Aslak Aanund Åbø mottok Kulturprisen 2009 av ordførar i Kveiteseid, Torstein Tveito.
Aslak Aanund Åbø mottok Kulturprisen 2009 av ordførar i Kveiteseid, Torstein Tveito.

Klypelyft og kulturpris på Kviteseiddagen

Sundag gjekk Kviteseiddagen 2009 av stabelen på Kviteseid bygdetun. Mange hadde teke turen for å sjå klypelyft, høyre musikk og song, og kulturprisutdelinga. Aslak Aanund Åbø fekk kulturprisen for sylvarbeid gjennom ein mannsalder.

På Kviteseiddagen var det mykje å sjå og oppleve. Konkurransar, musikk og song, sylvarbeid, vevarbeid, veteranbilar, kulturprisutdeling og spelet om Sondre Norheim.

Mykje folk hadde teke turen til bygdetunet sundag, trass i dårlege vêrmeldingar. Små og store kosa seg med aktivitetar, konkurransar, pylser og is. Pilkast, ringkast, og ballkasting var nokre av aktivitetane, men det var klypelyft som fekk mest merksemd.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sylvgut tok gull

Ordførar i Kviteseid, Torstein Tveito, stod for utdelinga av Kulturprisen 2009. Tveito tok tilhøyrarane med tilbake i tid for å gje dei eit inntrykk av livet til årets vinnar, Aslak Aanund Åbø.

– Aslak Aanund Åbø har vore ein stor bidragsytar i bygda. Han har teke vare på tradisjonane våre gjennom arbeidet sitt. Han er utruleg flink i arbeidet sitt, og har gjeve oss sylvarbeid i svært god kvalitet i mange år. Han starta med å lage ei brurekrone for mange år sidan som blei ferdig i 2006. Den krona er eit praktverk, og har sett sin pryd på fire brurer her i bygda, sa ordførar i Kviteseid, Torstein Tveito.

Aslak Aanund Åbø er fødd i 1931, tok sveinebrev hos gullsmed Berge i Sandnes i 1968, og har vore ein frontfigur i sylvsmedfaget i fleire år. Fleire var og såg på brurekrona Åbø laga ferdig i 2006.

Sterk i klypa

Klypelyftkonkurranse har blitt ein tradisjon i Kviteseid, og Sterke-Nils har vore ei stor inspirasjonskjelde for den spesielle sporten. Kvart år blir det arrangert konkurranse i klypelyft og vinnaren får ein vandrepokal. Nytt i år er at dameklassa òg får vandrepokal, og i fylgje Toralf Grave var vinnaren i kvinneklasse skremmande sterk.

Det var fem mann som gjekk vidare frå kvalifiseringa til finalen. Dei hadde alle lyft den tyngste steinen på 33 kg. Før finalen var dommarane på jakt etter ein tyngre stein, men ettersom dei aller fleste steinane i området på den storleiken var «freda» fekk det bli finale med den same steinen.

Steinane som vog frå 5 til 33 kilo, var i seg sjølv ikkje veldig tunge, men når dei skal lyftast med klypa blir det ei langt større utfordring.

Fjorårets vinnar av klypelyft, Petter Wraa, var sjølvsagt med for å forsvare tittelen.

– Hestemjølk og kraftfôr

I klypelyftfinalen klarte alle dei fem finalistane å lyfte den 33 kg tunge steinen over bakken, men det var Halvor Nordbø som viste seg klart sterkast av dei fem. Medan dei andre finalistane lyfte steinen nokre centimeter over bakken, tok Halvor like godt og lyfta han ein halvmeter opp. Ikkje berre lyfte han steinen høgast men han heldt han i fleire sekundar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det var enkelt for dommarane å velje årets vinnar, sjølv om alle lyfta den same steinen. Dei fire andre var vanskeleg å skilje frå kvarandre då dei var heilt jamgode. Dermed måtte klypelyftmeisterane Petter Wraa (2008) og Arne Andresen (2005 og 2007) sjå seg slegne av nykommaren Halvor Nordbø.

– Det er fyrste gong eg er med på klypelyft, og det gjekk veldig bra. Under kvalifiseringa blei steinane etter kvart glatte, men i finalen var ikkje steinen like glatt og eg fekk eit godt tak på han, seier Halvor Nordbø.

Det blei ingen finale i kvinneklassa då Mona Riis Nordbø var suveren i kvalifiseringa med eit klypelyft på heile 28 kilo. Det var 10 kilo tyngre enn nummer to, Mona Jakobsen.

I barneklassa var Espen Nordbø (11) og Kjetil Åsland (11) jamgode og lyfta 18 kilo.

Det var ein sterk prestasjon av familien Nordbø, der både mor, far og son drog i land mange premiar. Espen og Kjetil bytte på fyrste og andreplass i ballkasting, pilkast og ringkast. Det viste seg å vera vanskeleg å hamle opp med multitalenta i 97-årgangen.

– Ein må lure på kva dei et for noko heime hjå familien Nordbø. Det må vere hestemjølk og kraftfôr trur eg, sa Toralf Grave, etter å ha delt ut fem premiar til familien.