Fylkesvarordførar Lars Bjaadal hadde gjerne sett at krisepakka hadde pengar til auka vegsatsing i Vest-Telemark.
Fylkesvarordførar Lars Bjaadal hadde gjerne sett at krisepakka hadde pengar til auka vegsatsing i Vest-Telemark.

Kommunane får 13 millionar kroner ekstra

Kommunane i Vest-Telemark får om lag 13 millionar kroner i auka overføringar for 2009 i samband med krisepakka regjeringa la fram i går. Fylkesvaraordførar Lars Bjaadal er litt vonbroten for at det ikkje vert meir pengar til vegarbeid i regionen utanom 15 millionar kroner til asfaltering på E 134.

Målet med tiltaka i krisepakka er å skape aktivitet i offentleg og privat sektor for å sikre arbeidsplassar og skape nye. Regjeringa kanaliserer difor dei økonomiske midlane på mindre prosjekt som kan kome i gang raskt og skape sysselsetjing.

Av dei 13 millionane kommunane i Vest-Telemark får ekstra, er om lag 9,5 millionar øyremerkte vedlikehald av kommunale bygg. Her er det eit stort vedlikehaldsetterslep i alle kommunane. Regjeringa har delt ut dei ekstraordinære vedlikehaldsmidlane i høve til folketal.

Artikkelen held fram under annonsen.

Av den kommunale potten er nesten 3,5 millionar såkalla frie midlar, men styresmaktene føreset at også desse pengane går til prosjekt som styrkar sysselsettinga.

I tillegg får Vest-Telemark-kommunane til saman over 3,6 millionar kroner i auka skattekompensasjonsmidlar for å dekke opp forventa svikt i skatteinntektene i 2009. Grunna aukande arbeidsløyse og usikre økonomiske tider har regjeringa valt å nedjustere anslaget for kommunesektorens skatteinntekter.

Vedlikehaldsetterslep

Oppussing av skular, bygging av sjukeheimsplassar og vedlikehald av vegar kjem for både å få folk i arbeid og løyse viktige fellesoppgåver. I krisepakka legg elles regjeringa til rette for auka satsing på energiøkonomisering og fornybar energi. Dessutan får NAV midlar til oppretting av fleire tiltakspakker, og verksemdene får støtte til omstilling og tilgang til kapital.

I Vest-Telemark er det fleire større byggjeprosjekt under planlegging med ny fleirbrukshall i Kviteseid og nytt museumsbygg ved Vest-Telemark Museum (VTM) i Eidsborg. Krisepakka inneheld ein auke på landsbasis på 250 millionar kroner til idrettsanlegg, 400 millionar til vedlikehald og kyrkjebygg, og 70 millionar meir i potten til regionale kulturbygg. Ekstraløyvinga gjer det mogleg å få byrje byggjearbeida både i Eidsborg og i Kviteseid i år.

Jernbane og veg

I Telemark kjem det øyremerkte midlar til å framskuve planlegginga av Eidangertunnelen. Her er det snakk om 30 millionar kroner ekstra pluss 21 ekstra millionar til vedlikehaldet av jernbanelinene i fylket.

På vegsektoren kjem det 40 millionar kroner til vegprosjektet på E 18 mellom Sky ved Larvik og Langangen i Porsgrunn. Her skal det byggjast 9,5 kilometer firefelts veg. Arbeidet skal starte til hausten.

31,5 millionar kroner er sett av til gang- og sykkelvegar i fylket, men regjeringa kanaliserer ikkje nokon av desse millionane til Vest-Telemark.

Einaste vegløyvinga til regionen vert omlag 15 millionar kroner til asfaltering av E 134 på strekninga frå Morgedal til Grønliheia.

Artikkelen held fram under annonsen.

Restaurering og ombygging av ei hytte i Vinje knytt til villreinsenteret på Skinnarbu, er det einaste øyremerkte kulturminneprosjektet i regjeringas krisepakke.

I tillegg får Telemark fylkeskommune 42,8 millionar kroner i auka overføringar frå staten, og 6,6 millionar kroner i skattekompensasjon.

– Hadde ynskt større vegsatsing

Fylkesvaraordførar Lars Bjaadal (Sp) er glad for at både fylkeskommunen og kommunane no vert sett i stand til å gjere eit krafttak i vedlikehald av mellom anna bygningar. Men han hadde ynskt midlar i krisepakka til fleire vegprosjekt i Vest-Telemark.

