Jamn straum til vallokalet
Harald Smeland sit i stemmestyret og tar i mot innbyggjarar som vil røyste i Kviteseid saman med Johan Berntsen og Ellen Bentsen. Dei tre fortel at besøket var veldig bra sundag, og at det har vore jamt med folk måndag også.
– I ettermiddag blir nok pågangen større, og eg trur mange tok turen for å røyste sundag sidan det var dårleg vêr, seier Smeland.