Dagleg leiar i skisenteret i Vrådal, Petter Johnsen (t.v.), forklarar dei folkevalde om dei vidare utbyggingsplanane. I midten ordførar Torstein Tveito, til høgre formannskapsmedlem Jonn Foldøy.
Dagleg leiar i skisenteret i Vrådal, Petter Johnsen (t.v.), forklarar dei folkevalde om dei vidare utbyggingsplanane. I midten ordførar Torstein Tveito, til høgre formannskapsmedlem Jonn Foldøy.

Klondike og cowboyland i Vrådal

Kring to hundre hytteeiningar er alt oppførte ved skisenteret i Vrådal. Utbygginga har ikkje alltid gått føre seg heilt etter føresegnene. Rådmann i Kviteseid, Tor Borgenvik, karakteriserte området som cowboyland, men presiserte at Kviteseid kommune må ta sin del av skulda for at marknaden har teke seg til rette, som det heiter i ei saksutgreiing lokalpolitikarane hadde til handsaming onsdag. Men utbyggjar Inge Fjalestad syntest Klondike var eit meir dekkande omgrep. Han og Petter Johnsen i Vrådal Panorama Eiendom AS har planane klare for seks hundre hytter til. I fyrste omgang er det lagt ut tri felt med til saman 61 tomter.

– Då eg såg saka blei eg frustrert. Før utbygginga blei det frå Petter Johnsen si side poengtert at hyttene skulle bli låge. Eg kjenner meg lura, og synest ikkje me skal akseptere at utbyggjarane har teke seg til rette, sa Foldøy.

Saka om dei høge hyttene vart avdekt då ein av hyttebyggjarane søkte om dispensasjon frå reguleringsføresegnene for å byggje høgare hytte. Han fekk avslag, noko han reagerte på all den tid mange av hyttene rundt var så høge.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er eit dilemma at dette ikkje har blitt teke tak i før, sa rådmann Tor Borgenvik i planutvalsmøtet.

Søkjer etterpå

Reguleringsplanen for området ved skisenteret seier at gesimshøgda kan vera inntil 3,5 meter og mønehøgda 6,0 meter. Vel 30 hytter er bygt på feltet som har i alt 50 tomter, og bare 3 av desse er innanfor høgdegrensa som politikarane tillét då dei vedtok reguleringsplanen. No har Vrådal Panorama Skisenter ved Petter Johnsen søkt om å endre reguleringsføresegnene slik at alle hyttene på dei 50 tomtene kan byggjast 1,5 meter høgare. Det var dette politikarane skulle ta stilling til i møtet onsdag.

Mykje av den ureglementerte bygginga skjedde før det interkommunale plankontoret tredde i kraft ved førre årsskiftet.

– Det som i denne saka er spesielt er at «marknaden» har teke seg til rette (og fenge lov til det), og at dette vidare skal kunne gje føringar for politiske vedtak. Når sakshandsamar likevel i denne saka vil tilrå å gå for endringane det vert søkt om, har det med realisme å gjera. Når 70 prosent av eksisterande hytter er bygt utover føresegner, følast det urettferdig for dei som nå får avslag. Det kan sjølvsagt følast som at ein vel lettaste veg ut av uføret, og det gjer ein vel kanskje òg, vedgår sakshandsamar Bjørn Vidar Storkås i saksutgreiinga. Han rådde politikarane til å imøtekoma søknaden.

Cowboyland eller Klondike

Om utbyggingsområdet ved skisenteret i Vrådal best kan karakteriserast om eit

cowboyland, der lovløysa rår, eller eit Klondike, der gullrushet pågår, var ikkje kommuneadministrasjonen og utbyggjarane heilt samde om då dei møttest i skisenteret tidlegare på dagen. Der kom det mellom anna fram at det var bygt utan at det låg føre godkjende detaljplanar om tomteplassering og vegar, bare reguleringsplan. At eit hyttefelt var flytta i høve til reguleringsplanen var også eitt av døma plansjef Sveinung Seljås trekte fram.

– Dette er eksempel på det eg vil kalle cowboyland, sa Borgenvik, som innsåg at kommunen også måtte ta sin del av skulda for det som har skjedd. Men utbyggjar Inge Fjalestad var ikkje heilt med på cowboylandet, han styrde heller i retning nordover; mot Canada.

