Jublar over rekordpåske
Trass i varierande vêr blir det meldt om rekordbesøk mellom anna i Rauland denne påska. Nærare 4.000 tilskodarar opplevde Erik & Kriss og Tone Damli Aaberge i Holtardalen langfredag.
Gjennom påskedagane i Rauland var det i gang ein god del ulike arrangement. Stein Birger Johnsen i Rauland Invest AS fortel til VTB at det var ei koordinering av arrangementa slik at dei ikkje skulle slå kvarandre i hel.
Eit av tiltaka ein kan slå fast vart vellykka, var utekinoen tysdag i påskeveka då 150 bilar fylte parkeringsplassen i Holtardalen. Den norske filmen «Skjult» blei vist på eit over åtte meter høgt snølerret.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ekstra moro
Snøskjermen blei bygd av medarrangør Bjørn Skinnarland ved hjelp av gravemaskin og traktor. Torsdag blei gravemaskina og ein handsnøfresar brukt for å gjere om snømassene til ein skikkeleg snøbar. Fem personar heldt på med arbeidet i fem kveldstimar. Baren stod og herda seg over natta og var klar til bruk langfredag.
Det var artig å lage ein så stor bar av snø, og dette gjer eg gjerne om att, seier Skinnarland med eit smil til VTB.
Baren blei god å ha mellom anna med tanke på den gratis utekonserten langfredag. Tusenvis av tilhøyrarar fekk med seg rapparane Erik & Kriss, og det såg ut til at endå fleire var på plass like før Tone Damlie Aaberge entra utescena på ein dag med småregn.
Det dreier seg om Rauland og å få ein attraktiv destinasjon som folk må reise til. Denne type arrangement skal til for å dra folk, seier Johnsen om konserttrekkplastera.
VTB fekk ein prat med «Idol-Tone» like før ho skulle i elden. Det er ikkje ofte ho er i Telemark, og dette var fyrste gongen turen gjekk til Rauland.
Det er fantastisk å vere her og eg er tatt i mot så godt. Det er veldig kjekt og ekstra moro å opptre med så mykje folk som her. Eg gler meg veldig. Det passar også fint å vere her sidan eg gav ut ny plate sist måndag, seier Damli Aaberge.
15.000 besøkande
Stein Birger Johnsen reknar med at nærare 4.000 menneske fekk med seg utekonserten fredag. Det vart denne dagen registrert heile 1.941 ulike personar som brukte heisanlegget i alpinbakken. Vidare kom svært mange gåande inn Holtardalen for å få med seg den gode konserten.
Johnsen fortel elles at det ikkje var ei einaste ledig utleigeseng å oppdrive i Rauland i påska. Han reknar med at rundt 15.000 besøkte bygda, og i tillegg kjem dagturistane. Eit varierande påskevêr såg ikkje ut til å stoppe folkemengdene.
Artikkelen held fram under annonsen.
Dette har vore ei rekordpåske, og det seier alle andre aktørar i Rauland også. Me må byggje slik at det blir fleire utleigesenger, og den jobben er me i full gang med. Luksusproblem!, avsluttar ein blid Johnsen om utfordringa i den meir og meir attraktive turistdestinasjonen.