Fyresdal-ordførar Erik Skjervagen (t.v.) og kollega i Tokke, Jarand Felland, må innsjå at kampen for lensmannskontora i kommunane deira er tapt.
Fyresdal-ordførar Erik Skjervagen (t.v.) og kollega i Tokke, Jarand Felland, må innsjå at kampen for lensmannskontora i kommunane deira er tapt.

Klagene blei avviste – to lensmannskontor blir lagt ned

Justisdepartementet avviser klagene frå Fyresdal og Tokke på Politidirektoratets avgjerd om å leggje ned lensmannskontora i dei to kommunane.

Politidirektoratet har tidlegare i år støtta synet til politimeisteren i Sør-Øst politidistrikt om å leggje ned lensmannskontora i Fyresdal og Nissedal. Nå har Justis- og beredskapsdepartementet tatt ei endeleg avgjerd på klagene frå dei to kommunane; tenestestadene blir lagt ned og det blir tilknyting til lensmannskontoret i Vinje.

I klaga frå Fyresdal kommune er det mellom anna peika på at ei samanslåing til ein tenestestad i Vinje vil bryte med nasjonale krav om 45 minuttars responstid når det gjeld Fyresdal. Vidare meiner kommunen at samanslåinga vil svekkje lokalkunnskapen i politiet for å kunne drive eit godt førebyggjande arbeid og ha beredskap i heile kommunen. I tillegg etterspør kommunen faglege grunngjevingar for å leggje ned lensmannskontoret, sjølv om opphavleg forslag var at det skulle bestå, medan kontora i Nissedal og Seljord som var føreslått lagt ned, likevel blir oppretthaldne. Til slutt føretrekkjer Fyresdal at kommunen eventuelt knyter seg til lensmannskontoret i Kviteseid, og ikkje Vinje.

Artikkelen held fram under annonsen.

Politisk lobbyverksemd

I klaga frå Tokke meiner kommunen at prosessen har vore underleg og vanskeleg å forstå. Kommunen trur at mykje tyder på at aktiv jobbing frå lokale lensmenn og politisk lobbyverksemd har hatt stor påverknad på resultatet. Dei viser til endringar i vurderingar som er gjort undervegs i den lokale prosessen, og som har resultert i at tenestestaden i Tokke vert lagt ned, medan tenestestadene i Nissedal og Seljord vert oppretthaldne.

Departementet svarar båe klagarane med å vise både til den politifaglege vurderinga av beredskapsomsyn knytt til å oppretthalde Nissedal lensmannskontor, og dei økonomiske og administrative vurderingane bak å oppretthalde Seljord lensmannskontor. Politimeisteren har understreka at politiet framleis skal vera til stades i Fyresdal og Tokke med politikontakt, gjennom politirådet og patruljerende verksemd.

Departementet meiner at politikontakten, som skal vera etablert innan 15. juni 2017 i alle kommunane, på ein god måte vil bidra til at politiet jobbar tettare og meir strukturert saman med kvar kommune, og under dette opparbeider seg god lokalkunnskap om kommunen.

Elles viser departementet til at politimeisteren har som mål at innbyggjarane i Fyresdal og Tokke skal få eit minst like godt tenestetilbod frå politiet som tidlegare, og ein meiner den nye strukturen vil gje rom for fleire politipatruljer i distriktet.

Vinje-synspunkt

Vinje har kome med synspunkt på klaga frå Tokke, og der står det mellom anna:

«Det er Vinje kommune sitt syn at det er viktig å etablere ei soneinndeling for beredskap innan rekkevidda av maks ein time utrykkingstid. Dersom det skal vere ein felles tenestestad for Fyresdal, Tokke og Vinje så lyt denne difor vere lokalisert i Åmot».

Departementet viser til at Politidirektoratet har vurdert innspelet frå Vinje, men konkluderer med at det ikkje kjem fram opplysningar som tilseier ei endra vurdering.

På lik linje med Politidirektoratet meiner departementet at politimeisteren har gjort politifaglege vurderingar i tråd med målsettingane i nærpolitireforma. Vidare er krava til publikumsservice, tilgjenge og beredskap slik departementet ser det ivaretekne for innbyggarane både i Fyresdal og Tokke kommune.

Artikkelen held fram under annonsen.

Etter endeleg klagebehandling i departementet blir talet på lensmannskontor og politistasjonar i Noreg redusert frå 340 til 225.