Kjøp av tenester framfor tilskot til dyrlegane
Staten har ansvaret for ei forsvarleg dyrlegedekking, men inntil vidare er det berre marknaden som rår. No vurderer Mattilsynet å overføre arbeidsoppgåver til privatpraktiserande dyrlegar.
Distriktsveterinærane i vestfylket er no overførte til Mattilsynet, og har såleis ingen klinisk praksis lengre. Regiondirektør for Mattilsynet i Buskerud, Vestfold og Telemark, Kristina Landsverk, omtalar Vest-Telemark som eit utfordrande område når det gjeld å få til ei forsvarleg dyrlegedekking.
I Tinn og i Nore og Uvdal er veterinærar i Mattilsynet med i den kliniske beredskapen. Men slike ordningar vil ikkje bli praktiserte i Vest-Telemark. Unntaket er at ein av veterinærane ved kontoret i Seljord har permisjon i lemmingsperioden til våren for å gjera vanleg dyrlegearbeid, fortel Landsverk.
Artikkelen held fram under annonsen.
Marknaden mot seg
Ho medgjev at privatpraktiserande veterinærar i vestfylket har marknaden mot seg.
Området er grisgrendt, det har blitt færre besetningar og dyrehelsa er betydeleg betra. Problemet for veterinærane er at dei har for få besøk til å få eit bra økonomisk grunnlag, seier ho.
Kva vil bli gjort for å sikre dyrlegedekkinga?
Mattilsynet skal i dialog med dei privatpraktiserande dyrlegane. Då ynskjer me å sjå på oppgåver som kan overførast til dei. Å setje ut arbeidsoppgåver er den mest ryddige måten å sikre grunnlaget på, framfor ei eventuell tilskotsordning som er prisgjeve den til kvar tid politiske styringa. Å kjøpe tenester av dei privatpraktiserande er eit meir robust system, meiner ho.
Som døme på tenester Mattilsynet kan tenkje seg å kjøpe av veterinærane nemner ho blodprøvetaking og kjøttkontroll.
Fleire mindre, private slakteri vil koma til, og det kan vera aktuelt å overlate kjøttkontrollen til dyrlegane. For å sikre dyrlegedekkinga må ein laga robuste løysingar som får ordninga til å bera seg sjølv, avsluttar regiondirektøren.
God dyrlegeteneste eit vilkår for mjølkeproduksjonen
Det er eit vilkår for produsentane, både lovmessig og økonomisk, at ein får dyrlegehjelp når ein treng det, understrekar leiar i Vest-Telemark produsentlag, mjølkebonde Olav Mostaul.
Artikkelen held fram under annonsen.
Han fortel at laget førebels har ei vente- og sjå-haldning når det gjeld dyrlegetenesta, men at dei fryktar det blir vanskeleg å få nok dyrlegar til området.
Problemet er at området som veterinærkontoret i Seljord dekkjer er stort. Dermed blir mykje av tida nytta til køyring, som dyrlegane ikkje tener særleg på. Lønsemda er mykje større i smådyrpraksisen, der dyra blir tekne med til kontoret, seier Mostaul.
I tillegg til dei store avstandane nemner produsentlagsleiaren også at dyrlegetenesta blant husdyrprodusentane er prega av store arbeidstoppar og stille periodar i mellom.
Dei største er arbeidstoppane under kalvinga og insemineringa før jol og i lemminga om våren. Då er trongen for dyrlegetenester stor, påpeikar Mostaul, som er uroa for veterinærberedskapen.
Me fryktar at det kan bli vanskeleg å få dyrlegar til området framover. Produsentlaget har vore i dialog med veterinærane, men i høve til styresmaktene har me ikkje gjort noko enno. Men det er mogeleg me blir nøydde til å koma med ei oppmoding om å ta ansvar for dyrlegetenesta, seier Mostaul.
Staten har fråskrive seg ansvar
Leiar i Telemark Bonde- og småbrukarlag, Bjørn Borgersen på Rauland, synest staten har fråskrive seg alt ansvar for dyrlegetenesta.
No er husdyrhaldarane heilt prisgjevne at dei dyrlegane som eventuelt praktiserer i området kan og vil rykkje ut ved sjukdom hjå dyra. Alt er no opp til dei sjølvstendig næringsdrivande veterinærane også kor mange dyrlegar me har i Vest-Telemark. I Dyrevernlova heiter det at dyr ikkje skal lide i utrengsmål. Det tyder at anten må veterinærhjelp bli tilkalla eller at dyret blir avliva. Dette er problematisk, særleg med dei store avstandane me har i vestfylket. Ikkje alle husdyrhaldarar avlivar, dermed kan dyret bli lidande lenge til det kjem ein veterinær, seier Borgersen.
Småbrukarlagsleiaren fryktar særleg for korleis dyrehelsa blir ivareteken i lemminga.
Artikkelen held fram under annonsen.
Med eit så stort distrikt som heile Vest-Telemark er eg spent på korleis oppgåvene blir løyst i hektiske periodar som lemminga, uttalar han.