Jolekonsert i Lårdal
I kveld blir det ein førjolskveld på Eben Ezer i Lårdal. Då kjem trubaduren og evangelisten Dag Arne Saltnes og syng for og med dei som er til stades. Den kristne jolebodskapen er gjennomgangsmelodien. Ein kaffikopp, eit kakestykke og ein prat blir det òg tid til ...
Dag Arne er ein forkynnar med glimt i auget – uhøgtideleg og humørfylt i stilen. På 1980-talet drog han i gang motorsykkelklubben Holy Riders, og han er framleis aktivt med i bil- og MC-miljøet. Han trakterar gitaren som få andre, meistrar Chet Atkins-stilen til fulle og har spela saman med førebiletet sitt. Dessutan er han med i «Rue Bourbon Jazzensemble» frå Haugesund.
Artikkelen held fram under annonsen.
Anten ein kjenner Dag Arne frå tidlegare besøk i Vest-Telemark, eller om det er fyrste gong ein høyrer den utradisjonelle predikanten, vil dette bli ein kveld ein hugsar lenge.