Kamp om kompensasjon for avgiftsauke
Fleire fylke i Sør-Noreg kjempar ein kamp på stortinget for at auken i arbeidsgjevaravgifta skal gå tilbake til distrikta. Regjeringa føreslår å kompensere med transportstøtte, ei ordning Telemark ikkje får nyte godt av. Dermed kan Telemark Kildevann i Fyresdal møte ei konkurransevriding der hovudkonkurrenten i Sogndal får ti millionar kroner i transportstøtte neste år. Eg har tru på at bedriftene i Vest-Telemark skal få kompensasjonsordningar, til dømes ved at transportkostnadene blir reduserte, seier Vinje-rådmann Hans Kristian Lehmann, etter ein rundtur i stortingskorridorane.
Regjeringa lovar å kompensere auken i arbeidsgjevaravgifta kommunane mellom anna i Vest-Telemark får frå neste år. Men det ser ikkje like lyst ut for det private næringslivet i regionen.
Private næringsverksemder som får auken på 3,5 prosent, vil med forslaget til regjeringa ikkje få full kompensasjon, meiner Vinje-rådmann Hans Kristian Lehmann.
Artikkelen held fram under annonsen.
Han blei i utgangspunktet engasjert av Telemark, Buskerud og Aust-Agder med tanke på at dei ikkje skulle få meirutgifter frå nyttår. Nå har endå fleire fylke i Sør-Noreg reagert mot den nye ordninga, og alle har danna eit kommunenettverk for å gjere felles kamp.
Konkurransevridande
Kommunenettverket har rekna ut at næringslivet i distrikta bare får tilbake halvparten av auken i arbeidsgjevaravgifta ved at det blir innført kompensasjonsordningar. Nettverket vil ha oppfylt føresetnaden om at statens meirinntekter blir ført tilbake til distrikta.
Vinjerådmannen var med då kommunenettverket onsdag møtte kommunalkomitéen. Lehmann peika mellom anna på at kompensasjonen med transportstøtte verkar konkurransevridande. Brusfabrikken i Fyresdal får ikkje nyte godt av transportstøtta, medan ei konkurrerande verksemd i Sogn og Fjordane kan få inntil 10 millionar kroner av nyordninga.
Det blir skeivt. Nettverkgruppa er mest oppteken av å få rettferdig og rett kompensasjon for næringslivet, seier Lehmann til VTB.
Han følte at nettverkgruppa blei høyrd og møtt med stor forståing for problemstillinga.
Det var eit veldig bra møte. I tillegg har me hatt møte med alle partia på stortinget. Eg har tru på at bedriftene skal få kompensasjonsordningar, til dømes ved at transportkostnadene blir reduserte. Ut frå føresetnadene er eg optimist i denne saka, avsluttar Lehmann.
40 millionar meir i arbeidsgjevaravgift
Nissedal, Fyresdal, Kviteseid, Seljord, Tokke, Vinje, Hjartdal, Tinn, Drangedal og Nome er dei ti kommunane i Telemark som har 10,6 prosent i arbeidsgjevaravgift. Full sats er 14,1 prosent. EU meiner den differensierte arbeidsgjevaravgifta i Noreg er ulovleg statsstøtte, og derfor forsvinn ordninga frå nyttår. Dermed vil kommunane og næringslivet i Vest-Telemark få ein avgiftsauke på 3,5 prosent, noko som utgjer 40 millionar kroner.
Regjeringa vil fullt ut kompensere meirutgiftene på 16 millionar kroner kommunesektoren i vestfylket får frå neste år. Fullt så heldige er ikkje det private næringslivet i regionen. Det er verksemder med rundt 20 tilsette og oppover som får smellen. Om ei verksemd i dag betaler 400.000 kroner i arbeidsgjevaravgift, blir ho ikkje råka av auken på 3,5 prosent før ho har kome over eit fribeløp på 250.000 kroner. Dermed vil dei med lønskostnader under 7 millionar kroner ikkje få noko endring.
Artikkelen held fram under annonsen.
Forslaget til regjeringa kompenserer ikkje på langt nær alle meirutgiftene som næringslivet i Vest-Telemark får. Ei transportstøtte blir innført sørover til og med Sogn og Fjordane. Telemark får ikkje dra nytte av den nye ordninga.
Det går ikkje an
Brusfabrikken Lerum i Sogndal og Telemark Kildevann i Fyresdal får svært ulike rammevilkår om dagens forslag om transportstøtte blir vedteke. Fyresdalverksemda får ikkje ei krone av ordninga, medan Lerum kan hente 8-10 millionar kroner i året som kompensasjon for at arbeidsgjevaravgifta aukar.
Om forslaget til transportstøtte blir vedteke vil det bli ei konkurransevriding som gjer det umogleg for bedrifta vår å konkurrere i Noreg. Ordninga skaper heilt håplause og urettferdige rammevilkår som me ikkje kan leve med, påpeikar Bjørn Bunæs, eigar av Telemark Kildevann, i eit brev til kommunalminister Erna Solberg.
Avstanden frå Sogndal til Oslo er 302 kilometer, medan den kortaste vegen frå Fyresdal til hovudstaden er 250 kilometer. Bunæs opplyser statsråden om at både på grunn av elendige vegar i Vest-Telemark og nyttelastrestriksjonar, må transportøren køyre ein omveg på 75 kilometer både fram og tilbake. Dermed får Telemark Kildevann i dag lengre transportavstand enn Lerum.
I tillegg til Lerum vil også dei to andre konkurrentane, Olden og Imsdal, nyte godt av forslaget om tranportstøtte frå neste år. Det gjer at Bunæs bed statsråden om forståing for at Telemark Kildevann på ein eller annan måte må bli inkludert i ordninga.
Det er heilt uakseptabelt at det blir innført ei ordning som er konkurransevridande. Det går ikkje an at internasjonalt regelverk skal påverke konkurransesituasjonen i Noreg, seier Bunæs til VTB.
Det er i dag 33 årsverk ved brusfabrikken i Fyresdal.