Jostein Hellevik stakk av med den gjeve prisen «Nordens beste naturfotograf» med dette blinkskotet.
Jostein Hellevik stakk av med den gjeve prisen «Nordens beste naturfotograf» med dette blinkskotet.

Kåra til Nordens beste naturfotograf

I helga deltok Jostein Hellevik for fyrste gong i Nordens største fotokonkurranse. Av 4800 nominerte naturbilde, trekte Hellevik det lengste strået med eit blinkskot av ei fiskeørn på fisketur.

– Denne prisen veg ekstremt tungt i miljøet, så dette er ein tungvektar på CV’en min. Eg har lagt til rette for andre som har vunne ulike prisar, men sjølv har eg aldri deltatt i ein slik konkurranse før, seier Hellevik.

I Nordens største fotokonkurranse er det fotografar frå ni land som deltek, og 4800 spesialutplukka naturbilde er nominerte i ni ulike kategoriar. Nokre av kategoriane er beste nærbilde, beste landskap og kategorien som Hellevik var nominert i, beste fuglebilde. Den kategorien vann Hellevik. Som kategorivinnar gjekk Hellevik vidare til finalen, og juryen meinte Hellevik, med sitt fotografi av ei fiskeørn som stupar ned i vatnet og tek ein fisk, fortener tittelen som Nordens beste naturfotograf.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg er utruleg stolt av tittelen, og ikkje minst det å få kaste lys over Tokkes vakre natur som eg aldri blir mett av, seier Hellevik.

Høgsesong

Hellevik bur på Skafsåhei i Tokke, og driv Dalen villmarkssenter der han tek imot besøkande som vil oppleve naturen, filme og fotografere. Akkurat nå er det høgsesong for Hellevik fordi mange kjem for å oppleve og fotografere ørnelivet på nært hald. Naturentusiastar frå heile verda tek turen til Skafsåhei, og akkurat nå har Hellevik besøk av anerkjente National Geographic som er der for å filme og fotografere ørn. Skafsåhei er plukka ut som ein av fleire destinasjonar som er ein del av ei storsatsing frå National Geographic.

– Me bur i eit naturparadis, det er ei perle av ein stad, med ein utruleg mangfaldig natur. Her er Bandak, bratte fjellsider og snø. Det er brutalt og eventyrleg på same tid, seier Hellevik som har drive Dalen villmarkssenter i åtte år og opplever at tilbodet blir stadig meir populært.

Han brenn for å formidle naturopplevingar i Tokke, og vil vise at naturen er ein ressurs. Den ferske prisvinnaren fortel at eit fellestrekk hos naturfotografar er at dei er ekstremt tålmodige. Vinnarbilde blei tatt ved Åmlivatnet, og var alt anna enn ein slump.

– Det ligg mykje planlegging bak og det tok evigheitar å ta det.