Jakta på dei frivillige
Den frivillige innsatsen som blir lagt ned av vaksne vesttelar i idrettslaga rundt i kommunane er stor og raus, men det kan vera vanskeleg å skaffe folk til dei tyngste verva. I desse dagar er det årsmøtetid i laga, og fleire av dei står utan folk i nøkkelrollene.
– Eg vil ikkje vera negativ, for dei som bidreg i laget gjer ein formidabel innsats. Me har jo klart å fylle alle verva utanom det viktigaste, seier leiar i Vinje idrettslag Ingrid Sudbø Tveito.
Fyrstkomande onsdag har Vinje idrettslag årsmøte. Leiaren har i fleire månadar vore ein av dei som jobba med å få tak i ein person til å fylle eitt av dei viktigaste verva i laget: leiar av fotballgruppa. 120 aktive fotballspelarar i kommunen treng ein sjef.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Eg er ingen ekspert på dette, men så vidt eg har forstått så var det enklare å få tak i folk før. Det er mitt inntrykk, seier Tveito.
Sjølv har ho sete som leiar i to år no, men ser for seg at det blir fleire. Det blir fort slik når ein fyrst tek på seg eit verv i eit frivillig lag.
Ho presiserer at dei som alt er involverte er flinke og at det alltid ordnar seg, men at viss ho skulle peike på eit sakn så er det forståinga for at mange av dei frivillige må ha på seg mange hattar for å få det til å gå rundt.
– I dei større idrettslaga er det mange fleire å dele verva på. Valnemnda her i Vinje har gått gjennom lista, og det er mange du kan velje ut som har eit verv frå før. Det er fotballtrenarar, skitrenarar og faste kakebakarar. Stort sett alle gjer noko, seier Tveito.
Når den faste kjernen forsvinn
I Vinje idrettslag, som dei fleste andre stader, var det i mange år ei fast kjerne som tok på seg utruleg mange verv. Når dei etter kvart har fått vaksne barn har dei naturleg nok trekt seg tilbake. Det har rett og slett vore eit generasjonsskifte.
– Då blir det plutseleg mange verv å fylle, og ein merkar godt kor mykje som trengst av frivillige krefter. Ein ser kor avhengig ein er av eldsjelene. Mange har blitt sittande i årevis, seier Tveito.
I dei to åra ho har sete som leiar har ho hatt det mykje moro. Det vil ho gjerne at dei som er usikre på om dei vil ta på seg verv skal vite.
– Eg trur folk er redde for å ta på seg verv fordi det verkar som det er for mykje å gjera, men det er ingen som ventar at du skal finne opp krutet på nytt. Ein skal få ting til å svive, men ein skal sjølvsagt kunne ha full jobb og familie ved sida av.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det er nokon som gjer dei store oppgåvene og startar større prosjekt, men dette er ikkje noko ein ventar av alle. Det er ikkje venta meir enn eit minimum, fortel Tveito.
Eit veldig viktig verv
Fotballgruppa er den definitivt største gruppa i Vinje idrettslag, og dermed også den gruppa med mest aktivitet. Det er det tyngste vervet, seier Tveito, men legg vekt på at ein ikkje treng å kunne fotball for å ta det på seg.
– Ein må berre administrere og delegere litt.
Valnemnda må ofte spørje folk fleire gonger. Det må dei rekne med. Å mase litt. Og leiar Tveito vil at foreldre med born i skulealder skal tenke på kor viktig det er med eit fungerande lag.
– Dei som blir spurt er dei som har aktive barn, og viss ein vil at borna sine skal få halde fram med aktivitetane sine så må alle gjera ein innsats, seier ho.
I Vinje idrettslag er det i underkant av 500 medlemar, og om lag 60 husstandar med foreldre som er aktive i laget.
Tveito vil kome med ei oppmoding ho veit høyrest ut som ein klisjé, men ho meiner at det stemmer i dette tilfellet.
– Alle som har blitt masa på og grubla lenge, og så blitt med, seier at dei ikkje angrar eitt sekund. Det er berre moro, og ein møter folk ein kanskje ikkje snakkar med elles. Ein er alltid mange om oppgåvene. Eit stort pluss med det heile er at ein får ei så nært forhold til borna, venene til dine eigne born. Det blir lettare å følgje med på mekanismane i barne- og ungdomsgruppene, seier Tveito.
Artikkelen held fram under annonsen.
– I tillegg så er det eit viktig signal å sende borna våre, det der med at ein må legge ned ein innsats for å få ting til å svive. Dugnadar er viktig. Og så er det berre slik at nokon må ta dei tyngste verva viss ein skal ha eit tilbod. Har me ikkje ein fotballeiar så veit ikkje me heilt korleis det vil bli med fotballen denne sesongen. Det er ikkje moro å true, men sesongstarten er for A-laget 6. april. Me håpar me får eit namn til årsmøtet på onsdag. Ting må rett og slett på plass.
Korleis står det til i resten av regionen? Me har høyrt med eit utval idrettslag frå dei forskjellige Vest-Telemark-kommunane. Me manglar Fyresdal, då me ikkje har lukkast å kome i kontakt med leiaren av idrettslaget der.
Kviteseid idrettslag:
Leiar Per Arne Diskerud kjenner seg godt att i at det er vanskeleg å rekruttere folk til dei tyngste verva.
– Det er litt samansett. I Kviteseid er fotballen bærebjelken, og der er det veldig mange av foreldra som stiller opp. Me ser det er tyngst å få tak i folk til styret og formelle verv. Særleg det å få inn yngre krefter, altså dei som har born sjølve. Me har ei barneidrettsgrein, der sleit me i starten, men no har me fått inn mange foreldre på dugnad og fått til noko veldig bra. Og så har me eit godt samarbeid med ungdomsskulen, der me har fem flotte jenter som hjelper oss, seier Diskerud.
