Bjørn Borgersen, leiar i interimsstyret, har stor tru på at Raulandslam blir ein realitet.
Bjørn Borgersen, leiar i interimsstyret, har stor tru på at Raulandslam blir ein realitet.

Kan bli leverandør av gourmetmat

Mykje tyder på at sauebønder i Vest-Telemark kan bli leverandørar av mat til gourmetrestaurantar. Nyetableringa RaulandsLam ynskjer å produsere ein meny som mellom anna inneheld fenalår, pinnekjøt og blodkurv. – Alt tyder på at RaulandsLam blir ein realitet. Med ein eigenkapital på 750.000 kroner ser det ut til at SND nå er viljug til å støtte oss. I alt treng me fem millionar for å få i gang drifta. SND ynskjer seg berre små endringar i søknade før dei gjev oss eit ja, seier Bjørn Borgersen, leiar i interimsstyret.

– Me har fått SNDs ja og amen. Det einaste dei ynskjer er at me skal endre litt på søknaden. Difor satsar me alt på at SND ynskjer å stø oss. Dersom dei gjev oss pengane, er det fritt fram for etableringa, seier Bjørn Borgersen, leiar i interimsstyret for RaulandsLam.

Breiare produksjonsspekter

Prosessen med å få i stand RaulandsLam tok til i juni 2001. Småaksjonærar frå Vest-Telemark og Tinn teikna aksjar for 500.000 kroner i tillegg til at Vinje og Tokke spytte inn høvesvis 200.000 og 50.000 kroner.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det har vore ein veldig oppslutnad. Men me ynskjer sjølvsagt fleire aksjonærar velkomne, påpeikar Borgersen.

I juni sendte RaulandsLam søknad til SND. I løpet av denne prosessen har dei vore i kontinuerleg dialog med SND, men eit konkret svar kjem ikkje før i januar. Om SND løyver pengar, kjem dei til å gje støtte til marknadsutvikling, produktutvikling, investering i utstyr og prosjektering.

– Søknaden ligg hjå SND. Det einaste dei ynskte var litt forandring i søknaden. SND ynskte at me skulle få fram eit litt breiare produksjonsspekter, fortel han.

I fylgje Borgersen er dialogen med SND god.

– Dei gjev oss veldig positive signal. Eg trur dette gjeng slik me vil, seier han.

Fem millionar

Kostnadsramma er rekna til fem millionar kroner, og blir RaulandsLam ein realitet kjem etableringa til å halde hus på industriområdet på Rauland.

– Sidan SND ikkje gjev oss endeleg svar før i januar, får me ikkje løyvingar før i neste års budsjett. Det er litt trasig at det dreg så ut, men det viktigaste er uansett at me får stønad av SND, påpeikar han.

Om etableringa blir ein realitet, kan det føre til seks-sju nye arbeidsplassar i Rauland, spår Borgersen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ja, det kan det bli. Me har også kapasitet til å doble produksjonen, understrekar han.

Kvalitetsmerking

Borgersen meiner RaulandsLam har ei forse i at dyra ikkje blir transportert og at varene kjem til å bli opphavsmerka.

– Me set strenge krav til kvalitet til både bonde, dyr og produksjon. Me veit det er mange bevisste kundar som ynskjer seg kvalitet. Det kan dei få av oss, reklamerer han.

Han trur marknaden for sau og lam er stor i Noreg.

– På Island et kvar einskild innbyggjar nærare 20 kilo sauekjøt i året. I Noreg et kvar av oss i gjennomsnitt berre tri kilo. Her ligg det eit veldig potensiale, meiner Borgersen.

Dette er RaulandsLam

* Ynskjer å setje i gang med produksjon av mellom anna fenalår, pinnekjøt,

blodkurv av saueblod (ikkje produsert andre stader i landet), spikekjøt til suppe og spike og lettrøykt kje

* Interimsstyret blei etablert i juni 2001

Artikkelen held fram under annonsen.

* Fleire marknadsundersøkingar blei gjennomførde

* Småaksjonærar primært frå Vinje og Tokke, men også frå grannekommunane, teikna aksjar for 500.000 kroner

* Vinje kommune gav 200.000 kroner medan Tokke løyvde 50.000 kroner

* Sendte søknad til SND i juni

* Ventar framleis på konkret svar, men har fått positive tilbakemeldingar