13-åringane Vebjørn Lohne Thronsen (til venstre) og Wahlin Phengpherdat er ikkje i tvil om kva dei gler seg mest til på fotballskulen – kampane.
13-åringane Vebjørn Lohne Thronsen (til venstre) og Wahlin Phengpherdat er ikkje i tvil om kva dei gler seg mest til på fotballskulen – kampane.

– Kampane er det artigaste

Det herskar liten tvil om kva som er det mest populære aspektet ved fotballskulen i Vrådal.

Denne veka blei den 32. utgåva av Tine fotballskule i Vrådal sparka i gang, og med 318 deltakarar er det duka for skikkeleg fotballfest på stadion i Vrådal.

– Eg likar best å spele kampar, svarar nissedølen Vebjørn Lohne Thronsen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det seier sambygding Wahlin Phengpherdat seg einig i, men sjølv om det er kampane som er mest stas, har dei to 13-åringane også fokus på læring.

– Eg håpar eg kan bli betre på pasningar, det er det som er hovudfokuset mitt denne veka, forklarar Phengpherdat, som er med på andre året.

– Eg vil gjerne bli betre på å drible, men eg trur ikkje at eg kjem til å satse på fotball på heiltid, humrar Thronsen, som på si side tek fatt på sin sjuande fotballskule.

Maren Hustveit Aase (til venstre i mål) frå Flatdal håpar ho kan bli betre på å slenge seg i løpet av veka i Vrådal.
Maren Hustveit Aase (til venstre i mål) frå Flatdal håpar ho kan bli betre på å slenge seg i løpet av veka i Vrådal.
Martine Hogstad Sveinsson (Seljord), Marie Håland Helgerud (Skien), Tuva Gurholt (Porsgrunn), Emilie Sandvik Tjønn (Vinje), Tonje Årdalen Borgersen (Bø), Øyunn Årdalen Tveiti (Rauland), Sara Bråten Odden (Nissedal), Andrea Engeland (Kviteseid), Mari Årlid (Høydalsmo), Hanne Kaldråstøyl (Høydalsmo), Maria Ragdaberg (Oslo), Andrea Nordbø Venes (Vrådal), Tuva Margit Lothe Berge (Øyfjell), Kristine Eilevstjønn (Seljord), Stine Hardli (Skien), Marita Kostveit (Vinje), Eline Nordaberg (Seljord), Thea Grindholm (Kviteseid), Sigrid Marie Aarebakk (Kviteseid), Sigrid Midtbø Omholdt (Skien) og Nora Johanne Aakervik (Skien) synes det er veldig morosamt å vere på fotballskule.

Saman med dei andre ungdommane mellom 12 og 16, er dei to, som spelar på Treungen til vanleg, med i den eldste årsklassa, noko som betyr at dei blir delt inn i landslag i staden for klubblag, noko som er høveleg i desse EM-tider.

– Eg håpar å kome på Noreg eller Spania, men eg trur Tyskland eller Frankrike vinn EM, forklarar Thorsen.

Vil bli betre til å slenge seg

Like oppom der landslaga har sine øvingar, trenar ein hanskekledd gjeng. På fotballskulen er det nemleg eit eige tilbod til målvaktene. Ei av dei som har freista lukka som skotstoppar er Maren Haustveit Aase frå Flatdal.

– Eg har vore med to gonger før, men då var eg på røyskattgruppa (dei yngste, mellom seks og ni år). Sidan eg av og til stend i mål på kampane til laget eg spelar på, tenkte eg at eg skulle prøve meg på målvaktstreninga her, fortel 10-åringen.

Ho har spesielt ein ting ho håpar å lære i løpet av veka i Vrådal.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg håpar eg kan lære å slenge meg skikkeleg, det hadde vore moro.