Kanskje blir polititenesta i Åmot samla i dette bygget, avgjerda kjem snart. Så får tida vise om det også kjem passautomat og andre nye innslag ved lensmannskontoret.
Kanskje blir polititenesta i Åmot samla i dette bygget, avgjerda kjem snart. Så får tida vise om det også kjem passautomat og andre nye innslag ved lensmannskontoret.

Kan få passkontor i ei stor politietablering i Åmot

Polititenesta i Vinje kan i framtida kome til å ha godt over 20 kontor, passautomat og andre tilleggsfunksjonar.

I samband med politireforma flyttar polititenesta i Fyresdal og Tokke snart til lensmannskontoret i Vinje. Framtidig kontor skal vere lokalisert i Åmot sentrum og nær E134. For ei stund sidan var politimeisteren på synfaring i Åmot i samband med at politiet er på utkikk etter bygg å ha lensmannskontoret i framover.

Vinje kommunestyre har sett av pengar om det skulle bli aktuelt å kjøpe det tidlegare Coop-bygget i Åmot med tanke på lokalisering av polititenesta. Kommunen har ikkje kjøpt bygget ennå, og derfor er det byggeigaren som har hatt kontakten med politiet om mogleg lokalisering for tenesta. Det er Politiets fellesteneste som jobbar med saka om etablering av kontor i lokale i Åmot.

Artikkelen held fram under annonsen.

Signal om pass

Vinjeordførar Jon Rikard Kleven (Sp) seier i ein kommentar til VTB at han ikkje kjenner til talet på tilbydarar av lokale i Åmot.

– Politiet har kome med signal om passfunksjon i Åmot, og eit ynske om godt med kontor der, seier Kleven.

Også Vinjerådmann Jan Myrekrok er kjent med at politiet no ynskjer utviklingsmoglegheiter i Åmot. Tidlegare har det vore snakk om 18–20 kontor i Åmot før det siste signalet om endå meir areal.

– Politiet ynskjer utviklingspotensial i nytt kontor, seier Myrekrok.

Håper på ekstra politibil

Kleven ser gjerne at lensmannskontoret i Åmot får nye funksjonar, eitt døme er fjellredningsteneste. Men ordføraren har førebels ikkje fått tilbakemelding om at det kjem ein slik funksjon. Han har dette håpet om korleis polititenesta i Åmot vil sjå ut framover:

– Eg håper det blir eit tung etablering i Åmot, og det er signalet me har fått. Vidare at det kjem nok ressursar til éin ekstra politibil kveld og natt – det er viktig. Og så håper eg på passautomat og nye funksjonar.

VTB lykkast ikkje i går å få svar frå politiet om kor mange byggeigarar i Åmot som tilbyr lokale til lensmannskontor, talet på kontor det er snakk om og kva nye funksjonar og tenester som kan kome der, til dømes passkontor.

– Det viktigaste er beredskapsdelen

Truleg vil det i løpet av denne månaden bli avgjort kvar polititenesta i Åmot skal vere lokalisert framover.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me er veldig spente. Målet er å få til gode og funksjonelle lokale, og som ikkje avgrensar kva tenestetilbod ein kan ha i Vest-Telemark i framtida, seier Trond Neri Flothyl, lensmann i Vinje.

Han kjenner ikkje til at det er vedteke å ha passkontor i Åmot. Så får tida vise om det kjem eit slikt tilbod der. I alle fall er ynsket til politiet som nemnt å ha nok areal slik at ein eventuelt kan utvide med nye funksjonar. Flothyl seier ein har spela inn i prosessen som går føre seg å få til dømes fjellredningsgruppe ved kontoret i Åmot.

Det som er viktigaste for Flothyl er beredskapsdelen.

– Eg håper på auke i grunnmannskapet. Eg hevdar at me er for få i dag, og har prøva å jobbe for heile tida å ha nok mannskap, seier lensmannen i Vinje.

