Kamp om toppleiing og helse
Seljord får ordførar og rådmann. Kviteseid får ansvaret for helsesektoren – om dei to kommunane slår seg saman.
Onsdag blei partane samde ved forhandlingsbordet mellom Kviteseid og Seljord, og etter finjusteringar blei intensjonsavtala fredag offentleg.
Avtala seier at dei to kommunane går saman om å bygge ein ny kommune med verknad frå årsskiftet 2020.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Med tanke på at me skal bygge ein ny kommune, meiner eg at avtala er god, seier ordførar i Kviteseid, Tarjei Gjelstad (Ap).
Det er eit mål for den nye kommunen å sleppe eigedomsskatt på næringseigedom, bustad, hytter eller fritidsbustadar.
Om ein slår dei to kommunane saman vil ein få utløyst 25 millionar kroner frå staten. Forhandlingsutvalet kom fram til at det truleg vil koste ti millionar kroner å etablere den nye kommunen. Dei resterande midlane hadde dei ein klar intensjon om å setje av til næringsutvikling.
Ynskjer vekst
I avtala seier kommunane at dei ynskjer «å skape vekst i arbeidsplassar, auke innbyggjartalet, sikre og vidareutvikle tenestene til innbyggjarane, skape eit større fagmiljø og få mynde til avgjerder som i dag ligg til andre forvaltingsnivå.»
– Og me må satse på tilrettelegging av attraktive tomter, som til dømes det ein ser langs Kviteseidfjorden. Det skjer jo ikkje noko i Seljord på dette feltet, uttala ordførar Halfdan Haugan (Ap).
Nabokommunane hadde til saman 5 439 innbyggjarar ved årsskiftet 2016. I intensjonsavtala står det at eit mål for den nye kommunen er ein vekst på minimum ein halv prosent årleg.
Partane var samde om å byggje vidare på kva styrkar og særpreg dei to kommunane har i dag og blei samde om at Kviteseid skal ha reiseliv og turisme, næringsutvikling, vere ein hovudbase for offentlege kontor og interkommunale samarbeid.
For Seljord er styrkane handel, arrangement, kultur, det trafikkale knutepunkt og ferdselsåra.
Artikkelen held fram under annonsen.
Hovudstab i Seljord
Rådmennene frå dei to kommunane hadde gjort ei fordeling av årsverk delt på dei to kommunehusa før forhandlingsutvalet kom saman onsdag. Partane la vekt på at tenestetilboda skal vere tilgjengelege og godt lokalisert rundt omkring i den nye kommunen.
«På begge kommunehusa skal det vera funksjonar som vil tene som ein «publikumsportal», det vil seie eit servicetorg for informasjon, rettleiing og kontakt.»
Begge ville huse ordføraren
På det siste forhandlingsmøtet kom partane fram til at Seljord skal huse ordførar og rådmann og dei fleste av dei tilhøyrande stab- og støttefunksjonane i sentraladministrasjonen.
– Men eining for helse og omsorg, der er me ikkje samde, sa rådmann i Kviteseid Øystein Tveit.
Partane hadde behov for litt prat på kammerset.
– Det er tungt for oss å miste ordførar og rådmann i Kviteseid. Slik fordelinga ligg nå trur eg ikkje at kommunestyret vil gå for dette, sa Tarjei Gjelstad, då helse- og omsorgområdet framleis låg som ein post nederst på fordelingsrekkja.
– Legg me sentraladministrasjonen til Kviteseid, treng ikkje eg ta med avtala til mitt kommunestyre heller – det har dei vore samde om før, sa ordførar Haugan.
Stemninga endra seg i forhandlingslokalet. Ein ny timeout måtte til, og seljordingane kom tilbake med tilbod om at Kviteseid skulle få huse helse og omsorg, om dei fekk behalde ordførar og rådmann sjølv.
Artikkelen held fram under annonsen.
Etter ein liten prat godtok kviteseidingane tilbodet og avtala var redda.
Ynskjer å behalde dagens struktur
Den gode stemninga var tilbake og partane var samde om plassering av samfunn, teknisk og plan i Seljord, det same gjeld dei som skal arbeide med personal og organisasjon, samt økonomisjefen.
Kviteseid skal huse dei tilsette som har ansvaret for oppvekst og integrering, helse og omsorg, og rekneskap, løn, skatt og innkrevjing. Landbruk, næring og kultur skal også ha hovudbase i Kviteseid.
– Eg ser heller ikkje noko poeng i å flytte IT-folket som sit i Kviteseid i dag til Seljord, sa Haugan.
Intensjonsavtala seier at det er eit sterkt ynskte at tenestetilbod som barnehagar, skular, pleie- og omsorgssenter og legekontor framleis er lokalisert som før kommunane blir ein.
Det skal vere 29 medlemmer i det nye kommunestyret, og 7 i formannskapet.
Avtala lovar at ingen skal bli sagt opp som fylgje av ei samanslåing. Reduksjon i årsverk blir løyst gjennom omplassering og naturleg avgang.
Tevling
Kva den nye kommunen eventuelt skal heite, blei ikkje diskutert i det siste forhandlingsmøtet, men partane kom fram til at det skal bli arrangert ein namnekonkurranse for den nye kommunen. I avtala står det at det også skal vere ei tevling der innbyggjarane kan vere med å forme det nye kommunevåpenet.
Artikkelen held fram under annonsen.
Fyrstkomande torsdag skal kommunestyret i Seljord ta stilling til om dei trur på avtala med Kviteseid og ynskjer å sende ho vidare til innbyggjarane på høyring.
Kviteseidingane må vente til over påske, då kommunestyret skal ha ekstraordinært møte 31. mars for å handsame saka.
Vel ein å gå vidare med planane om samanslåing, skal ein opprette ei fellesnemd sett saman av fem politikarar frå det sitjande kommunestyret i kvar kommune. Målet til nemnda er å førebu og gjennomføre arbeidet med å byggje den nye kommunen.