Kan bli senter for snøskuteropplæring
Eit øvingsområde på 1.500 dekar for opplæring på snøskuter, kan bli etablert i Vinje. Frå nyttår er det krav om opplæring for dei som skal køyre snøskuter. Førarkortklasse S blir innført. I opplæringa blir det mellom anna krav om totalt åtte timar praktisk køyring i variert terreng. Dei som alt har rett til å køyre snøskuter, vil framleis ha det. Fylkesmennene i Rogaland, Vest-Agder, Aust-Agder, Telemark, Buskerud og Vestfold meiner at Vest-Telemark er best eigna til køyreopplæring på snøskuter. Vest-Telemarkrådet drøfta saka tysdag og tilrår at øvingsområde for halve Sør-Noreg blir lagt til ein høveleg stad i Vinje kommune.
Det er fylkesmannen som har oppmoda Vest-Telemarkrådet om ei tilråding for kvar eit slikt øvingsområde bør bli lokalisert. Telemark utgjer saman med Rogaland, Vest-Agder, Aust-Agder, Buskerud og Vestfold ein region med omsyn til opplæring i køyring med snøskuter.
Fylkesmennene har drøfta spørsmålet om lokalisering, og kome fram til at Vest-Telemark er mest eigna for eit slikt øvingsområde i høve til mellom anna konsentrasjon av snøskuterar.
Artikkelen held fram under annonsen.
Vest-Telemarkrådet handsama saka tysdag på møtet i Morgedal. Både Fyresdal, Tokke og Vinje sa seg interesserte i å få det nye øvingsområdet.
Fyresdal trekte sitt kandidatur då ein fann ut at det har minka med snø dei siste åra. Tokke har, i fylgje ordførar Olav S. Urbø, eit veleigna området på Åmdals Verk.
Eg meiner det er naturleg å leggje eit slikt øvingsområde til Vinje, sa varaordførar Aslak Ofte.
Han peikte på at Vinje kommune har store areal der det er nok snø i lange periodar, og at kommunen har røynsle med å styre trafikken med snøskuterar.
Ordførar John Kleivstaul i Seljord meinte at Vinje kommune er best eigna for lokalisering av snøskuteropplæring. Ordførarane Torstein Tveito og Øyvind Tveit i høvesvis Kviteseid og Nissedal, støtta synspunkta til Seljord-ordføraren.
Etter fleire utsettingar har Statens vegvesen fastsett at frå 1. januar 2006 blir det innført obligatorisk føraropplæring for snøskuter og krav om førarkort i klasse S for førarar av snøskuterar. Dei som har rett til å køyre snøskuter per 1. januar 2006, vil framleis ha denne retten.