Det vil løne seg både økonomisk og for trafikkavviklinga langs den sterkt trafikkerte vegen dersom regjeringa løyver ekstra pengar til E134-utbygginga i revidert nasjonalbudsjett i mai, seier Vegvesenet, Vinje kommune og entreprenøren Risa.
Det vil løne seg både økonomisk og for trafikkavviklinga langs den sterkt trafikkerte vegen dersom regjeringa løyver ekstra pengar til E134-utbygginga i revidert nasjonalbudsjett i mai, seier Vegvesenet, Vinje kommune og entreprenøren Risa.

Kan fullføre for femti millionar

Våren 2015 står E134 mellom Grunge kyrkje og Velemoen i Edland ferdig. Statens vegvesen og Vinje kommune vil presse på for å få ekstra midlar til dei kilometrane med dårleg veg som då blir ståande att mellom Grungedal og Grunge kyrkje. Entreprenøren Risa seier dei kan vera ferdige med båe strekningane innan dagens frist, dersom pengane kjem frå regjeringa og dei får tilslaget i anbodskonkurransen.

Både Vegvesenet, Vinje kommune og entreprenøren Risa AS, som er i gang med arbeidet mellom Grunge kyrkje og Velemoen, har eit sterkt ynske om at styresmaktene løyver ekstra pengar til eit tilleggsprosjekt, slik at ein kan få fullført heile strekninga mellom Grungedal og Edland når ein fyrst er i området med maskiner og utstyr. Olav Heggenes, ingeniør i Vegvesenet og assisterande byggjeleiar for prosjektet, seier dei grovt rekna har kome fram til at dei treng rundt femti millionar for å gjera ferdig heile strekninga.

Risa er også veldig interesserte i eit slikt prosjekt, og kjem til å levere tilbod i ein anbodsrunde dersom ekstraløyvinga kjem på plass.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me har gjeve beskjed om at me kan vera ferdig med båe strekningane til same tid som me skal vera ferdige med den eine me held på med no. Altså at heile vegen frå Grungedal til Velemoen kan stå ferdig våren 2015 dersom Vegvesenet legg resten ut på anbod og me får tilslaget, seier Trond Olsen, anleggsleiar i Risa.

Risa vil kunne gje eit rimelegare tilbod sidan dei alt er i området med alt av maskiner og utstyr. Riggekostnadene er ein stor del av budsjettet til slike vegprosjekt.

– Å spørje kor mykje det kostar å rigge, er som å spørje kor mykje ein fisk veg. Men i dette prosjektet reknar me vel om lag ti millionar, seier Olsen.

Prosjektet mellom Grunge kyrkje og Velemoen som no er i gang har eit budsjett på 72 millionar. Heggenes i Vegvesenet seier dei er svært nøgde med entreprenøren og framdrifta i prosjektet.

Manglar pengar

Vegvesenet region sør seier dei ikkje har dei rundt femti millionane som trengs for å fullføre heile strekninga. Både dei og Vinje kommune ynskjer sterkt ei tilleggsløyving frå regjeringa for å få fullført strekninga i same andedrag som resten, og håpar ei slik løyving kan koma i samband med revidert nasjonalbudsjett.

– Det vil heilt klart ha store økonomiske og praktiske fordelar. Ein vil spare pengar på å gjera det no, og trafikken vil ikkje bli hindra meir enn naudsynt, fordi arbeidet vil bli ferdig samtidig som det arbeidet som alt pågår, seier Heggenes i Vegvesenet.

Vil presse samferdslekomiteen

Ordførar Arne Vinje er ikkje imponert over den statlege praksisen når det gjeld å løyve pengar til veg. Han forstår ikkje kvifor ein ikkje løyver pengar til heile strekninga under eitt.

– Dette er eit sørgjeleg utslag av budsjetteringspraksisen sentralt når det gjeld vegutbygging. Berre småstrekningar, ein om gongen. Det fornuftige no vil vera å gje ei tilleggsløyving i samband med revidert nasjonalbudsjett, slik at me kan få heile strekninga ferdig med ein gong. Me har venta lenge nok, seier Vinje.

