Jublar over enorm vegsum
Nissedalordførar Halvor Homme er i gledesrus etter at Vegvesenet foreslår 130 millionar kroner til Rv41 frå Treungen til Vrådal komande seks år.
Nyleg la Statens vegvesen fram sitt handlingsprogram 2018–2023 for riks- og europavegane i Noreg. Rv41 frå Kristiansand til Brunkeberg har aldri før kome så bra ut i eit slikt program. På strekninga Treungen–Vrådal ynskjer Vegvesenet å bruke 10 millionar kroner fordelt på åra 2018–2020 til nødvendig reguleringsplanarbeid for å kunne starte vegutbetringar. Vidare har instansen ført opp 120 millionar kroner fordelt på 2020–2022 til å utbetre strekningar på det 40 kilometer lange riksvegnettet.
Nissedalordførar Halvor Homme er leiar i ei gruppe med ordførarar langs Rv41 som jobbar for å få pengar til spesielt dårlege strekningar på hovudåra frå Sørlandet, inn i Telemark og der vegen møter E134. Homme blir stille lenge då VTB ringer for å fortelje om at det ligg inne 130 millionar kroner i handlingsprogrammet for strekninga Treungen–Vrådal.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Så mykje pengar! Summen er mykje høgare enn eg har drøymd om. Dette er kjempeviktig for alle som er avhengige av vegen, turisme, arbeid og alt som er. Ein historisk jubeldag for Rv41, seier Homme.
– Eg er utruleg imponert over Vegvesenet og at dei er med på å lyfte vegen, held han fram.
Stadfestar summen
VTB har kontakta Vegvesenet i Telemark for å høyre om summen på 120 millionar kroner verkeleg stemmer. Etter å ha undersøkt saka nærare, kjem senioringeniør Gro Rønningen med tilbakemelding om at ja, det stemmer.
– Me er kjempefornøgde med ein så stor sum, og gler oss til å ta fatt på arbeidet, seier Rønningen.
Det er seks delstrekningar frå Treungen til Vrådal. To av dei, frå Kyrkjebygda til Steane, er utbetra i seinare tid.
– Me har fått mykje skryt for dei to delstrekningane. Kva strekning me skal byrje på i neste omgang, veit eg ikkje ennå, seier Rønningen.
Om pengane verkeleg kjem til Rv41, vil ein sjå når stortingsbudsjettet blir vedteke kvar haust.
– Me lever i spenning kvar oktober om pengane ligg inne i statsbudsjettet, men eg har stor tru på at Rv41 vil få heile summen som ligg i handlingsprogrammet, seier Rønningen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ho avsluttar med å seie at av dei 120 millionar kronene er ikkje noko tenkt til gang- og sykkelveg i Vrådal – heile summen skal gå til riksvegutbetringar.
Er fornøgd så langt
Børge Skårdal, dagleg leiar i Haukelivegen AS, er også oppteken av at Rv41 skal bli oppgradert. Han seier dette om 130 millionar kroner til strekninga Treungen–Vrådal:
– Eg er positivt overraska. Det er veldig bra at det kjem pengar til reguleringsplan, og all ros til Vegvesenet som har funne så mykje pengar til Rv41.
Då tenkjer Skårdal også på at riksvegstrekninga Herefoss–Hynnekleiv i Aust-Agder ligg inne med 40 millionar kroner i handlingsprogrammet.
– Dette vil ha mykje å seie for til dømes tømmertransport og Vest-Telemark som reiseområde, seier Skårdal om utbetringa som kjem i nabofylket.
Vidare ligg det inne nærare 25 millionar kroner til å oppgradere bruer på Rv41 i Aust-Agder.
– Nå er Vegvesenet skikkeleg på banen for Rv41?
– Ja, me skal vere fornøgde, svarar Skårdal.
Artikkelen held fram under annonsen.
Noko han saknar er pengar til vegskulder for gåande frå Kvitsund gymnas til Kviteseid sentrum. Vegvesenet vil løyve tre millionar kroner til gatelys på strekninga, ein sum ført opp i 2019.
Som venta er det sett av pengar til det varsla oppgraderingsarbeidet av Spjotsodd bru i Kviteseid, og summen er på 35 millionar kroner. Det betyr at det totalt er ført opp 168 millionar kroner til riksvegen frå Treungen til Kviteseid for åra fram til 2023.
Som venta på E134
I handlingsprogrammet er det ført opp 60 millionar kroner i 2022 og 450 millionar året etter for å starte arbeidet med E134-tunellen Røldal–Seljestad. Den halve milliarden er bompengar. Etter planen skal Odda vegfinans låne denne summen og gje han til Vegvesenet, og Hordaland fylke skal garantere for lånet.
– Eg reknar ein oppstart på Røldal–Seljestad som ganske sikkert i 2022. Det er eg fornøgd med, seier Skårdal.
Strekninga Vågslid–Røldal med ny tunell-løysing blir ikkje påbyrja dei komande seks åra, men er førebels ført opp med 300 millionar kroner i perioden 2024–2029.
– Dette er i tråd med Nasjonal transportplan, men me jobbar intenst med saka for å få Vågslid–Røldal framskunda, seier Skårdal.
Vegvesenet ynskjer vidare å bruke 10 millionar kroner på kolonneoppstillingsplass med toalett ved Vågslidtunellen, 50 millionar til å rehabilitere betongen i Haukelitunellen og 50 millionar kroner på kurveutbetring på E134 frå Århus til Seljord.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Ser ein stort på det, er handlingsprogrammet veldig bra, men me skulle gjerne hatt pengar til E134 mellom Åmot og Vinjesvingen, avsluttar Skårdal.