Joletrefest på Fjellvang

Nokon hev’ vori der frå grytidleg og elda. – Både i den store Ulefossingen i salen og i komfyren på kjøkenet.

Det var stjerneklårt då dei kom. Dei tomla inn, fomla og fekk tent parafinlampur. – Ein dim ljoskji kring omnane. – Myrkt og spøkeriaktig i krokane og oppi himlingje i salen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Rive av næver og spikke krusar, leggje det fint uppå einaen og, så fyrstikka. Busj! – det flammar fint upp, – tek fort tak i turre pinnane og så større ved. Ljoskjen kastar seg ut i romet. Han som fyrar vermer fingane sine litt og fær på seg tvibandsvottine.

På kjøken strevar den hin. – Små dessa eldkammere i komfyrane, – må fara så nænneleg åt at. Endeleg fatar det i næveren. Det ryke fram midjom ringane. «Denna elendige filleovnen – vi’ki trekkje,» – karen turkar seg i augo. Elden vil kvælast. Karen hykjer seg ned og bles sakte, og det gløser til att. Litt meir blåsing og så fatar det bæri. Røykjen finn etterkvart vegen bakivi, opp i røret med kne og inn i pipa.

Karane hostar, det ligg ein grå, tykk røyk som skinet frå parafinlykte leikar seg med. «Huff denna røykjen», sei dei. Den eine tek opp tobakspungen og rullar, den are hev’ ein sneip i fyrstikkøskja, – fær halde det. Puttar i munnen, tenner, trekkjer. Goskleg sigarettrøyk stig opp og fram og blandar seg med røyk frå omnane. Karane smårør: «Det va’ eit sattanss kaldt vêr å ha joletrefest på» … «Ja, men treedagsfesten æ fast kvòrt år.»

«Ja, ja, då fær me bie litt og leggje i ei gong te før me stikke heimom,» er dei enige om. Dei gjere så, fyller omnane med god turr bjørkeved. Kjenner det vermer ein halvmeter i frå no. Dreg lovottir på nevane og skinnhettur godt nedivi øyro. Bretter upp kragar, tek sparkane og hastar heim. Det æ endå temleg roleg i gata. Berre nokon som romesterar uppi Bratlandsfjoset, og det ryke frå pipa på Vågslidbubakeriet. Gamlebakaren må vera tidleg uppe å baka, han.

Eldarane kom att mange gonger, fylte omnane og fyra og fyra, for – som du veit: «Store hus æ kalde, sa mannen, han låg ute joleftan» …

På fyrimiddagen kom det fleire for å stelle til joletrefesten. Olav Bergje hadde henta eit lagleg gråntre uppmed Skulestogåsen. No kom ’n med hest og slede og treet bakpå. Den heimelaga trefoten kom fram, treet hòggje til og så reist opp. Festa det for sikkerhetsskuld til jønnstengane som gjekk tvers ivi salen. Joleskjønna, laga av einslag glitterstengar, blei sett i toppen. Det va’ eit plunder å feste alle ljosklypene og få stearinljose til å stå rett opp, så det ikkje sille drupe av dei. Så var det kulur og fuglar og lekkji og norske flak, sjavsagt. – Det luktar godt av innkomen grån.

På kjøken dona kjeringar med å laga i stand til serveringje. Medfrakta vatn og mjåkk blei tømt i kjelar og vermt på vedakomfyren. Dei svarte jønnringane var tekne av og hekk på veggjen ved sida av. Det dampa på dei enkle glasrutune.

Mange hadde lesi om festen på plakatur som var sett opp på buine: Velkomne til Joletrefest på Fjellvang, kl 3. Opplesning. Gang rundt joletre. Mat … Tak med kopp …, sto det.

Artikkelen held fram under annonsen.

Finstasen måtte ordnast, for dette var verkeleg fest. Stort sett heimelaga klede, ofte omattsauma, mangt blei arva frå større syskjen. Somt måtte ordnast, kanskje leggjast ut hell upp hell saumast litt inn. Ungane bruka såkalla «underliv» med strekk som heldt heimespita sokkar oppe. Jentene hadde ljoseraude frotera underbukser. Gutane kvite makkounderbukser. På denna tid bruka dei ofte heimespita ullundertrøyer. Utanpå hadde gutane skjorter, eplenikkers, tvibandsokkar og spitevest eller genser, – og biksaumar på føtane då. Jentune hadde folleskjørt eller kjolar så fine som prinsesser då au. Sløyfe i håret. Kanskje smettesko på føtane.

Så kom dei då – i god tid: uttafrå bygde, åmåfrå Sollid og Åsheim – dei for ned Sollidbakkane. Dei frå gata og Bruflote ha’ stutte veg. Hauklingane kom sparkande og gangande med rim i hårtustane fordi det nara i Åbakkane.

Forvnetning og spenning låg i lufte. Det var store stunder å møtast på joletrefest! Ungar som ser på einannen, mæler kvòrare, er blauge, gøymer seg hjå mor, to- tre som vågar seg bort til treet, og studerar det. Åsulv, omlag seks år, sit på benken og ser i toppen av treet. Undrar seg på stjerna … korleis har dei greidd å feste den på så høgt tre …? Kristine, syster hass, stend ved sida. Der er komne mange Nigardsungar. Mor deires, Tone, hysjar på Jon og Kåre som flonast litt burti ei kro.

Knut Uppigard, Herbjørn Bruflòte og eit par Suigardsgutar er halvbest vaksne og har vasskjemd håret. Odny og Signe og eit par større Nigardsjentur stend i ein flokk og knislar og rør.

Der kjem Gunnar Bruflòte inn i full fart. Knipsar frosten av øyro. Set seg med sida av Stubben som sit og rør med Ragnvald og Bjarne på ein benk.

