Jolemessa i frikyrkja gav rekordinntekter
Det blei lagt att 130 000 kroner på den 37. jolemessa i Treungen frikyrkje. Mange var på plass i kafeteriaen i frikyrkja før jolemessa eigentleg skulle opne.
Sist fredag og laurdag var det igjen klart for jolemesse i Treungen frikyrkje. Like før messa eigentleg skulle opne fredagskvelden, var det bra med folk på plass i kafeteriaen som blei stelt til i kjellaren i frikyrkjebygget.
– Det var så fullt av folk heile helga at eg trur ikkje me har sett liknande. Folk kosa seg sjølv om det var fullt, kaos og varmt. Det er flott at bygda står så opp, det er me veldig takksame for. Me fekk inn om lag 130 000 kroner, og det er rekord, seier Ingebjørg Haugsjå Holskar i jolemessekomiteen.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Kvifor er denne jolemessa så populær?
– Nei, kan du skjønne det, år etter år! Folk er fantastiske til å støtte opp, og denne gongen var det fleire ukjente enn vanleg, svarar Holskar.
Mykje til misjonen
Gevinstane til hovudlotteriet var gåver frå ulike folk. I år var hovudgevinsten 10 kilo kjøtt frå Heimdal høglandsfe.
Også på åresalet kom det inn mykje pengar. Vidare hadde det blitt baka ein del produkt for sal, mellom anna kransekake, lefse, flatbrød, småkaker og ferske brød.
– Og så hadde me ein flott kafeteria med komper, ertesuppe, gode kaker og kaffi, seier Holskar.
Andre innslag var at bygdefolk og andre kunne vere i frikyrkja og selje eigne produkt. Ti prosent av alt sal gjekk til messa.
– Alle som selde ting var nøgde med salet, seier Holskar.
Under messedagane var det to samvær; eine gongen song frikyrkjas barnekor og andre gongen var det møte med jolesongar.
Artikkelen held fram under annonsen.
Messa har lite utgifter. Mesteparten av inntektene går til misjonen, og noko til frikyrkja i Treungen.