Totalt sett meiner likevel Lars Bjaadal at ein kjem bra ut i Telemark med omsyn til friske pengar, og at tiltaka frå regjeringa gjer det lettare å halde oppe sysselsettinga i mange bransjar.

– Eg hadde gjerne sett at Vest-Telemark hadde fått øyremerkte midlar til nokre viktige vegprosjekt. Me har argumentert for midlar til vidare arbeid på riksvegen gjennom Fyresdal, og til utbetringar på vegen langs Nisser. No får me 15 millionar kroner til asfaltering på E 134 frå Morgedal til Grønliheia, og eg er glad for at dette arbeidet no vert utført, seier fylkesvaraordføraren.

– Kva med tunnelen Århus-Gvammen?

– Dette er eit svært vegprosjekt kostnadsrekna til mest ein milliard kroner, og eg var klar over at dette prosjektet var for omfattande til å kome med i krisepakka. No må me syte for at han kjem med i NTP, og då i første planperiode, seier Lars Bjaadal, som elles er glad for at det er øyremerkte midlar til auka satsingar på lærlingplassar. Regjeringa vil auke fylkeskommunanes ramme til lærlingtilskot med 185 millionar kroner.

Regionordføraren nøgd med krisepakka

Regionordførar Olav Urbø seier han totalt sett er nøgd med innhaldet i krisepakka sett med Vest-Telemark-auge. Han ser på styrkinga av kommuneøkonomien og satsinga på grøn energi som gledelege tiltak.

Artikkelen held fram under annonsen.

Olav Urbø seier at midlar til asfalteringa av 18,4 kilometer på E 134 i Vest-Telemark som svært etterlengta, medan han ikkje hadde venta store midlar til andre vegprosjekt.

– Innrettinga på krisepakka er å skaffe pengar til prosjekt som kan realiserast lynkjapt. I ein slik samanheng er Årshus-Gvammen altfor stort, men bør ha ein god sjanse til å stå høgt på lista i komande NTP som kjem om ein månads tid, seier Urbø.

Regionordføraren vonar det kan kome nokre kroner til Vest-Telemark frå potten til trafikksikringstiltak og bygging av gang- og sykkelvegar. Her er det fleire prosjekt i regionen.

Elles peiker han på at no får endeleg kommunane sjanse til å ta att noko av det store vedlikehaldsetterslepet på den kommunale bygningsmassen. Her manglar det ikkje oppgåver, og arbeidet kan kome i gang raskt og gje god sysselsettingseffekt.

– Krisepakka er også målretta på skattelette ved at verksemdene kan føre attende overskot frå tidlegare år om drifta no går med underskot. Det vil ha god effekt for næringslivet også i Vest-Telemark, og tilføre meir likviditet, seier Olav Urbø.

Trur framleis på nytt museumsbygg

Regjeringa aukar rammeløyvinga til regionale kulturbygg med 70 millionar kroner. Det gjev konservator Dag Rorgemoen von om at dei kan setje spaden i jorda til hausten for nytt museumsbygg ved Vest-Telemark Museum i Eidsborg.

Dag Rorgemoen fortel at han ikkje har gjeve opp å få løyving til nytt museumsbygg frå staten. Innan 1. februar får Kulturdepartementet ein fornya søknad frå VTM, der føresetnaden er at departementet kjem med 24,6 millionar kroner i tilskot.

– No jobbar me på spreng med å få avklart finansieringa fylkeskommunen og Tokke kommune skal inn med. Det er høvesvis 16 millionar kroner og 9,5 millionar kroner. Departementet krev ei forpliktande finansieringstilsegn frå dei andre finansieringskjeldene. Dette må på plass raskt, fortel Dag Rorgemoen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Konservatoren seier han absolutt er optimist med omsyn til realiseringa av nytt museumsbygg etter å ha lese regjeringas krisepakke. Byggjeplanane har kome så langt at dei kan realiserast på stutt tid. Det er i tråd med styresmaktenes mål.

– Eg er litt skuffa over at kulturbygg ikkje kjem inn under ordninga med rentekompensasjon. Det er berre skulebygg, kyrkjer og symjehallar som får denne kompensasjonen, seier Dag Rorgemoen.