Ordførar Øyvind Tveit og oppvekst- og omsorgssjef Evy-Anni Evensen i Nissedal har ei tid sett legevakta i Arendal som interessant samarbeidspartnar. Torsdag fylgde eit samrøystes kommunestyre etter, og dermed går Nissedal ut av legevaktsamarbeidet i Seljord.
Ordførar Øyvind Tveit og oppvekst- og omsorgssjef Evy-Anni Evensen i Nissedal har ei tid sett legevakta i Arendal som interessant samarbeidspartnar. Torsdag fylgde eit samrøystes kommunestyre etter, og dermed går Nissedal ut av legevaktsamarbeidet i Seljord.

Knyter seg til legevakta i sør

– Det er ikkje med lett kjensle eg seier ja til å gå ut av eit regionsamarbeid i Vest-Telemark. Men eg trur dei fleste i Nissedal er betre tent med at me får legevaktsamarbeid med Arendal, seier Øyvind Tveit, ordførar i Nissedal. Nissedalspolitikarane vedtok torsdag å knyte kommunen til legevakta i Arendal, i staden for å halde på samarbeidet i Seljord. Avgjerda kan også gjere det meir aktuelt for Fyresdal å trekkje sørover. Då meiner Seljord-rådmann Kristian Torp-Hansen at dei to kommunane som blir att må sjå seg om etter andre løysingar.

Rett før kommunestyret skulle gjere vedtak om framtidig samarbeidspartnar innan legevakt, blei det orientert om ei usikker framtid også for funksjonar ved sjukehuset i Arendal. I nedskjeringsprosessane som flyg som ein epidemi over dei fleste sjukehusa for tida, har ikkje akuttfunksjonane verken i Skien eller Arendal vore freda mot flyttetankar. Nissedalpolitikarane fekk opplyst at det har vore snakk om å leggje akuttfunksjonen i Arendal til Kristiansand, men noko endeleg veit ein ikkje på ei stund. Sjølv om det blir flytting, treng det ikkje bety at legevakta i Arendal forsvinn.

– Søkt

– Ein kan diskutere om legevakta blir verande i Arendal om akutten forsvinn til Kristiansand. Forresten trur eg ikkje akutten blir flytta, seier Evy-Anni Evensen, oppvekst- og omsorgssjef i Nissedal, til VTB.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sjukepleiarane ved legevaktsentralen i Seljord hadde sendt brev til alle kommunestyrerepresentantane i Nissedal før møtet torsdag. I brevet blei det peika på at pasientar ikkje har fritt sjukehusval når det gjeld akutt hjelp. Sjukepleiarane undra derfor om pasientar vil ende i Skien etter fyrst å ha vore til legevakta i Arendal.

– Det er svært søkt av sjukepleiarane å kome med slikt. Eg har inga tru på at pasientar som treng snarleg hjelp blir sendt frå Arendal til Skien, sa ordføraren som motsvar i kommunestyret.

Kjem i køen ved å ringje

Sjukepleiarane hadde høyrt rykte om at Nissedal vil få til avtale med Arendal om at dei med lang reiseveg må stille fyrst i køen. Påstanden blir avvist av Evensen, men Nissedal har fått avtale at ved å ringje på førehand kjem pasienten rett inn i køen.

I kommunestyret var Astrid Eidem Nordal (KrF) bekymra over at det er usikkert med akutten i Arendal. Fleire av dei andre representantane konkluderte med at Arendal vil bli eit mykje betre tilbod enn Seljord. Eit samla kommunestyre valte å vere optimistar med tanke på at legevakta i Arendal held fram. Nissedal går ut av samarbeidet med Seljord ved nyttår, og vel å reise sørover.

– Det er ikkje med lett kjensle eg seier ja til å gå ut av eit regionsamarbeid i Vest-Telemark. Men eg trur dei fleste i Nissedal er betre tent med Arendal, seier ordførar Tveit til VTB.

Fyresdal avventar

Etter vedtaket i Nissedal om å trekkje seg frå legevaktsamarbeidet fire kommunar har i Vest-Telemark, ser Fyresdal-ordførar Saamund Gjersund det meir aktuelt at kommunen i framtida høyrer til Arendal enn Seljord.

– Utmeldinga til Nissedal blir eit kraftig argument for at Fyresdal gjer eit val før nyttår om me skal seie opp avtala med Seljord for å stå fritt i val av samarbeidspartnar, seier Gjersund.

Han trur det kan vere verdt å ta ein prat med Tokke og Vinje for å høyre om dei kan slutte seg til eit samarbeid i regionen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Men det er ikkje veldig store sjansar for å få eit legevaktsamarbeid i heile Vest-Telemark, ser ein bort frå Nissedal, avsluttar ordføraren i Fyresdal.

Kan ikkje leggje ned sentralen i 2004

Seljordrådmann Kristian Torp-Hansen registrerer at legevaktsentralen mistar ei inntekt på ein halv million kroner når Nissedal trekkjer seg ut.

– Det må me kompensere så godt det let seg gjere ved å endre vaktrutinar. Me kan ikkje leggje ned vaktsentralen i 2004. Med eitt års oppseiingstid er me plikta overfor dei tri kommunane som er att å ha sentralen neste år. Men går Fyresdal ut av samarbeidet frå 2005 må Kviteseid og Seljord sjå seg om etter andre løysingar, seier Torp-Hansen.

Han lovar å gjere det ein kan for å oppretthalde sentralen i Seljord.

– Det kan vere naturleg å spørje Vinje og Tokke att, og få til eit utvida samarbeid med dei, avsluttar rådmannen.