Haukabøungane er på plass, Gudleik er berre fire og ruslar rundt treet med hendene i lomma. Heddebrujenetene er så fine. Olaug har fått flunkende nye sko som Gunnlaug og Brita studerar. Bibbi og Lulli smiler tannlause og nyfikne.

Ein skokk ungar oppifrå Kryssi hev komi. Fireåringane Kjell og Oddvar spring etter kvarandre og held eit lurve leven. Sigrun passar på Dagfrid og Edith, som liknar på dokkur der dei stabbar i finkjolane sine.

Halla Hamre og Aslak Traval er liksom av dei store og prøvar seg på ryggjetak.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei vaksne rør og passar på dei minste som spring og hoppar og ramlar og somtid skrik og hev slegi seg.

På kjøkenet hev dei sett på oppvaskvatn og hev det meste klart. For no er tida der til å starte.

Skulelæraren stig opp på senen og inn på den fine talarstolen med utskorne bilete av Ivar Aasen og Aasmund O. Vinje. Det vert knyststilt i salen. Alle vender seg spente og oppglødde mot han som ynskjer velkomne og seier nokre alvordsord om jol og englar og Betlehem.

Så får to av dei store skulejentene koma fram å lesa kvarsitt stykkje frå jolehefte. Ingjar og Valla denne gongen. Dei les for ei fjetra forsamling av små æddingar og hauklingar som sit på benkar og golv med halvopne munnar i pure forundring over Jesusbarn og nissar og troll og dyr.

Etter programmet skjer det ekstra store. Folk tek kvarandre i hendene og lagar ringar rundt treet. Så byrjar dei å gå, ein ring ein veg, ein annan ring den andre vegen. Syng jolesongar og ser på treet og kvarandre. «Glade jol», «Eg er så glad kvar jolekveld», «Du grøne glitrande tre, goddag». «Sæle jolekveld i vårt låge tjeld» … nokon lurar på kvifor Kjell skal vera med i den songen.

Det gjeng i surr når ringane skal snu etter verset, – ringane rundt treet bular ut og inn. Tumult.

Agnar og Olav som leiest så fint, ramlar i koll, men Knut, storebror til Olav, hjelper dei upp.

Småtassane, Knut Bråstøyl og Sondri Bjarne, er lei av joletregang og byrjar å leike lastebilar og durar rundt for seg sjølve.

Artikkelen held fram under annonsen.

«Så går me rundt om ein eineberbusk», set fart i ringane, og ungar og vaksne vaskar sitt golv og tøy og bakar og bryggjar så det skvett.

Då bankar det på døra! Bråstilla er der med eitt. Sondre på Skogly spring og gøymer seg bak mor si og Torfinn Lie krabbar under benkjen. Detta er det dei små hev venta på med ufseleg spenning, men au glad forventning. Hallbjørg glytter så vidt fram bakom systrane sine. Inn dynne kjem to – to – nissar, Tvibandsnissar med skjegg og hår og kuftur! «Gukveld, gukvell» – liknar på jolebukkar. – Æ det haugebassar, tru? Eit par av dei minste ungane remjar av skrekk.

Nissane ber ei stor sinkbalje midjom seg. Uppi sinkbalja er det stappfullt av papirposar. Dei gjeng mot treet.

Ungane får setje seg på golvet kring treet. Så delar nissane ut ein pose til kvar.

Å du hendelse! … Store augo ser og ivrige hender tek i mot. Some får fram eit ørlite: «Takk». Her er verkeleg jol.

Mødrane plukkar fram koppar som har blitt tekne med heimanfrå, og dei på kjøkenet kjem med varm kakao som dei tømer i koppane til ungane. Å. Du all verden! For ei lykke. Her sit dei då rett på golvet med bein ut og kakaokopp og posen i midjom.

Opne varsamt posen: jolekake! – Med rosiner og sukat! – Himmel på jord! – Det smakar, – ein tek små bit så det skal vare lenge … Jadå ein kopp veltar og to syskjen slåss om ei kake … det er slikt som skjer i store forsamlingar … men for det meste er det høgtid, ro og takksemd som pregar stunda. Men innhaldet tek slutt, og nokon av dei store kjenner til fenomenet «kakeposesalutt». Dei bles opp papirposen og smeller han i golvet. Pang! Fleire kjem til, bles og smeller. Pang pang, pang! Det dreg fleire med seg, dei små får hjelp av dei store. Pang Pang pang! … Hyl og glad latter.

Der veltar ein kakaokopp, der ramlar vesle Eivind Åsen rett i kakaosølet så storesyster Arnhild må træ te. Broren, Knut på vel fem år og jamgamle Jon frå Midtveit, hev krabba uppi den tome sinkbalja og er no på båttur på Midttveittjønne.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vesla Hamri og Vesla Bruflote samlar dei tome posane for å få dei til å smelle ein gong til, men Tulla og Turid grip inn og forklarar dei at det ikkje gjeng.

Timane har gått, det er mørkt ute, og festen er på hell.

Etter nokre fleire turar rundt treet med song, tavar mange av. Fleire av dei minste sovnar på papas hell mammas fang, Oddvar Hamre har sovna under treet, Bibbi Skålen og Veslen hev klatra uppå det høge billettskåpi, Torhild og Gunn driv og kler seg ut med hettur og skjerf. Mange ber preg av leik og fest, og finkleda heng på halv tolv. Hårtjafsar heng på halv elleve og augneloka er tunge på dei små.

Skulelæraren takkar for frammøte, takkar dei som har fyra og stelt til mat og program. Og han ynskjer alle vel heim og god jol og godt nytt år!

Tekst og teikning: Hallbjørg Strøm