I år har fire hjortar fått nye GPS-halsband i Kviteseid. På nettet kan alle som ynskjer fylgje med på kvar dei merka hjortane i Agder og Telemark held seg. (Bilde frå viltkamera)
I år har fire hjortar fått nye GPS-halsband i Kviteseid. På nettet kan alle som ynskjer fylgje med på kvar dei merka hjortane i Agder og Telemark held seg. (Bilde frå viltkamera)

Kan fylgje lokal hjort på nettet

For å finne ut kva arealbruk hjorten har, har mellom anna tre koller og ein bukk i Kviteseid fått GPS-halsband i vinter. Slik kan prosjektet Sørhjort hente nyttig informasjon til den lokale forvaltninga i Agder og Telemark.

For å auke kunnskapen om hjort og hjortestamma blei det hausten 2014 starta eit prosjekt der hjort blei merka med radiosendar.

– Målet er å få kunnskap om hjorten som ein kan bruke både i lokal og regional forvaltning, seier Tommy Granlien frå styringsgruppa for Sørhjort-prosjektet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Prosjektet dekkjer begge Agder-fylka og ni kommunar i Telemark.

– Prosjektet varar fram til 2018, og målet er å merke minst 40 hjort med GPS-halsband. Det er kommunane som deltek og dei tre fylkeskommunane som i hovudsak betalar prosjektet, seier Granlien.

Ser kvar dyra er

Ein viktig del av prosjektet er å merke hjort med GPS-halsband for å få meir kunnskap om kvar dyra rører seg og kva arealbruk dyra har.

Hjortekolla «Lilla_7» blei merka på Kviteseid gard 28. januar i år. Yngstemann på garden, Tor Åsmund Hopland Nordskog (9), var med å merka kolla. (Privat foto)
Hjortekolla «Lilla_7» blei merka på Kviteseid gard 28. januar i år. Yngstemann på garden, Tor Åsmund Hopland Nordskog (9), var med å merka kolla. (Privat foto)
Hjorten blir merka med GPS-sendar rundt halsen og merke i øyret i Sørhjort-prosjektet. (Privat foto)
Hjorten blir merka med GPS-sendar rundt halsen og merke i øyret i Sørhjort-prosjektet. (Privat foto)
Hjorten blir merka med GPS-sendar rundt halsen og merke i øyret i Sørhjort-prosjektet. (Privat foto)
Hjorten blir merka med GPS-sendar rundt halsen og merke i øyret i Sørhjort-prosjektet. (Privat foto)
Med Sørhjort-prosjektet får ein stadfesta at hjorten nyttar mykje areal. Denne bukken som blei merka i Hjartdal, tok turen innom fem kommunar i brunsten. (Privat foto)
Med Sørhjort-prosjektet får ein stadfesta at hjorten nyttar mykje areal. Denne bukken som blei merka i Hjartdal, tok turen innom fem kommunar i brunsten. (Privat foto)

For å merke hjorten treng ein samarbeid med lokale som har fôrplassar for hjorten.

I Kviteseid blir hjorten mellom anna fôra i Strauman, og difor har kanskje mange lagt merke til at det kjem opp varselskilt om kryssande vilt i området ved Kviteseid gard og bygdetunet. Ei stor gruppe hjort held seg i det området, og i løpet av dei siste vekene har tre koller og ein bukk blitt merka med nye GPS-halsband slik at alle kan fylgje kvar dei held seg.

Mange i Kviteseid

På Kviteseid gard er det stor trafikk av hjort. Både morgon og kveld er det fullt av tråkk då hjorten kjem opp til rundballen som er lagt ut.

– Me har vinterfôra hjort i 6-7 år. Det starta eigentleg som ein fôrplass for elgen, men etter kort tid kom hjorten. Me har fôrplassar både i Strauman og på Fjågesundvegen. Når det er tid for merking, flyttar me fôrplassen og legg rundballar her ved låven på garden, slik at dyra kjem hit. Hjorten bryr seg verken om hundane, traktoren eller hesten – for dei går dei gjerne inntil, seier Bjørn Nordskog på Kviteseid gard.

