Konstituert rådmann i Seljord, Kari Gro Espeland, kom med framlegg om å trekkje sak om sal av det gamle skulebygget i Dyrlandsdalen. Til venstre, ordførar Halfdan Haugan (Ap).
Kan ikkje selje skulen i Dyrlandsdalen
– Kommunen eig ikkje den gamle skulen i Dyrlandsdalen, og kan derfor ikkje selje han, opplyste konstituert rådmann i Seljord kommune, Kari Gro Espeland.
Då formannskapet i Seljord var samla førre veke stod sal av den tidlegare skulen i Dyrlandsdalen på sakskartet. VTB omtala saka i forkant av møtet, og skreiv mellom anna at 9 innbyggjarar ynskte å behalde bygget som har blitt nytta som grendehus.
På eit møte i grendelaget i juni i fjor blei det vedtok eit fleirtal at grendelaget skulle bli avvikla. Grendelaget overtok skulehuset i september 1994, og av skøytet gjekk det fram at dersom laget ikkje lenger greidde å sitje med huset, skulle det bli tilbakeført til kommunen.
I februar i år søkte eigar av garden Landsverk, Wenche og Jan Barstad, om å overta det gamle skulehuset, sidan tomta bygget står på opphaveleg kjem frå deira eigedom.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP