Jesunesan Mariyanayagam flyttar til Stavanger i april. Han er betenkt over korleis han har blitt handsama av administrasjonen i Tokke kommune.
Jesunesan Mariyanayagam flyttar til Stavanger i april. Han er betenkt over korleis han har blitt handsama av administrasjonen i Tokke kommune.

Kan bli slutt på gastronomiske orgasmar

Jesunesan Mariyanayagam har drive Café G på Dalen sidan våren 2006. No reiser han til Stavanger, og det kan bety slutten på den populære staden der mang ein kunde har fått gastronomiske orgasmar. Men Nesan serverer ikkje berre godord til kommuneadministrasjonen.

Jesunesan eller Nesan som han heiter på folkemunne, kom til Dalen i 2004. I sommarsesongane 2005 og 2006 dreiv han bryggjekafeen i tillegg til at han starta Café G våren 2006. No har han bestemt seg for å flytte til Stavanger, og i løpet av april går turen til oljebyen.

– Det er slik at kona og eg har skilt lag. Ho og ungane flyttar til Stavanger i desse dagar, og for å kome nærmare ungane ynskjer eg å flytte etter. Det har ikkje vore noko enkel avgjersle å ta, men familien og den nye rolla mi som helgepappa er viktig for meg, forklarer Nesan.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kommunen manglar kompetanse

Nesan hadde undersøkt marknaden nøye før han starta Café G på Dalen. Det var derfor inga overrasking at han har hatt godt besøk den tida han har drive.

– Eg visste kva eg gjorde, og så langt har eg faktisk tent greitt med pengar på drifta. For meg har likevel møtet med kundane vore det viktigaste, og det som har gjeve meg mest attende, seier den alltid smilande mannen.

Tokke kommune var positive til at han skulle starte opp Café G, men etter opninga våren 2006 har det vore ufatteleg stille frå den kanten. Det skuffar Nesan, og gjorde sitt til at det blei enklare for han å bestemme seg for å reise.

– Eg har ikkje fått noko form for oppfylging frå Tokke kommune. Det hadde vore triveleg om dei hadde kontakta meg og spurt korleis det går, eller dei kunne fortalt om dei var fornøgde med jobben eg gjer. Truleg veit dei knapt kva eg driv med, og då er det moro at eg får besøk av folk frå Tromsø som veit meir om menyen min enn det folk i kommuneadministrasjonen gjer. Det er rett og slett mangel på kompetanse og engasjement, sukkar Nesan.

Norsk mat

For ei tid tilbake var det ei litt slitsam tid med mykje skriveri om Café G og Dalen Kro. Det var delte meiningar om det var rett å opne fleire serveringsstadar. For Nesan var det greitt, men han blei litt sjokkert då han fekk brev frå rådmannen i Tokke som grunngav opninga av Dalen Kro med at dei måtte ha ein stad der det gjekk an å få servert norsk mat.

– Ærleg talt, eg har då kjøtkaker på menyen. Det er merkelege argument og nok ein gong prov på at kommuneadministrasjonen ikkje har peiling på kva eg driv med. Eg kunne godt trekke fram fleire episodar, men det ynskjer eg ikkje, forklarer Nesan, og legg til at næringssjefen faktisk ikkje har helsa på han etter debatten i slutten av 2007.

– Treng sterke leiarar

Mannen som er frå Sri Lanka, har sterke meiningar om kva som skal til for at Tokke kommune kan bli endå betre.

– Kommunen treng sterke leiarar og god kompetanse. Eg synest det er eit tankekors at eg som ressursperson blir brukt av mange, men ikkje i kommunale samanhengar. For meg kjennest det ut som eg er eit problembarn for kommunen, og ikkje nokon ressurs i alle fall, meiner Nesan, og legg til at kokkelauget i Telemark nyttar han som dommar, men at Tokke kommune altså ikkje kan bruke han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Café G vidare

Nesan eig konseptet og inventaret i Café G. Lokalet er eigd av Coop, og dei vil gjerne leige det ut til andre som kan tenkje seg å drive vidare.

– Det er ikkje noko eg ynskjer sterkare enn at det skal drivast vidare her. Eg skal stille opp med kunnskapar og vere støttespelar om det kjem seriøse drivarar. Folk i Tokke og Vest-Telemark fortener verkeleg å ha ein stad som dette, avsluttar Nesan, og legg til at han har hatt 200 prosent auke i dagleg omsetnad frå 2006 til no.