Artikkelen held fram under annonsen.

Lik Heggenes og Olsen peikar han på to tungtvegande grunnar til at ei slik løyving vil vera fornuftig: Det vil bli mykje billigare, og ein slepp ulempene for trafikkavviklinga langs europavegen meir enn naudsynt, sidan alt i teorien kan vera ferdig på same tid som dagens prosjekt skal vera ferdig.

– Vegvesenet regionalt er heilt samde med oss – men dei har ikkje pengar til det i dag, seier Vinje.

Han meiner også at regjeringa skuldar dei å få fullført vegen no.

– Me har ein viss moralsk rett til desse pengane, sidan me har blitt lova ny veg her fleire gonger – og så har pengane blitt flytta til ein annan stad, seier Vinje.

Han seier kommunen no vil presse på sentrale politikarar både i samferdslekomiteen på Stortinget og i departementa, for å få dei femti millionane som manglar.

Anleggsliv

Mange mann, sikkert like mange maskiner og 72 millionar kroner skal gjera europavegen langs Tveitestrond i Øvre Vinje god, brei og sikker. Og livet som anleggsarbeidar? Det er slett ikkje verst.

– Her skal munkane gå, flirer anleggsleiar Trond Olsen.

Han siktar til Pilegrimsvegen som blir laga i strandkanten langs Tveitevatn, mellom Edland og Grunge kyrkje. For også den gamle pilegrimsleida skal framleis gå her, sjølv om den nye vegen breier seg ut i landskapet. Hovudvegen langs vatnet skal byggjast opp til dagens høgde, medan Pilegrimsvegen skal gå på ein slags terrasse nede ved vatnet. Bygging av ein pilegrimsveg langs ein europaveg er noko anleggsleiar Olsen ikkje har vore med på før.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vegvesenet er veldig flinke til å ta vare på ulike interesser. Fiskeforeininga, pilegrimsvandrarane, kulturminnevern – alt blir tatt omsyn til i stor grad, seier Olsen.

Sytti millionar kroner

Vestlandsfirmaet Risa fekk tilslaget då Vegvesenet la utbetringa av den fem kilometer lange strekninga mellom Grunge kyrkje og Velemoen ut på anbod i fjor. 72 millionar kroner skal gjera den ulykkesutsette og utrygge strekninga om til ein veg som held dagens standard – ein breiare, tryggare og betre europaveg. Det er ein av mange flaskehalsar på E134 gjennom Telemark som no blir fjerna.

Kvart skift er rundt 18 arbeidarar i sving på anlegget. Dei jobbar 14 dagar på, 14 av, 12 timar kvar dag. Og det er eit godt og morosamt liv, forsikrar dei som tilbringer lunsjpausen på anleggskontoret når avisa er innom.

Spennande vegregion

Vest-Telemark er ein spennande vegregion om dagen, meiner Risa-karane. Etter at det har skjedd svært lite på vegfronten i regionen i mange år, skjer det no mykje framover.

– Interessa frå lokale som ynskjer å arbeide her har vore kolossal. Mange vil vera med på dette prosjektet som er «heime», seier Olsen.

Det er ei blanding av Risas eigne folk og lokale entreprenørar og arbeidarar som jobbar på vegen. Per Kåre Kvålen er lokal og nyleg tilsett som formann.

– Eg gler meg veldig til å vera ein del av dette. Det verkar som eit spennande prosjekt, seier Kvålen.

Takknemleg lokalbefolkning

Det kan anleggsleiar Olsen stadfeste. Dei ligg veldig godt an med tanke på prosjektert byggetid.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vinteren har vore som bestilt, og drifta har difor gått veldig bra, seier Olsen.

Kuldeperioden har dei takla greitt, og dei som jobbar ute har fått utdelt eigne vinterpakker med klede.

– Så dei går rundt som polfararar, kommenterer Olsen.

Så kulda er ikkje noko problem for ein vegarbeidar. Det har heller ikkje mottakinga blant lokalbefolkninga vore.

– Dei har tatt oss imot på ein veldig god måte. Dei slepper oss til og med fram i køen på butikken, smiler anleggleiaren.