– Når det gjeld dei tunge verva er det få som står på dørene og bankar på for å få dei. Mange er kanskje litt redde for å ta på seg formelle verv, og mange er opptekne med eigne ting. Då vil eg kontre med at ungdom i full aktivitet gjer dette verdt å drive med. Det er mange, mange, mange som er veldig flinke. Så me må ikkje la oss hindre av dei få som ikkje vil. Me må heie på dei som stiller, og så må me utfordre dei som er negative og kritiske. Men fyrst og fremst heie på dei som stiller opp.
Treungen idrettslag:
Leiar Elin Fjalestad førebudde seg til årsmøte onsdag kveld denne veka. Ho var ved godt mot.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Valkomiteen her i Nissedal har øydelagt statistikken litt i år, for no var det ein som sa nei til å sitte i styret vårt. Før det hadde ingen sagt nei på fem år, seier Fjalestad med ein liten latter.
– Me prøvar å ha litt utskifting, for det er sunt, og dei som har blitt ringt til har sagt ja med ein gong. Det er me veldig glade for. Det som er utfordringa no er å fylle leiarvervet, sidan eg vil gje meg med det. Eg er leiar av skigruppa òg, så det har blitt litt mykje.
Fjalestad har sete som leiar i to år, og ønskjer at det skal gå meir på rundgang.
Torsdag føremiddag ringer ho og fortel at ho ikkje fekk nokon andre til å ta over. Ho håpar det vil ordne seg på neste styremøte.
– Lokale idrettslag er veldig viktige for alle. Dei byr på samhald, venskap og felles opplevingar. Me har vore veldig aktive og hatt ein god gjeng som har engasjert seg mykje, så dei siste åra har me hatt aukande aktivitet. Idrettslaget blømer.
Ho fortel om ein kjerne på 10-15 personar som gjer veldig mykje. Ho sjølv og mannen hennar er to av dei. Han er skitrenar og fotballtrenar. Dei har også fort for å ta på seg småoppgåver, som å vaske fotballdrakter og koke saft til skirenn.
– Me har mellom 4000 og 5000 dugnadstimar i laget i løpet av eit år. Det utgjer fleire årsverk, det.
– Faren er viss det blir altfor mykje arbeid på dei få personane som gjer mykje frå før. Og det har det ein tendens til å bli. Fleire foreldre burde vera flinkare til å ta på seg desse småoppgåvene. Det er viktig for folk å vite at viss ein ønskjer seg eit aktivt idrettslag så må nokon ta på seg ansvar.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Då eg blei leiar sa svigermor: «Det var ei stor ære dette før!». Og det er verkeleg moro å leie eit idrettslag, men når ein har fleire verv kan det bli for mykje. Ein har jo ein tendens til å bli sittande nokre år viss ein fyrst kjem seg innanfor. Han før meg sat i seks år. Det er ikkje så vanskeleg å få folk til å hjelpe til, men leiaransvar er vanskelegare.
Ein gong ho var på eit møte med idrettsforbundet fekk ho eit tips av ein anonym seljording.
– Han sa: «Viss du skal kome ut av eit slikt verv så må du oppføre deg som ein skikkeleg drittsekk, for då klarar dei ikkje vente med å bli kvitt deg». Det må eg hugse på, ler ho.
Seljord idrettslag:
Leiar Tellef Solås har ei litt anna oppleving av iver etter verv. I Seljord likar dei seg ifølgje leiaren godt i verva sine, og det er ikkje det store behovet for utskiftingar heller.
– Me er heldige og har bekledd alle verv. Eg føler at det ikkje er eit stort problem akkurat no. Slik har det vore ei stund. Det er eit stort engasjement, og det har vore ein veldig god stabilitet. Dei som er leiarar har vore det i mange år og trivest godt med det.
Tokke idrettslag:
Leiar Elisabet Smalås Haagensen kan bekrefte mange av dei andre si oppleving. Å få folk til å sitte i styret er vanskeleg. Sjølv om ho synest det har vore givande å vera i styret, kunne ho tenke seg at nokon andre tek over leiarrolla på det komande årsmøtet.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det er mange trivelege folk med i styret og det er moro å vera med å bestemme over idretten, men me slit med å få nok folk til styret kvar gong det er val, og no har eg sete der i ni år. Det er meir enn modent for ei utskifting.
Ho har vore leiar i to år, og sat som nestleiar før det.
– Me har fire verv som skal fyllast opp før årsmøtet 28. mars og førebels har me ingen klare. Det har gjerne blitt litt slik at ein tenker «Ja, ja, me får ta eit år til». Det har vore nokre få utskiftingar, men når du fyrst blir valt inn så sit du ei god stund.
Tokke idrettslag har ansvaret for skikarusellen, barneidretten og trimgruppa. Fotballgruppa derimot, er ikkje under idrettslaget. Åmdal Tokke fotballklubb har eit eige styre. Haagensen trur dette kan vera ei av grunnene til at det er vanskeleg å få folk til idrettslaget. Mange prioriterer fotballen, då den er størst.
– Eg synest det er så viktig å sikre barneidretten, som femner om så mykje forskjellig, seier Haagensen.
– Me er eit lite lag og det er ikkje så mykje jobb i laget vårt, men det er framleis behov for folk. I fjor måtte me sette opp ekstraordinært årsmøte, fordi me ikkje hadde alt på plass til det ordinære. Me har til saman sju verv å fylle. Mange av foreldra til dei som er med i barneidretten er med i fotballgruppa, for eksempel. Det blir litt krasj mellom dei to, seier Haagensen.
– Me har også merka at det er vanskeleg å rekruttere til dugnadar, avsluttar Haagensen.