Knapt fleirtal for 500.000 til Foldsæ
Fellesfondet løyvde onsdag 500.000 kroner i utviklingsstøtte til stiftinga Foldsæ utdanningssenter i Fyresdal. Vedtaket vart gjort med 4 mot 3 røyster. Mindretalet meinte støtte til ein skule låg utanfor Fellesfondets regelverk.
Foldsæ søkte Fellesfondet om ei årleg økonomisk støtte på 500.000 kroner i tri år som bidrag til å sikre framdrifta i utviklinga av Fyresdal vidaregåande Steinerskule. Fleirtalet i Fellesfondet ville ikkje binde seg til anna enn løyvinga på 500.000 kroner i år.
Hjartdal-ordførar Olav Tho (Sp) meinte ei løyving til Foldsæ var på kanten av det Fellesfondets regler opnar for. Han meinte at dersom ein gav pengar til skulen i Fyresdal måtte fondet også seie ja til søknadar frå til dømes Kvitsund og Høgskulen på Rauland.
Artikkelen held fram under annonsen.
Eg er også redd for at det kan skape presedens om me løyver ein halv million kroner til Foldsæ. Dette er inga enkel sak, sa Seljord-ordførar Solveig S. Abrahamsen (H).
Regionrådsleiar Kjell Gunnar Heggenes stod på innstillinga si om å gje Foldsæ 500.000 kroner. Han såg på søknaden som eit utviklingsprosjekt og ikkje pengar til drifta av skulen. Likevel vedgjekk han at dette var ei gråsonesak.
Regionordførar Olav Urbø (Sp) høyrde til fleirtalet som meinte søknaden låg innafor mandatet til Fellesfondet, og at Foldsæ burde få ei løyving på 500.000 kroner.
Olav Tho, Kviteseid-ordførar Torstein Tveito og varaordførar Aslak Ofte i Vinje utgjorde mindretalet som ikkje ville bruke kraftpengar til Steinerskulen.
Vanskeleg økonomi
Det har vore mange økonomiske skjær i sjøen i samband med utviklinga av Foldsæ som økologisk naturbruksskule. I fjor haust var skulen nærast konkurs og hadde ikkje pengar til lønsutbetalingar. Redninga vart eit lån på 2,7 millionar kroner frå Fyresdal kommune.
Nyleg fekk næringsfondstyret i Fyresdal ei sak på bordet i møtet som enda med eit kortsiktig lån til Foldsæ på 500.000 kroner. Renta vart sett til 4 prosent og pengane hentar kommunen frå kraftfondet. Eit krav er at kommunestyret skal vere fortløpande orientert om korleis refinansieringa av Foldsæ utviklar seg.
Studietilboda
Foldsæ vidaregåande Steinerskule har i dag to studieretningar; naturbruk med fokus på økologisk landbruk og line for bygg og anlegg med fordjuping i økologiske bygg. Vidare er det vidareutdanning på mastergradsnivå på skulen og frå hausten vonar skulen å delta i eit internasjonalt universitetsnettverk. Då kan Foldsæ også få ei rolle som leirskulestad og praksisplass for Steinerskular i Norden og Tyskland.
I søknaden til Fellesfondet skreiv skulen at målsettinga er at Foldsæ og Vest-Telemark skal vere det naturlege senter i Noreg for økologisk og berekraftig utdanning og forsking med utgangspunkt i Rudolf Steiner sin pedagogikk og filosofi.