Klare for eventyret
Seglbåten er klar. Vener og familie har kome med si siste formaning. Det er ingen veg tilbake. No ventar Atlanterhavet og Karibien.
Det skal bli godt å koma av stad, seier skipper Eivind Berge (27 år) frå Brunkeberg. Saman med Håkon Grestad (26) frå Ordal og Steinar Johansen (31) frå Holmestrand legg han ut på sitt livs eventyr. I løpet av eitt år skal dei sigle på dei store hav, mellom anna skal dei krysse Atlanterhavet.
Då VTB møtte dei på bryggja i Tønsberg laurdag var dei klare til å kaste loss. På fyrste etappen til Skottland skal gutane ha kvinneleg selskap; kusina til Eivind, Siri Straumsnes frå Vrådal.
Artikkelen held fram under annonsen.
Gamal draum
For Eivind er dette ein gamal draum som går i oppfylling. I mange år har han fantasera om å leggje ut på bølgan blå, og då den 32 fots seglbåten S/Y Redbull vart kjøpt i 2000, byrja draumen å ta form.
Kor mykje tid gutane har bruka på å klargjera båten for dei store hav, tør dei ikkje tenkje på. Båten er fullstendig renovert og det har gått med eit utal timar. Mellom anna har han fått ny motor og ny salong. Mamma Berge og mamma Grestad har ofra seg ved symaskina slik at salongen no ser svært så presentabel ut.
I tida før avreise har dei hatt fleire ekspertar ombord som meiner Redbull er klar for havet.
Det verste som kan skje er sjølvsagt at me går ned, seier Eivind. I det tilfelle har dei livbåt, overlevingsdrakter, nødpeilesendar og satelittelefon.
Venskap på prøve?
Eivind og Håkon er barndomskameratar, medan Steinar er ein ven av nyare dato.
Håkon vart kjend med den tidlegare landslagsskøyteløparen då dei studerte barnevernspedagogikk i Alta. Steinar er den av dei tre som har mest røynsle med båt.
Det er ikkje til å stikke under ein stol at Eivind og eg er to landkrabber, vedgår Håkon. For å bøte på manglande erfaring, har dei vore på fleire prøveturar, mellom anna til Danmark og Sverige. Dei tre har også vore på fottur på Finnmarksvidda for å teste ut om båten ber - det vil seie om venskapen held.
Me er ulike, men utfyller kvarandre godt, seier Eivind, som har delegert noko ansvar til dei to andre. Håkon er velferdsoffiser, medan Steinar har ansvar for tryggleiken og fungerar som skipslege. Siri har fått oppgåva som dekksgut på ferda over til Skottland.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ruta
Ti dagar håpar siglarane å bruke på fyrste etappe, som går til Inverness i Skottland. Derfrå skal dei sigle Caledoniakanalen gjennom Skottland. Vidare går ferda langs Irskekysten før dei kryssar Biscaya på veg til kysten av Spania og Portugal. Så held dei fram mot Marokko og Gran Canaria. På Gran Canaria skal dei bunkre og vente på godvêret som skal blåse dei over Atlanteren i november.
Dette er den stor styrkeprøva, seier Eivind.
Rundt joletider skal dei vera framme i Karibien. Trinidad, Venezuela eller Brasil er aktuelle som stoppestader. I desse stroka har gutane tenkt å opphalde seg til april. Då set dei kursen nordover langs kysten av Amerika, og etter planen skal dei vera attende i Noreg i juli/august neste år.
Spådommar gjort til skamme
Medan Eivind har fått permisjon frå jobben som byggeplassleiar i firmaet Buer Entreprenør, er Steinar nett ferdig med barnevernsstudiar. Håkon var ferdig barnevernspedagog i fjor og har nytta det siste året til å jobbe og spare pengar til seilasen.
Siglarane er budde på eit enkelt liv og eit måtehalde kosthald ombord.
Det blir skipparkost med mykje hermetikk og ris. Dessutan håpar me på å fiske mykje, seier skipper Eivind.
Dei legg ikkje skul på at familien og vener har engsta seg på førehand.
Nå har dei avfunne seg med det, og er kanskje til og med litt stolte av oss, fortel Håkon.
Artikkelen held fram under annonsen.
-Fredagskvelden var ei heil busslast med vener i Tønsberg for å ta eit skikkeleg farvel med siglarane. Avreisa vart markert med ein triveleg fest. Dei fire friskusane lét imidlertid ikkje auka fare for sjøsjuke virke inn på pågangsmotet.
No blir det spanande å sjå korleis ting fungerar. Det er mange som har trudd at me ikkje ville koma oss ut frå Sundkilen og Smeodden. No er me på veg, smiler Eivind, før han tek med seg mannskapet og kastar loss for ei eventyrleg reise.