Elevane ved Nissedal ungdomskule får støtte for utspelet om kjønnsdiskriminerande læreverk. Her representert ved Magnhild Hansen (tv), Torstein Eidem Nordal og Trine Heimdal Larsen.
Elevane ved Nissedal ungdomskule får støtte for utspelet om kjønnsdiskriminerande læreverk. Her representert ved Magnhild Hansen (tv), Torstein Eidem Nordal og Trine Heimdal Larsen.

Kjendisar på kjønnsdiskriminering

Elevane i 10. klasse ved Nissedal ungdomskule reagerte på negativ omtale av gutar i læreboka dei brukte og sendte brev til forlaget om dette. Aviser og andre media har omtala saka slik at både saka og elevane i Nissedal er blitt landskjende.

Etter å ha starta på den femte læreboka i Mega-serien i matematikk frå NKS-forlaget koka det over for gutane i 10. klasse ved Nissedal ungdomskule. Alle døma i boka framstiller jenter som smarte og flinke, medan gutane, utan unntak, er dumme og hjelpeslause.

Diskriminerande lærebok

Læreverket er bygd opp med døme som viser eitt rett og eitt galt svar eller løysing. Etter å ha gått systematisk gjennom døma i boka, finn elevane bare døme som framstiller gutar negativt og jenter positivt. Gutane blir framstilte som dumme, svake, seine og dårlege. Båe forfattarane av lærebøkene er menn, men her må ein ha prøvd å ta att for all tidlegare diskriminering som har gått mot jenter, meiner gutane i klassa.

Artikkelen held fram under annonsen.

Elevane starta på bokverket i 8. klasse og brukar to bøker på kvart klassetrinn. Etter å ha starta på femte boka i haust, fann gutane i klassa ut at dette kunne dei ikkje akseptere lenger. Dei samrådde seg litt med leiinga ved skulen og fekk støtte for å gå ut med kritikk. Både faglærar, klassestyrar og rektor syntest det var greit at dei sende ei pressemelding til lokalavisa, fylkesavisene, Dagbladet, VG og NRK.

Stor respons

– Me hadde kanskje venta å få respons av lokalavisa, men at mest alle som fekk meldinga har laga reportasje på saka, var langt over det me venta oss, seier Torstein Eidem Nordal, talsmann for gutane i klassa.

Båe fylkesavisene laga oppslag på saka, til og med hovudoppslag. Dagbladet bruka ei side og Telemarksendinga omtala saka. Til og med P3, som ikkje eingong hadde fått meldinga, har vore i Nissedal og snakka med elevane.

– Men me saknar respons frå NKS-forlaget. Gjennom ulike media ser me at forlaget har lagt seg flate og innrømmer at det er kjønnsdiskriminerande omtale av gutar i boka. Klassa har likevel ikkje høyrt noko direkte frå forlaget. Det kunne dei godt ha kosta på seg, meiner elevane.

I utgangspunktet var det gutane i 10. klasse som gjekk ut med saka. Jentene var ikkje med på sjølve utspelet.

– Me er likevel samde med gutane. Likestilling betyr at båe kjønn skal bli omtala likt, og det er ikkje tilfelle i denne boka, meiner også jentene i klassa.