– Eg vil vel heller kalle det ei Klondike-stemning, repliserte han muntert.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tri ulovlege hytter

Kva stemning som har rådd når det også er ført opp tri nye hytter heilt utan at det er søkt om byggjeløyve veit me ikkje. Desse tri er det no kravd byggjestopp for, og Storkås fortel at det interkommunale plankontoret vil vurdere reaksjonar overfor dei impliserte føretaka.

– For framtida må me vera tøffare. Eg håpar utbyggjarane forstår at dette ikkje går, sa rådmannen.

Det same blei òg understreka i framlegget til vedtak i saka.

– Planutvalet understrekar overfor alle partar at føresegner er til for å fylgjast, og at utvalet framover ikkje ynskjer saker med same forteikn som denne, heitte det i tilrådinga.

På grunn av at høyringsfristen om endring av føresegnene gjekk ut same dag som møtet var, blei saka utsett til neste møte.

– Har ikkje skjult noko

Dagleg leiar i Vrådal Panorama Skisenter, Petter Johnsen, tilbakeviser at utbyggjarane har lura dei lokale styresmaktene.

– Me har ikkje skjult verken teikningar eller mål. Dessutan har dei sjølve godkjent planane, seier Johnsen.

– Ingen har mista utsikta

Johnsen er forundra over at saka om høgdene blir dregen opp som det han omtalar som ei så stor sak.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg skal vera samd i at me burde søkt om å endre høgdene. Den feilen seier eg meg lei for, men den ekstra høgda på hyttene har lita praktisk tyding. Dei hyttene som er for høge er bygd i lia oppover, og høgda generer ingen. Ingen har mista utsikta, understrekar han.

Han hevdar også at det berre er gesimshøgda som er overstigen, ikkje mønehøgda. Kor stort avviket er frå vedteken høgde har ikkje Johnsen fullt oversyn over for alle hyttene, men meiner det dreiar seg om kring 40 centimeter.

– Kvifor søkjer de då om å heve makshøgda med 1,5 meter?

– For å vera på den sikre sida, svarar den daglege leiaren av skisenteret.

Legg til rette for 600 nye hytter

No startar utbygginga på fjellet ved toppen av skisenteret, i området innover mot Tverrfjell. Fyrste steget er tri hyttefelt med til saman 61 tomter.

Det er selskapet Vrådal Panorama Eiendom AS som sel hyttetomtene i dei tri felta på grunnen til Tormod Kråkenes. Det fortel styreleiar i selskapet, Inge Fjalestad, som også er styreleiar i drivarselskapet Vrådal Panorama Skisenter AS. Han opplyser at det ligg føre ei avtale med grunneigaren om dei 61 planlagte tomtene, og at skisenteret har med alt av utbygginga å gjera.

Petter Johnsen, som er dagleg leiar både i eigar- og drivarselskapet, fortel at tomtesalet er godt i gang. 25 tomter er førehandsselt, til ein pris av mellom 600.000 og 650.000 kroner pr. stykk. Han opplyser også at grunnlagsinvesteringane til dei tri felta er kostnadsrekna til kring 20 millionar kroner, då medrekna bygging av ein 6,5 kilometer lang veg opp.

I området ved skisenteret står det i dag kring 200 bueiningar; fleire av desse er i bygningar som inneheld to eller tri fritidsbustadar. Men det talet skal altså aukast monaleg.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det nye området inn mot Tverrfjell er regulert til kring 600 tomter. Den delen er ferdigbehandla, no står byggjeplanen for tur, altså tomteinndelinga, informerer Johnsen.

Vrådal Panorama Eiendom AS

Eigarar: Petter Johnsen 66 prosent og Inge Fjalestad 34 prosent.

Styreleiar er Inge Fjalestad, styremedlem Petter Johnsen og varamedlem Kjetil Johnsen.

Vrådal Panorama Skisenter AS

Eigarar: Petter Johnsen 66 prosent. Dei andre eigarane er Svein Tveiten, Inger Lise Blakstad og Christian Wiig.

Styreleiar er Inge Fjalestad, styremedlemer Petter Johnsen, Svein Tveiten og Kjetil Johnsen.

(Kjelde: Brønnøysundregistra og Petter Johnsen)