Kjempar for lensmannskontoret
Med dei sterke reaksjonane er det tydeleg at mange ikkje har tillit til politimeisteren, skriv Fyresdal-rådmann Ketil O. Kiland i saksutgreiinga til kommunestyret om framtidas politistruktur.
Som leiar av rådmannsutvalet i Vest-Telemark deltok Ketil O. Kiland som observatør i ei lita arbeidsgruppe som såg på modellar for lensmannsstruktur framover. I mai i fjor kom det fram at Kiland mistreivst sterkt i rolla som observatør, og han sa heile prosessen syntest avgjort på førehand. Vidare meinte han at konklusjonen alt var tatt om ikkje Vest-Telemark signaliserer tydeleg verdien av nærpolitiet.
Lokalt bed no rådmannen kommunestyret i Fyresdal om å gje tydeleg til kjenne at det ikkje er aktuelt å leggje ned lensmannskontoret og erstatte det med alternative løysingar. Rådmannen finn det ikkje dokumentert at ei samanslåing av lensmannskontora i Vest-Telemark vil gje eit betre og tryggare tenestetilbod for innbyggjarane.
Artikkelen held fram under annonsen.
Mista tilliten
I saksutgreiinga minner Kiland om at politimeisteren ikkje har valt å ta omsyn til tidlegare uttale frå Fyresdal kommunestyre om at bygda er i ei særstilling som tilseier at ein må få behalde lensmannskontoret.
Kiland gjev seg ikkje av den grunn. I eit vedlegg til høyringsforslaget om ny politistruktur gjev han tydeleg til kjenne misnøye med prosessen og har kome med kritiske kommentarar til rapporten.
Det nyttar lite å uttale i rapporten for Vest-Telemark at ein har forsøkt å gjennomføre ein ærleg og open prosess når dei involverte ikkje opplever det slik. Med så sterke reaksjonar frå kommunar og regionar over tid er det tydeleg at mange ikkje lenger har tillit til politimeisteren i denne prosessen, skyt Kiland frå hofta.
Han avviser ei løysing med politipost eller -kontor, fordi ho er sårbar og kan når som helst leggast ned utan høve til politisk overprøving.
Kiland er oppteken av responstida, og meiner det skurrar når politipatruljar i mange høve blir bedne om å halde seg nær Grenlandsområdet.
Det styrkjer ikkje trua på at politipatruljar vil gje eit betre tilbod i Fyresdal enn no, skriv han.
Nesten årleg er det leiteaksjonar i Fyresdal, og då er det viktig å ha nærpoliti med kunnskap om terreng og lokale innbyggjarar. Vidare peikar Kiland mellom anna på at det er viktig å ha nærpoliti i ei bygd som har fangeleir. Dessutan er rådmannen oppteken av førebygginga.
Utan nærpoliti i Fyresdal vil det for ein kommune som ligg slik til kunne gje innpass for nye kriminelle miljø, uttaler Kiland.
Artikkelen held fram under annonsen.
Elles minner han om at lensmannen har namsmannoppgåver og er sekretær i forliksrådet. Blir oppgåvene sentralisert, går mykje tid vekk i køyring og ein vil mangle lokalkunnskap.
Tappar ressursar
Rådmannen har forståing for at større fagmiljø kan vere eit godt argument for å fremje rekruttering.
Men at det år etter år er så gjevt å bruke fagkompetansen sin med å sitte i ein politibil, har eg vanskar med å forstå kan gjere det lettare å rekruttere på sikt. Dessutan står det kø av nyutdanna politiaspirantar som vil ha jobb, men svært få jobbar er lyst ledige, skriv Kiland, kjend med at politimeisteren har prøvd å halde stillingar vakante ved kontor i Vest-Telemark.
Faren er stor for at heile regionen både på kort og lang kan bli tappa for ressursar. Argumenta til politimeisteren om at denne omorganiseringa ikkje handlar om økonomi og flytting av ressursar frå distriktet til meir folkerike område, er lite truverdige, held rådmannen fram.
Blir lensmannskontoret lagt ned, er Kiland klar på at det går ut over tryggleiken og tilbodet til innbyggjarane, og det handlar om kommunen sitt omdøme og tryggleik.
Fyresdalrådmannen har fylgd godt med i saka om lensmannsstruktur, og konklusjonen hallar bare i ei retning.
Eg har problem med å finne eit argument som eintydig talar for at Fyresdal vil få eit betre politifagleg tenestetilbod ved å gå med på nedlegging av lensmannskontoret, varslar Kiland lokalpolitikarane som snart skal vedta eit høyringssvar der rådmannen hjelper med å arrestere politimeisterens argument.