Kommunane får auka råderett
Råderetten over 230 millionar kroner til skogmidlar og miljøtiltak blir frå nyttår flytta frå sentralt hald til kommunane. På same tid blir det opna for å gje tilskot til ungskogpleie. Kommunane må sjølve ta tak i eigne utfordringar. Dei mest aktive kommunane vil få mest pengar, seier landbruksminister Lars Sponheim. Inge Fjalestad, næringspolitisk sjef i Norges Skogeierforbund, ser det som positivt at det må inn eit lokalt engasjement for å få mest mogleg av pengepotten. Det gjeld for kommunane å vere oppegåande, seier han.
Frå 2004 blir forvaltinga av 230 millionar kroner i skogbrukstilskot og miljøretta verkemidlar lagt til kommunane. Det blir opna for å gje tilskot til ungskogpleie og andre nærings- og miljøtiltak. Døme er pengar til kulturlandskap, verneverdige bygningar, skogbruksplanar og bygging av skogsvegar.
I den nye tilskotsordninga i skogbruket blir det opna for å gje pengar til ungskogpleie og andre kvalitetsfremjande tiltak. Dette blir gjort både for å stimulere til kvalitetsskog og som eit ledd i ein kulturlandskapspolitikk for å hindre gjengroing. Kommunane må sjølve ta tak i dei utfordringane dei ser. Me gjev dei nå ei rekkje nye verkemiddel, og me gjev pengar til å få gjort jobben. Råderetten over 230 millionar kroner blir flytta frå staten til kommunane. Dei kommunane som er mest aktive vil få mest pengar, seier landbruksminister Lars Sponheim.
Artikkelen held fram under annonsen.
Positiv kamp
På same tid som styringa av skogmidlane blir overført frå Fylkesmannen til kommunane, vil midlane bli gjeve direkte over statsbudsjettet. I dag inngår desse midlane i jordbruksavtala.
Kommunane må ha plan over bruken av midlane. Her gjeld det å ha samarbeid i eigen kommune får å sikre seg mest mogleg av den statlege potten.
Det blir ein positiv kamp når det blir viktig for kommunane å ha ein god plan. Det gjeld for kommunane å vere oppegåande. Skogeigarorganisasjonen ser det som positivt at det må inn eit lokalt engasjement for å få mest mogleg pengar, seier Inge Fjalestad, næringspolitisk sjef i Norges Skogeierforbund.
Men han er engsteleg for at den nye ordninga er ein måte Regjeringa fråskriv seg ansvar på.
Potten til skogmidlar har ikkje blitt større, men det er i tillegg opna for å gje tilskot til ungskogpleie. Dette er ein måte frå Sponheim å glatte over kritikken mot avviklinga av tilskotsordninga til skogkulturtiltak, meiner Fjalestad.
Hadde ynskt fleire pengar
Han meiner fordelen med den nye ordninga er å få lokale løysingar på eit område fylket har hatt regien for fram til nå.
Det er positivt at forvaltinga av skogmidlane kjem ned på lokalt plan, avsluttar han.
Christian Ramberg, styreleiar i Agder-Telemark Skogeierforening (AT-Skog), hadde ynskt å få tilført fleire pengar når forvaltinga nå blir flytta ned i kommunane.
Artikkelen held fram under annonsen.
Men eg ser endringa som positiv og håpar ho skapar meir engasjement i skognæringa. Det er heilt klart at skogeigarlaga må engasjere seg og seie kva dei vil bruke midlane til. Til meir aktive skogeigarane er, til meir får dei att på område dei prioriterer, seier Ramberg.