Kommunal pensjon - ei heilag ku
I år får kommunane ein kraftig auke i avgifta til Kommunal Landspensjonskasse (KLP). Fyresdal kommune betalar 30.000 kroner for kvart årverk til pensjonsordninga. Det er grunn til å stille spørsmål om pensjonsordninga er så god at ein bør vurdere å ofre noko av henne til fordel for andre kommunale tilbod. Ikkje ein gong politikarane diskuterer pensjonsordninga kommunane har, sjølv om det er nedskjeringstider. Det ser ut som pensjonsordninga har blitt ei heilag ku, seier Gunnar Wraa, økonomisjef i Fyresdal.
Medlemsskap i KLP sikrar pensjonsrettar ved ulike høve. Ordninga gjev som regel meir i pensjon enn folketrygda ville gje. Totalt kosta KLP-medlemskapen Fyresdal kommune 2,6 millionar kroner i 2000. I år har KLP-avgifta eksplodert og gjev Fyresdal ei total utgift på nesten fire millionar kroner, eller 30.000 kroner for kvart årsverk i kommunen.
Kommunane snur på dei fleste steinane for å få økonomien på plass i tider som blir trongare og trongare. Men eitt område blir aldri diskutert. Sjølv om KLP-avgifta sprett til vêrs, reagerer verken politikarar eller andre. Eit sjeldan unntak er Gunnar Wraa, økonomisjef i Fyresdal kommune.
Artikkelen held fram under annonsen.
Bruke pengar på andre tilbod?
Eg er litt kritisk til kor mykje pengar som går til KLP-ordninga når eg ser at kommunane må leggje ned tilbod, eller folk i enkelte kommunar blir sagt opp på grunn av økonomien. Det er grunn til å stille spørsmål om pensjonsordninga er så god at ein bør vurdere å ofre noko av henne til fordel for andre kommunale tilbod, seier Wraa.
Det er på denne bakgrunnen han er oppteken av saka. Han er visst aleine om det, og det forundrar han.
Ikkje ein gong politikarar som ikkje er tilsette i kommunen, og då heller ikkje er rørt av ordninga, vurderer pensjonssaka i harde nedskjeringstider. Det ser ut som pensjonsordninga har blitt ei heilag ku. Akkurat det same gjeld for statstilsette. Dei også rir rundt på ei heilag ku. Eg oppmodar til å gå gjennomom og diskutere temaet, seier Wraa. Han meiner det er kommunane som må ta diskusjonen og eventuelt oppmode sentralt hald om å utarbeide rimelegare pensjonsordningar.
Dei beste pensjonsordningane
Wraa er ikkje ute etter å peike spesielt på Kommunal Landspensjonskasse. Over tid meiner han at alle som tilbyr pensjonsordningar har tilnærma like dyre premiar.
Han er heller ikkje fyrst og fremst ute etter å markere usemje med dagens KLP-ordning, men ynskjer ein diskusjon om på kva nivå pensjonsordninga til offentleg tilsette bør og skal liggje. Wraa meiner det er for drastisk at kommunane skal klare seg utan pensjonsordninga, og at tilsette bare skal sitje att med folketrygda. Dei fleste bedrifter har ei eller anna pensjonsordning, og det bør også kommunane ha.
Han er overbevist om at dei som er tilsette i kommunen har dei beste pensjonsordningane i Fyresdal. Han slår også fast at tidlegare offentleg tilsette i alle år har vore dei som betaler høgast eigendelar for kommunale hjelpeordningar.
Han er klar over at utspelet vil vekkje merksemd og bli oppfatta som dynamitt. Om det kjem nokon særleg reaksjonar tilbake, er han ikkje så sikker på.
Utspelet gjer at eg i beste fall blir slakta av nokre fagforeiningsfolk, og så blir det stille att. Det vil forundre og skuffe meg om ingen nå tek opp pensjonssaka til vurdering. Gjer ikkje kommunane det, er det fastslått at pensjonsordninga er ei heilag ku, avsluttar økonomisjefen i Fyresdal.