Kjøper industribygg til 5,5 millionar kroner
Tokke kommune overtek ABB-bygget i august – og har store planer for tomta på heile 18 mål.
Tokke kommune har bestemt seg for å kjøpe industribygget som husa ABB på Dalen. Bygget nær Bandak har vore i bruk sidan 1974 og fram til Bergen Plastics Composite AS gjekk konkurs i 2015 og stengde dørene for godt. Kommunen har vore i dialog med eigaren av Tokke Eigedom AS, Olav Åge Askje, som dei kjøper bygget av.
– Me har gjort ei avtale med Olav Åge om at kommunen kjøper aksjane og overtek bygget i august. Den totale summen for bygget blir på 5,5 millionar kroner, der me betaler 1,5 millionar for aksjane som fylgjer med eit lån på 4,4 millionar kroner. Tokke kommune betalar Fana Sparebank for å slette pant i bygningen og driftstilbehør, seier ordførar Jarand Felland.
Artikkelen held fram under annonsen.
Store planar
Kommunen har store planar for kva dei skal bruke bygget og den 18 mål store tomta til.
– Det er eit stort bygg, med mykje potensiale. Tanken er å bruke bygget til ein industrinæringshage. Me ynsker å sjå om det er interesse for å etablere næring i bygget. Me vonar fleire er interesserte i det, og me kjem til å annonsere dette i løpet av august, seier Felland.
Plan- og næringssjef i Tokke kommune, Gunhild Austjord, opplyser at kommunen ynsker å dele opp tomta rundt industribygget.
– Arealet mellom ABB-bygget og Brunvoll Mar-El, ynskjer me å skilje ut som eiga næringstomt. Den store tomta kring ABB-bygget er ei fantastisk og viktig tomt for kommunen. Det er ikkje høve til å gjere så mykje meir med tomta mot bryggjeområdet, då det går 420 kV overføringslinjer med kraft på den sida, men det er viktige areal for kommunen å få hand om, fortel plan -og næringssjefen.