Landskappleik og smårollingar. De er travle dagar for Turid Sudgarden med Mari, Åshild Solbjør med Linnea og Sara med to veker til termin.
Landskappleik og smårollingar. De er travle dagar for Turid Sudgarden med Mari, Åshild Solbjør med Linnea og Sara med to veker til termin.

«Kivlekjeringar» med fanget fullt

Dei var ikkje meir enn ungar sjølve midt på 90-talet då Torunn Raftevold Rue og Ragnhild Knudsen blås liv i hardingfeleinteressa i Seljord og Kviteseid. Dei brenn for Landskappleiken. Og dei er opptekne av kva han kan bety for dei som er ungar i dag.

Tre kvinner med fire ungar. To på fanget og to i magen. Det er det dei ber rundt på no. Tidlegare var det hardingfeler og bunad. No er det ungar. Dei tre Kivlemøyane er blitt tre «Kivlekjeringer» som ser fram til sommaren og Landskappleiken i Seljord.

Landskappleiken

I år er det Seljord sin tur til å vere vertskap for Landskappleiken for folkemusikk. Og Kivlemøyane, eller kjeringane, ligg ikkje på latsida. Sara Telnes Fjågesund er leiar av tevlingskomiteen, Gunhild Sudgarden (som måtte prioritere frisørkundar) leiar pyntekomiteen, Turid Sudgarden styrar stemnekontoret og Åshild sit i PR og mediakomiteen. Men kva er eigentleg Landskappleiken og kvifor er det så viktig for Seljord å huse dette arrangementet? Svaret kjem kontant.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er det største som skjer! Det er noregsmeisterskap i folkemusikk, kjem det frå Åshild.

– Og Seljord, som er eit festivalsentrum, burde ha god erfaring i å stelle til arrangement. Sjølv om det ikkje er festival slik vi er vant med. Her blir alt gjort på dugnad. Det skal utruleg mange frivillige til for å få dette på plass. Og så er det viktig for rekrutteringa. Kanskje kan det bidra til å utvide folkemusikkmiljøet. Det er mange av dei frivillige som ikkje har noko sterk tilknyting til folkemusikkmiljøet, påpeikar Sara medan ho stryk seg over den bresteferdige magen. De er to veker til termin.

Fyrste generasjon

Dei tre unge kvinnene er sentrale årsaker i den store folkemusikkinteressa ein finn i Seljord. Noko som ikkje minst blir spegla i overrepresentasjonen av jenter som spelar hardingfele.

Kivlemøyane var fyrste generasjon i denne oppbløminga av bunadkledde, felespelande ungar og ungdommar i bygda. Sjølv var dei berre 12-13 år då dei starta opp. Etter den tid har dei vore sentrale både i Seljord spelemannslag, i Telemark

Folkemusikklag og ikkje minst har Åshild og Sara vore viktige for Ungfolk, folkemusikkleiren for unge folkemusikkentusiastar som blir arrangert i juli kvart år.

– Vi var nok ikkje så gode i byrjinga. Men Torunn Raftevold Rue og Ragnhild Knudsen var flink til å få oss med på ting.

Turid sit med vesle Mari (2 mnd) på fanget. Turid har permisjon frå farmasøytjobben på Seljord apotek i nokre månadar til.

– Vi fekk jo oppdrag etter kvart. Vi var med og opna det olympiske senteret på Lillehammer fortel Sara, før dei ramsar opp i munnen på kvarandre. Tørdal. Brekkeparken i Skien. Kviteseid folkebibliotek. Opning av turveg i Tveitgrend.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Og så opna vi brua mellom Fjågesund og Kilen, ler Sara.

– Vi vekte ein entusiasme. Vi var jo dei einaste unge, skyt Turid inn.

Og spelemannslaget stilte opp, fortel dei. Om jentene arrangerte noko, blei spelemannslaget med.

På tvers av alt

Dei brenn for Landskappleiken. Og dei er opptekne av kva han kan bety for dei unge.

– For det unge miljøet, betyr det at dei ikkje treng å reise langt for å delta og for å oppleve, seier Åshild.

Sara er lærar i Kulturskulen. Ho fortel at dei unge er veldig opptekne av det som skal skje.

– Dei skal vere synlege i biletet, dei skal vere med i opningsframsyninga, og dei kan planlegge tidleg om dei vil melde seg på tevlinga. Og ikkje minst får dei eit nettverk. Dei vil møte att folk dei har møtt på Ungfolk, og dei vil møte nye folk.

– Kva har folkemusikkmiljøet betydd for dykk?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det har gjeve meg eit stort kontaktnett, svarar Sara.

– Vi har opplevd mykje, fått mange vener, meiner Turid.

– Det naturlege forholdet til folkemusikk, skyt Åshild inn og sett i gang ei rekke innspel.

– Vi er flinke til å ta på oss bunaden.

– Ja, det tar ikkje lang tid.

Dei humrar litt før dei held fram.

– Tradisjon, seier Sara.

– Det å sjå tilbake i tid, å ha eit naturleg forhold til at noko kan vare, føyer ho til.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Alle generasjonar er med. Det er unikt for folkemusikkmiljøet, seier Turid.

– Det er ikkje slik i andre musikkmiljø, meiner Åshild.

– Unge, vaksne, gamle og eldgamle. Vi finn alle i folkemusikkmiljøet.

– Og dei eldgamle er dei mest spennande. Sara si utsegn får dei to andre til å nikke.

– Det byggjer toleranse, seier Turid.

– Og ein blir vant til å vere med mange slags folk. Det er heilt naturleg for ein gamal spelemann å vere med meg og fortelje og spele. Du kan vere A-lags Sara eller meg som berre spelar heime. Du er like velkommen, fortel Åshild.

– Det er det beste. Det er ikkje nivå eller aldersfordommar i folkemusikken.

Dei er ivrige og blir ivrigare i samtala dei held gåande parallelt med mating av ungar og kaffidrikking.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Den munnlege tradisjonen gjev rom for kreativitet. Mange blir overraska når eg spelar. Har du ikkje notar? spør dei. Det er så fritt. Ein kan ha ein variant av noko, eller ein kan lage sitt eige. Det handlar om overlevering og variasjonar, seier Sara.

Kivlemøyane

Dei var ikkje meir enn ungar sjølve midt på 90-talet då Torunn Raftevold Rue og Ragnhild Knudsen blås liv i hardingfeleinteressa i Seljord og Kviteseid, og dei var med då Seljord og Kviteseid juniorspelemannslag blei starta.

– Men kvifor kalle seg Kivlemøyane?

– Vi ville ha vårt eige namn, og læraren vår, Torunn Raftevold Rue var ei av Honndalstausene. Det inspirerte oss, fortel Åshild medan ho mosar ein banan som ho gjev til vesle Linnea (9 mnd.). Åshild har kome frå Øyfjell for å snakke varmt om Landskappleiken.

– Og så kunne vi jo ikkje kalle oss Seljordstausene, skyt Sara inn.

– Og no kan vi ikkje kalle oss møyar lenger, så no må vi vel kalle oss «Kivlekjeringane». Turid og dei to andre «kjeringane» ler så kaffelatten skvalpar. Dei fortel at dei framleis ser på seg sjølve som spelemenn, men at det kanskje blir litt lite tid til fela no når andre har fått fyrsteplassen i liva deira.