Kjøpmann Mai Kile og Joker Fyresdal blei heidra under eit Joker-arrangement førre veke. Ho har overteke butikkdrifta etter besteforeldra. Her med bestefar Sigurd Kile.
Kjøpmann Mai Kile og Joker Fyresdal blei heidra under eit Joker-arrangement førre veke. Ho har overteke butikkdrifta etter besteforeldra. Her med bestefar Sigurd Kile.

Joker Fyresdal blei heidra av sine eigne

Matvarekjeda Joker har kåra butikken i Fyresdal til den beste i region søraust. Dei legg vekt på innsatsen kjøpmann Mai Kile og dei andre tilsette gjer for å skape eit godt miljø for lokalsamfunnet.

Joker Fyresdal blei kåra til ein av dei fem beste Joker-forretningane i landet under eit kjøpmannstreff på Gardermoen førre veke.

Juryen legg vekt på at Joker Fyresdal har hatt god vekst i omsetnaden dei siste åra, og at kjøpmann Mai Kile og dei tilsette er svært opptekne av god kundeservice. Fyresdal-butikken arrangerer aktivitetar og arrangement for å skape eit godt miljø for lokalsamfunnet.

Artikkelen held fram under annonsen.

På Facebook-sida til Joker Fyresdal takkar Kile kundar, tilsette, vener og familie for støtte og hjelp, og ein spesiell takk går til besteforeldra:

– Takk til kjære bestemor og bestefar som har lagt eit godt grunnlag og drive i nesten 60 år, og har trua på meg så eg kan drive bua vidare, skriv den unge butikksjefen.

Det var Joker Oslo S som nådde heilt til topps i konkurransen om å bli årets Joker-butikk.