Kan måtta vente eitt år på barnehageplass
Småbarnsforeldre i Seljord reagerer på at det i budsjettet for 2013 berre er lagt opp til eitt barnehageopptak i året. Det gjer at foreldra må ta uløna permisjon i fleire månadar. Det er dårleg familiepolitikk, meiner Arild Johansen, Marte Kildal, Merethe Lia, Tordis Bjåland, Kjersti Bollerud og Mona Helen Haugan.
Den økonomiske stoda i kommunen gjer at formannskapet, i tråd med innstillinga frå rådmannen, føreslår å avgrense barnehageopptaket til eitt hovudopptak i året og med opptak av barn som fyller eitt år før 1. september. Det betyr at eit barn som er fødd til dømes 2. september ikkje får byrje i barnehagen før det er to år gamalt.
Det er veldig dårleg familiepolitikk, fortvilar Arild Johansen, Mona Helen Haugan, Kjersti Bollerud, Tordis Bjåland, Merethe Lia og Marte Kildal.
Artikkelen held fram under annonsen.
Dei har alle barn som er fødd i 2012 og har fått avslag, eller dårlegare tilbod enn søkt om, for barnehageåret 2012/2013. Dei føreslegne nye reglane gjer at mange foreldre må ta uløna permisjon i fleire månadar, og i nokre tilfelle opp mot eit heilt år.
Dette får store økonomiske konsekvensar. Dei fleste familiar baserer seg på to inntekter. Det vil skape store vanskar for småbarnsforeldre, men også for arbeidsgjevarane som ikkje får dei tilsette tilbake i jobb etter foreldrepermisjonen, seier Arild Johansen.
Det finst ikkje dagmammaer, og ein kan ikkje basere seg på hjelp frå besteforeldre og vener. Det er heller ikkje alle som har den moglegheita, som dei som akkurat har flytta hit og ikkje har noko stort nettverk, legg han til.
Dessutan er det mange som kan tenkje seg å ut att i arbeidslivet etter permisjonen, poengterer Tordis Bjåland.
Minimumskravet i lova
Marie (3 veker) kunne med tidlegare praksis kome inn i barnehagen i november neste år, men må med nye reglar vente til hausten 2014 på barnehageplass.
Dårleg planlagt, sukkar mor Kjersti Bollerud.
Er det slik at me må sette oss ned med kommunen for å planleggje ein ny unge, undrar Merethe Lia.
I barnehagelova er minimumskravet eitt hovudopptak i året, men småbarnsforeldra meiner kommunen bryt med kommuneplanen som mellom anna poengterer at «barnehage- og SFO-tilbodet skal dekkje etterspørsel og i størst mogleg grad vere tilpassa eit fleksibelt arbeidsliv».
Artikkelen held fram under annonsen.
Kommunen seier dei skal leggje til rette for tilflytting. Det gjer dei ikkje med dette, meiner foreldra, som har skrive brev til dei folkevalde med håp om at kommunestyret i budsjettmøtet torsdag finn dei nødvendige kronene som kan sikre framleis rullerande opptak.
Det er skissert at kostnaden er mellom 1 og 1,5 millionar kroner.
Nye reglar
Tidlegare var driftstilskotet til barnehagane øyremerkt. I 2011 blei det øyremerkte tilskotet ein del av dei samla rammeoverføringane til kommunane. Det har gjeve økonomiske barnehageutfordringar for kommunane. For å kunne sikre rullerande etteropptak må grunnbemanninga i barnehagane vere stor nok til å møte behovet. I 2012 løyvde politikarane i Seljord ein million kroner for å sikre at også barn som var fødde mellom 1. september og 31. desember fekk barnehageplass.
Korleis ville de finansiert etteropptaket?
Kommunen har nok ikkje noko val snart. Eigedomsskatt ville vore ei kjærkomen inntekt. Det blir ikkje så mykje på kvar enkelt, og næringslivet har råd til det. Det handlar om prioriteringar og kva kommunen vil bruke pengar på, meiner foreldra.
Det har vore snakka om å stengje barnehagane ei ekstra veke om sommaren. Det er me positive til om det sikrar etteropptak, men det gjer det nok ikkje, legg Haugan til.
Meiner reglane er feil
Seljord-ordførar Solveig Sundbø Abrahamsen (H) beklagar situasjonen. Ho forstår småbarnsforeldra godt, men har ingen gode råd å kome med for dei som risikerer å vente opp mot eitt år på barnehageplass.
Eg har ingen dagmamma å kome med, og kan ikkje gje anna råd enn å trykke på for å få endra regelverket. Det er dei same utfordringane over heile landet. Fødestovene er fulle av kvinne som skal føde før 1. september. Eg har aldri skjøna denne datoen, seier ordføraren, som meiner årsskiftet ville vore ein meir naturleg dato.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ho er rask til å understreke at situasjonen i Seljord ikkje er unik. Tvert om.
At det blir eit dårlegare tilbod i Seljord enn i andre kommunar er berre tull og tøys. Me har hatt eit betre tilbod enn andre, med full barnehagedekning, nye flotte lokale og høg kvalitet, så eg kan absolutt stå inne for at kommunen legg til rette for småbarnsfamiliar, seier Sundbø Abrahamsen.
Har småbarnsforeldre i Seljord vore bortskjemte?
Me har i alle fall hatt eit veldig bra tilbod i Seljord, betre enn andre. Barnehage er høgt prioritert, seier ordføraren.
Ho seier rullerande etteropptak vil koste kommunen mellom 1 og 1,5 millionar kroner. Dei pengane fann ikkje formannskapet i budsjettbehandlinga. Kva som skjer i kommunestyret vil ikkje ordføraren spekulere i.
Ser ikkje kvar dei kan finne pengane
Trond Johnsen, gruppeleiar i Seljord Ap, seier partiet vil gjera det dei kan for å finne den vel ekstra millionen for å sikre etteropptak i 2013, men han ser at det blir vanskeleg. Johnsen viser til at barnehagane i delar av året må vera overbemanna for å møte etterspurnaden.
Situasjonen er ikkje ynskjeleg i det heile. Eg skjønar frustrasjonen til småbarnsforeldra. Me vil snu kvar stein for å finne pengane, men akkurat no klarer eg ikkje sjå korleis, seier Johnsen.
Korleis harmonerer dette med kommunale planar om å leggje til rette for småbarnsforeldre og auke innbyggjartalet?
Artikkelen held fram under annonsen.
Eg skjønar at det blir argumentert med at planane ikkje er verdt papiret dei er skrive på, men økonomien i kommunen er dårleg. For å finansiere etteropptak, må me kutte ut noko anna, minner Johnsen om.
Han varslar at Ap, som i formannskapet, vil føreslå å starte arbeidet med å innføre eigedomsskatt i kommunen frå 2014. Partiet skal møtast i kveld for å diskutere budsjettet, og dei vil også snakke med dei to andre opposisjonspartia SV og Sp før torsdagens kommunestyremøte.