Johnny Kvaale Bjerk frå Høydalsmo kjem til Rauland laurdag. Han er ein av fleire artistar som er med i helgas minifestival «Viser i sentrum.»
Johnny Kvaale Bjerk frå Høydalsmo kjem til Rauland laurdag. Han er ein av fleire artistar som er med i helgas minifestival «Viser i sentrum.»

Kaffibar med viser i sentrum

Minifestivalen «Viser i sentrum» startar fyrstkomande fredag. Då opnar Kaffibaren i Rauland dørene for visesong på fleire vis. Nytt i år er eit kurs i drikkeviser.

Det er fjerde året på rad at minifestivalen blir arrangert. Festivalen har vore eit samarbeid med folkemusikkscena, det lokale folkeakademiet, kunstforeininga, Vinje kommune og det lokale næringslivet.

Årets program er mangslunge, og både fredagen og laurdagen byr på interessante artistar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Folkemusikk og historier

– Fredag får me besøk av Sudan Dudan, folkemusikkduoen Marit Karlberg og Anders Røine. Dei har med seg ein tredjemann i bassisten Anders Bitustøyl, med røter i Rauland, fortel Kristine Rønning, i «Viser i sentrum.»

Same kvelden blir det også høve til å bli betre kjent med felespelaren Mari Skeie Ljones og prosjektet «Spring Du Fela.»

– Ho serverer gamle spelemannshistorier i ny drakt gjennom nyskrivne tekstar av samtidspoetar, seier Rønning.

Kristine Rønning i «Viser i sentrum» inviterer til minifestival i Rauland fredag og laurdag.
Kristine Rønning i «Viser i sentrum» inviterer til minifestival i Rauland fredag og laurdag.

Ukulele og drikkeviser

Laurdag blir det ukulelekurs. Musikklærar, multiinstrumentalist og musikar Gøril Ramo Håve er instruktør, og kurset er for unge og gamle.

– I tillegg blir det eit lite kurs i drikkeviser. Det startar før laurdagskveldens konsertar, smiler Rønning.

«Du skummer og lesker, du dårer og mesker …», er byrjinga på ei hyllingsvise av ølet.

– Det er berre ein liten smakebit på kva som ein kan lære på kurset, fortel Rønning.

Singer- songwriterstil

Kanadiaren Robbie Bankes studerer for tida ved Høgskulen i Telemark på Rauland. Han har høg profil i heimlandet, og er nominert til «Young performer of the year» for albumet «Through February Snow.»

Artikkelen held fram under annonsen.

– Han spelar gitar, fele og banjo, og han syng både i old-time og i singer-songwriterstil, forklarer Rønning.

Seinare på laurdagskvelden kjem Johnny Kvaale Bjerk frå Høydalsmo innom Kaffibaren på Rauland.

– Han er vel kjent for dei fleste vesttelane, og me er glade for at han kunne vere med oss, seier Rønning.

Sosialt i haustmørkret

Ho meiner at den sosiale ramma rundt arrangementet er særs viktig.

– Med pub, open scene, allsong og samspel ligg det godt til rette for at minifestivalen blir ein suksess i år også. Det blir ei sosial helg i haustmørkret, seier Rønning.