Kvitsund-elevane Jonas Holskar (t.v.) og Sondre Rahm har brukt mange seine kveldar og netter på å gjere om internatrommet til eit skikkeleg supporterrom. Dei to Aalesund-supporterane har kunstgras som teppe og veggar prega av favorittlaget på rommet.

Kjem i stemning på lokal heimebane

Andreklassingane Jonas Holskar og Sondre Rahm ved Kvitsund gymnas har innreidd eit internatrom i oransje og blått. Dei to ivrige Aalesund FK-supporterane ville kome i den rette stemninga når dei fylgjer favorittlagets kampar, og med storskjerm, supporterutstyr og kunstgras som teppe er det nesten som å vera på Color Line stadion.

Publisert Sist oppdatert

På den eine veggen står det med store bokstavar at «Aafk gjør noe med deg». Og det er tydeleg at klubben har gjort noko med dei to andreklassingane ved Kvitsund gymnas. Rommet i toppetasjen på Tunhuset er no eit skikkeleg fotballrom. Eller rettare sagt: Eit Aafk-rom. Jonas Holskar og Sondre Rahm frå høvesvis Treungen og Notodden er ivrige supporterar av dei oransjekledde frå Jugendbyen.

Jonas er født i Ålesund og føler seg innerst inne som sunnmøring. Då Aalesund rykka opp i Tippeligaen og kom til semifinalen i cupen i 2002, blei Jonas hekta. For kameraten var det annleis.

– Eg blei frelst då eg blei kjent med Jonas, seier Sondre.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS