Over ein million har den kosta, men mjølkeroboten vil lette kvardagen til mjølkebonden betrakteleg. Odelsguten Eimund synest alt fjøset er veldig interessant.
– Klarer me dette, så klarer me alt
Etter eit års beinhardt arbeid kunne endeleg Elise Wraa Heggtveit (26) og Halvor Heggtveit (28) opne dørene til det nye fjøset på garden Draugedalen i Kviteseid.
– Det har vore mykje jobb og eit intenst år. Eg har tenkt at klarer me dette, så klarer me alt, smiler Elise Wraa Heggtveit med sonen Eimund (1) på armen.
Meir fleksibel kvardag
Det er offisiell opning, snora er klipt og gode ord har kome frå mange hald til den vesle familien på tre på garden Draugedalen ovanfor Kviteseid sentrum. Dei har brukt eit år på å bygge det nye fjøset på garden som dei kjøpte for to år sidan klart. Det aller meste har dei gjort sjølve, med god hjelp frå bror og far til Halvor. Med ein liten gut i tillegg forstår ein at det ligg mykje arbeid bak dei dette året. Onsdag opna dei fjøsdørene for fyrste gong for alle som ville sjå.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP