Kanskje kjem Nissedal kommune til å leggje til rette for store bustadtomter på Damkollen (midten) mellom nedre elvedelen av Nisser og riksveg 41.
Kanskje kjem Nissedal kommune til å leggje til rette for store bustadtomter på Damkollen (midten) mellom nedre elvedelen av Nisser og riksveg 41.

Kan kome stortomter i bygda

Kanskje vil stortomter på 3-4 mål bli opparbeidd for sal sør i Treungen.

Området Damkollen like sør for Best-stasjonen i Treungen er sett av til bustadområde med plass til opptil 12 hus. Plansjef Sveinung Seljås har spurd Nissedal formannskap om det er meir fornuftig å ha 4–6 store tomter på kanskje 3–4 mål kvar fordelt på området som er på totalt 30 dekar.

– Ein kunne bruke området som mogleg lokkemiddel for dei som vil ha store tomter i kommunen, og tomtene vil liggje vassdragsnært, sa Seljås.

Artikkelen held fram under annonsen.

Alle fem i formannskapet syntest forslaget høyrdest veldig fornuftig ut, og meinte stortomtene ville bli attraktive. Ikkje er området langt frå sentrum, og det er gang- og sykkelveg opp dit.

Det blei elles nemnt at smertegrensa for pris på ei tomt ligg på 300 000–350 000 kroner. Spørsmålet er då om salet av tomtene vil gje nok inntekter til å forsvare investeringane kommunen må gjere i infrastruktur som veg, vatn og kloakk. Plankontoret skal sjå nærare på stortomtsaka, som deretter kjem tilbake til politikarane.