr. 234 frå Joa Melk.
Beste Jersey-ku: Ku nr. 809 frå Kine Kollerud.
Beste Telemarksku: Ku nr. 210 frå Gunnar Haugo. Denne kua fekk også Dyrsku-bjølla og premie for beste ungku.
Dyrskuprisen for ku: Jerseykua frå Kine Kollerud.
Artikkelen held fram under annonsen.
Resultata frå hesteutstillinga og storfeutstillinga finst pånettsida dyrskun.no.