Opptil 900 kvadratmeter

Sist desember søkte Søraust politidistrikt etter lokale for nytt lensmannskontor i Vinje, nærare bestemt i Åmot sentrum og nær E134. Politiet vil ha nye fleksible, energieffektive og funksjonelle lokale og ha effektiv arealutnytting med god fleksibilitet for lensmannskontoret. Ynsket er å leige 600­-900 kvadratmeter brutto. Det bør vere innvendig parkering for politiets køyretøy (bilar, snøskuterar og båt) anslått til 130 kvadratmeter med separat utkøyring/port. Lokala bør vere innflyttingsklare 1. juni 2018.

Bed regjeringa styrke lensmannskontora

Nyleg vedtok eit samrøystes Storting to forslag frå Ap, Sp og SV: «Stortinget bed regjeringa sørge for ei reell styrking av lensmannskontora som står att etter gjennomføringa av politireforma». «Stortinget bed regjeringa sikre at føringane frå Stortinget blir fylgd opp, og sikre at politiets tenestestader er tilstrekkeleg bemanna til å kunne vere aktiv til stades der folk er».

– Eg er bekymra over gjennomføringa av politireforma og forliket me nyleg blei einige om. Me opplever stor bekymring over heile landet særleg knytt til det lokale politiet. For meg er det avgjerande at forliket følgast opp, som blant anna inneber at ein skal styrke det lokale og nære politiet. Her har det vore mange skjær i sjøen til no, særleg med utgangspunkt i at regjeringa ikkje løyver nok pengar til politiet i den krevjande fasen dei står i, seier Lene Vågslid (Ap), stortingsrepresentant frå Telemark og leiar av justiskomiteen.

– Vedtaka me fatta no burde vore unødvendige. At Høgre og Frp også stemte for forslaga, må bety at ein faktisk vil oppleve at dei gjenverande lensmannskontora blir styrka som lova. Eg kjem til å følgje dette med argusaugo, og forventar eit sterkt budsjett for drift av politiet i 2019. 2018 har vore eit innsparingsår for vårt politidistrikt og mange andre, samtidig som etaten står i ein storstilt reform. Det kan ikkje halde fram. Med mindre ein reelt sett styrkar politiet sitt handlingsrom og evne til både å drive det viktige daglege politiarbeidet og til å gjennomføre reforma, vil ikkje målet om eit styrka nærpoliti bli innfridd, fortset Vågslid.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ap, Sp og SV stemte elles for at kvart lensmannskontor skal ha ein lensmann, men forslaget fekk ikkje fleirtal.

– Eg meiner at eit lensmannskontor utan lensmann er ein politipost. Det hadde vore meir ærleg frå regjeringa si side å sagt at fleire lensmannskontor skulle leggast ned, og at ein heller oppretta politipostar enn det som skjer no. Fleire stader er det planar om avgrensa opningstid og ikkje nokon signal på at det skal kome fleire folk. Og me veit at mange ønskjer felles leiing over store avstandar, seier Vågslid. 

Elles nemner ho at Stortinget har vedtatt at endringar i pass-struktur skal handsamast av Stortinget for dei lensmannskontora som er igjen etter nedlegging av lensmannskontor.

– Det betyr at ein ikkje berre kan fjerne passutskriving frå til dømes Seljord utan at det har vore til politisk behandling i Stortinget. For Arbeiderpartiets del har me tidlegare foreslått at det maks skal vere 45 minuttar reiseavstand til næraste passkontor. Me kjem til å kjempe for dette framleis, og eg vil no sende eit skriftleg spørsmål til den nye justisministeren om når regjeringa vil legge fram sak for Stortinget om utskriving av pass, seier Vågslid.

Lensmannskontoret i Seljord er einaste tenestestaden i Vest-Telemark som har passkontor i dag. Det er ein kamp i gang for å behalde passkontoret, etter signal om at talet på slike tilbod skal ned.