Kafé Teisner held ope til februar – førebels

Det har lenge vore usikkert kva som vil skje med den populære Kafé Teisner i Fyresdal, etter at dei tidlegare kokkane i kafeen som skulle overta trekte seg.

Seint førre veke blei det klart at Telemark Lys AS har skrive avtale med FN eigedom AS om å drive Kafé Teisner i Fyresdal næringshage til 1. februar 2019.I denne perioden held dei lunsjtilbod og møtemat.

Etter 1. februar er det planlagt eit nytt driftskonsept og nye eigarar, melder Telemark Lys AS.