Kjenner lite til narkobruk blant ungdom
Tal frå politiet viser at talet på narkotikasaker i Seljord er meir enn dobla frå 2004 til 2005. I alt handsama lensmannskontoret 55 slike saker i fjor. Dei aller fleste tilfella galdt vaksne, i alderen mellom 20 og 40 år. Det stemmer godt med inntrykket til 16-åringar ved den vidaregåande skulen i Seljord som VTB har snakka med. Dei kjenner lite til narkobruk blant ungdom i si aldersgruppe.
Den årlege rapporten frå politiet om tal på brotsverk og oppklaringsprosent syner at medan kriminaliteten på landsbasis er i nedgang, er utviklinga i Seljord ei heilt annan. I fjor auka talet på brotsverk med 25,6 prosent frå året før. Mykje av auken skuldast narkotikasaker. Seljord hadde i fjor fleire slike saker enn alle dei andre fem kommunane i Vest-Telemark til saman.
Avdekkjer meir
Lensmann i Seljord, Torodd Aase, seier at bruk og omsetnad av narkotika slett ikkje er noko nytt fenomen i Seljord, heller ikkje i Vest-Telemark for den del. Han forklarar auken i Seljord mellom anna med at kontoret har god kompetanse på området, at politiet er ute og oppsøkjer miljøa, og at det difor blir avdekka meir. Dessutan er folk ganske flinke til å melde frå om personar dei har mistanke til, anten det gjeld bruk eller omsetnad av narkotiske stoff, seier Aase.
Artikkelen held fram under annonsen.
I Seljord blei det i fjor teke beslag i fleire typar dop; både LSD, heroin, hasj og amfetamin. Det aller største beslaget fortel Aase blei gjort hjå ein person busett i Seljord, der politiet fann heile ni kilo hasj. Funnet blei ikkje gjort tilfeldig, det var ei sak politiet hadde arbeidd med i vekesvis, seier Aase. Han opplyser at innehavaren av hasjen bruka Seljord som base for verksemda, og at han truleg hadde selt meir andre stadar enn han hadde gjort i Seljord.
Mest vaksne folk
Dei fleste narkosakene i Seljord gjeld personar som er i alderen tjue til førti år.
Me har få saker som gjeld personar under tjue år. I Seljord, i motsetnad til for eksempel Lunde, har ikkje narkotika vore noko stort problem ved den vidaregåande skulen, seier lensmann Aase.
Det er også inntrykket til dei tri jentene VTB treffer i biblioteket på skulen. Dei har høyrt at det finst ein del stoff i bygda, men dei kjenner ikkje til at det har vore episodar ved den vidaregåande skulen. Dei har heller aldri opplevd å bli bydd noko form for dop.
Nei, det er eg glad for. Då hadde eg blitt redd, seier Gunn Ingrid Brekke Langedok.
Men dei tri jentene trur ikkje det er uvanleg blant jamnaldringane å ha prøvd narkotika.
Spesielt blant gutane, er dei tri samde om. Ein ting til er dei veldig einige om. Det er at det er veldig dumt å byrje med slikt.
Det synest også lensmann Torodd Aase, som har sett mange familiar rakne fullstendig etter den store påkjenninga det er å ha ein rusbrukar i familien.
Artikkelen held fram under annonsen.
Me kjem til å halde fram med å stresse narkotikamiljøet. Om det ikkje blir sett ein stoppar når dei er i ung alder, går brukarane ofte inn i ein vond spiral som påverkar både arbeidsliv og familien. Mange unge er nysgjerrige og bagatelliserer bruk, spesielt av hasj. Noko av det viktigaste framover blir å få opp augo på foreldre og andre ansvarspersonar på at narkobruk kan gjelde alle unge, seier Aase.
Valdtekt og skadeverk
Talet på grove skadeverk auka også vesentleg i fjor; frå 6 tilfelle i 2004 til 14 i 2005. Litt auke i vinningskriminaliteten blei også registert; lensmannskontoret handsama i alt 114 saker. Valds- og sedelegheitssaker låg omtrent på nivå med året før, med 23 registrerte saker. Av desse var det ei valdtektssak. Dette tilfellet blei oppklart, fortel Aase.
Seljord-lensmannen seier politiet lokalt har teke meir tak i valdsproblematikken.
Politiet får gjerne kritikk for å ikkje gjera noko i valdssaker. Men ofte når me rykkjer ut etter at det har blitt varsla om husbråk, møter me ei kone som står der med blåveis, men vil likevel ikkje melde tilhøvet. I slike tilfelle opprettar me nå sak uansett, fortel lensmannen.
For kjeltringar generelt er nok ikkje Seljord luraste staden å utføre kjeltringstykke på. I fjor blei 54,5 prosent av brotsverka oppklarte. Det talet ligg godt over gjennomsnittet for Telemark politidistrikt, og milevidt over Oslo, der bare eitt av ti brotsverk blir oppklart, informerer Aase.