I juni vedtok Fyresdal kommunestyre å bruke 4,2 millionar kroner på å kjøpe to bygg, maskiner, inventar og varelager på ei næringstomt på Molandsmoen. Nå kjøper kommunen aksjar i eit selskap som skal få ny drift på staden.
I juni vedtok Fyresdal kommunestyre å bruke 4,2 millionar kroner på å kjøpe to bygg, maskiner, inventar og varelager på ei næringstomt på Molandsmoen. Nå kjøper kommunen aksjar i eit selskap som skal få ny drift på staden.

Kommunale aksjar i nytt selskap

I tillegg til at Fyresdal kommune i juni kjøpte eit næringsbygg på Molandsmoen, har kommunestyret nå sagt ja til å bruke pengar på aksjekjøp.

Eit samrøystes kommunestyre i Fyresdal har sagt ja til at kommunen er med på å etablere eit nytt selskap for drift i IKM-bygget med tilstøytande bygg på industriområdet Molandsmoen. Fyresdal går inn med maksimalt 25 000 kroner frå næringsfondet som aksjekapital.

Ordføraren får fullmakt til å stifte selskapet og er kommunens representant i styret, som konstituerer seg sjølv.

Artikkelen held fram under annonsen.

For å få ny aktivitet i IKM-bygget som Fyresdal kommune nå er eigar av, er det vurdert som nødvendig å stifte eit driftsselskap, samansett av investorar og kompetanse. I saksutgreiinga til politikarane skriv rådmannen at eit selskap under etablering vil også kunne vere ein søkjar i verkemiddelapparat som Innovasjon Noreg (lån og tilskot), og andre fond der ein kan søkje om tilskot.

Fyresdal kommune har ikkje som vane å gå inn som aksjonær i selskap, men har gjort det i Telemarkrøye AS.

Styret for omstillingsarbeidet i Fyresdal har leigd inn ein konsulent ut året som heile tida jobbar med å få til ny verksemd i IKM-bygget. Fyrst og fremst er det monteringsarbeid som er tenkt der, komponentar som er lette å flytte på. Det er også kontaktar som kan vere aktuelle for maskinering.

Det blir nå arbeidd med det juridiske for å sikre gode avtaler i høve til at produksjon både på kort og lang sikt blir lagt til Fyresdal.