Trine Vik Aslestad (t.v.) og Marit Husstøyl på slagverk.
Trine Vik Aslestad (t.v.) og Marit Husstøyl på slagverk.

Knallbra dobbeltspel

Etter ein siger og ein uavgjort fotballkamp, sprang Tormod Bahner (7) i fullt fotballutstyr rett inn på scena i Fyresdal samfunnshus. På slagverk blei han ein av mange unge som imponerte under maratonkonserten til kulturskulen.

Det var ei stolt Sarke Veum, avdelingsleiar for kultur i Fyresdal, som presenterte heile 26 unge innslag for mange frammøtte i samfunnshuset då kulturskulen hadde den årlege kaffikonserten.

Fleire av musikarane fekk det svært travelt denne kvelden. Sjølv om dei var med og spela fotballkampar like ved samfunnshuset, måtte dei bare ha med seg konserten også. Ein av dei var Tormod Bahner. Han og Simen Neverdalen skulle eigentleg ha vore på scena og spela på slagverk før pausa. Fotballen gjorde at dei ikkje rakk å kome før i andre halvdelen av maratonkonserten. Og du verda for ei strålande oppleving det blei.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dette er den mest energiske framføringa eg har høyrd nokon gong, smilte ein imponert kulturleiar etterpå. Då er me to!

– Kjempegøy

Ein annan som bare måtte ha med seg konserten var Mikas Bolstad Skålid (9), sjølv om han hadde stua eine handa.

– Eg ville vere med og spele i dag. Det gjorde litt vondt, men det prøvde eg bare å gløyme. Eg er glad eg stilte opp, for dette var moro, seier den unge gitaristen til VTB etterpå.

Tuva Skansen (8) song solo og blei kora av fire unge jenter. Etter ein sesong i kulturskulen var ho klar for sceneframføring med mange tilhøyrarar i salen.

– Eg var nervøs og har aldri sunge for så mange før. Men eg syntest det gjekk veldig bra og songen sat slik han skulle. Slikt som dette vil eg vere med på meir, og det er kjempegøy med kulturskulen, smiler ungjenta.

Simon Nome (11) hadde litt av ei utfordring. Han skulle spele piano og syngje på same tid. På førehand hadde han øvd ei god stund.

– Når du har fått det inn med å spele og syngje samtidig, går det greitt. Eg kjente det litt i beina før framføringa, men eg var ikkje særleg nervøs, fortel han etterpå.

Også utstilling

I år har kulturskulen fått ekstra budsjettmidlar for å starte gruppetilbod også innan andre sjangarar. Dermed kunne ein i mars starte opp med kunst og handverk, noko 11 unge valte å bli med på. Eit utval av dei mange produkta som etterpå har blitt laga, stod utstilt under konserten. Til hausten dukkar det opp nye tilbod i den veksande kulturskulen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Eigentleg er det foreldra til utøvarane som arrangerer den årlege kaffikonserten. Sarke Veum fortel at dei vaksne gjer ein kjempejobb med å rigge til salen, rydde etterpå, og dei bakar kaker og lagar kaffi.

Inkludert 11 elevar på kunst og handverk har 72 unge delteke på kulturskulen denne sesongen. Med eit så høgt tal er det likevel venteliste. 25-30 unge med musikkinteresse har ikkje fått plass. Nokon av dei har venta i to år, opplyser Veum.