Han fortel at det ofte har mellom 30 og 50 hjort på besøk tett på tunet om vinteren. Om sommaren ordnar dyra seg mat sjølve.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Når snøen kjem trekkjer dei ned hit att, seier Nordskog.

I fjor blei to hinder merka på Kviteseid gard. Ein kunne sjå at dei gjekk til Fyresdal på sommarbeite, men nå er dei på plass i Kviteseid att. Halsbanda på dyra har falle av, slik dei skal etter ei tid når batteriet på GPS-sendaren er tomt.

Dei merka hjortane hadde ein GPS-krage med batteri som sendte posisjonsdata, tidspunkt og kva høgde dyret er over havet.

– På nettsida dyreposisjoner.no kan ein til ei kvar tid sjå kvar dei ulike radiomerka dyra har bevegar seg. Det er spennande, meiner Nordskog.

Merka 10 hjort

Den fyrste sesongen av prosjektet, i 2015, blei det merka 10 hjort, av desse 7 koller og 3 bukkar. Alle med GPS-halsband slik at ein kunne fylgje arealbruken deira i løpet av vinteren. Dyra blei merka i fem ulike kommunar i Aust-Agder og Telemark.

– Ein fekk sjå at vekta på kollene varierte frå 82 til 153 kilo. Den tyngste hjorten var ei kolle som blei merka i Nome og som er den tyngste registrerte i løpet av dei 15 siste åra. Vekta på bukkane varierte frå 147 til 205 kilo, skriv Erling L. Meisingset i resultatoppsummeringa frå 2015.

Ein såg også at alle dei merka dyra var trekkande individ og reiste vekk frå vinterområdet til sommarbeite, før dei kom tilbake denne vinteren.

– Det var vanskeleg å få tak i hjort for merking i Vest-Agder, og me skulle gjerne fått sendarar på hjort i Lunde og Hjartdal i år også. Her vil me prøve att så raskt høvet byr seg, seier Granlien.

Artikkelen held fram under annonsen.

Bukk i fem kommunar

Granlien meiner det er spennande å fylgje dei merka dyra via nettstaden dyreposisjoner.no, og fortel mellom anna at Valle-bukken hadde seg ein tur til Kviteseid på sommaren.

– Me hadde også ein bukk som blei merka i Hjartdal i fjor. Han heldt seg i det same området heilt til brunsten. Då kunne me sjå at han i løpet av få dagar hadde vore innom fem ulike kommunar – så han brukar litt areal. Då brunsten var over fylgde hjartdalsbukken eksakt same veg heim att. Det var heilt utruleg å sjå på kartet, meiner Granlien.

Han seier at det ut frå desse erfaringane viser at det ikkje er så lett å forvalte viltet sidan dei rører seg innom fleire kommunar.

– Prosjektet set fokus på korleis dyra ter seg. Me har ikkje så mykje kunnskap på dette feltet, men prosjektet kan gje oss fleire svar, meiner Granlien og konkluderer så langt med at hjorten nyttar i alle fall svært mykje areal.

Fire Kviteseid-hjortar

I slutten av januar var representantar frå Sørhjort på besøk og merka to nye koller på Kviteseid gard. I februar var dei tilbake og merka ei kolle og ein bukk.

– Hjorten blir bedøva med ei pil. Og me har med ein veterinær som tar blod-, hår- og avføringsprøver av hjorten. Før han får ei motgiftssprøyte for å vakne att blir han også veg og ein tar ulike andre mål, fortel Granlien.

GPS-sendaren som sit i halsbandet har batteri slik at han kan sende eksakt posisjon på dyret. Men det ligg inne ei lita forseinking i programmet.

Meld frå

Granlien ynskjer å samarbeide med jegerar, grunneigarar og andre interesserte, og seier ein kan finne meir informasjon om prosjektet på nettstaden hjortemerk.no.

Artikkelen held fram under annonsen.

Personane bak prosjektet ynskjer også beskjed om ein observerer eit merka dyr med GPS-halsband, og er spesielt interessert i koller – og om dei går i fylgje med årskalv eller ikkje. Ser ein hjort med halsband og øyremerke kan ein melde i frå på facebooksida «Hjort og hjortemerking, Bioforsk». Klarer ein å ta bilete av dyra vil dei gjerne ha det også.