Kjøper parkeringskjellar til 27,4 mill
I formannskapsmøtet i Vinje fredag blei det vedtatt at kommunen kjøper parkeringskjellaren av Fristad Eiendom AS i staden for å byggje han. Prisen er sett til 27,4 millionar kroner. Ordføraren meiner kommunen ikkje har noko val.
I avtala om Åmothaugen mellom Fristad Eiendom AS og Vinje kommune som blei vedtatt av kommunestyret i oktober 2007 heiter det at kommunen byggjer offentleg parkeringskjellar under Fristad II-bygget. Det blei sett av ti millionar kroner på budsjettet til bygginga. No viser det seg at det er vanskeleg for kommunen å stå for bygging av kjellaren under eit bygg som skal byggjast og eigast av andre, samstundes som kommunen må ta omsyn til reglane for offentlege innkjøp.
Med denne avtala har me ein garantert pris. Ho er også lettare handterleg i høve til lovar og reglar, seier ordførar Arne Vinje.
Artikkelen held fram under annonsen.
Han seier det har vore avgjerande for kommunen å behalde Fristadsenteret i Åmot, og at hovudmålet heile tida har vore å få til ein offentleg parkeringskjellar. I avtala som blei inngått i fjor haust, er det ikkje blei sett noko atterhald om totalkostnadane, og kommunen hadde dermed ikkje noko val med omsyn til totalsummen.
Så om det hadde kosta 100 millionar, ville heller ikkje kommunen hatt noko val?
Det er heilt utenkjeleg, men det er mogleg det hadde vore ein fordel om det låg inne ein sum i avtala, seier Vinje.
Til dei 27,4 millionar seier ordføraren at kjellaren blir større enn opphaveleg tenkt, og at rapporten som var grunnlaget for summen på ti millionar kroner, ikkje var påliteleg. Totalt vil kjellaren romme 125 parkeringsplassar. Kommunen vil også ha innsyn i prosjektet og fylgje byggjeprosessen tett framover.
Ordføraren innrømmer at ting kunne blitt handtert annleis i prosessen, men han understrekar at same korleis dette hadde blitt gjort ville summen ikkje blitt lågare enn 27,4 millionar kroner.
Alt har ikkje gått på skinner, men det er ei komplisert sak, seier Vinje.
Formannskapet var samrøystes, men Arbeidarpartiet fekk protokollført at partiet er misfornøgde til den kommunale sakshandsaminga.
«Arbeidarpartiet vil sterkt påtale den politiske og administrative leiinga si mangelfulle oppfølging av regelverk, prosjektering og kostnadskontroll knytt til avtalefesta bygging av parkeringskjellar ved utbygginga av Fristad II, jf. vedteken avtale i kommunestyret 18.10.07. Spesielt alvorleg er mangelen på løpande informasjon til formannskap og kommunestyre. Den sterkt kritikkverdige handteringa av saka, set formannskapet og kommunestyre i ein håplaus tvangssituasjon, utan høve til ytterlegare å kunne påverke kommunens endelege økonomiske verknad», meiner Ap.
Artikkelen held fram under annonsen.
Kommunestyret tek stilling til avtala torsdag. Om ikkje kommunestyret godkjenner avtala er det varsla full stopp i byggjearbeidet.